Varangertankar har flytta
Varangertankar har tatt steget ut i verda.
Og flytta bort frå Sprayblogg.
Ny adresse er varangertankar.blogspot.com.
Håpar likevel å halda kontakten på den nye nettstaden med alle dykk som eg har hatt slikt fint samkvem med.
Lev vel, alle saman...
Farleg å bli sjuk

Så blei eg skikkeleg sjuk til slutt. Vondt i hovudet og liggjande på sofaen heile dagen i går og gapa etter luft.
Alt medan sola skein så vakkert der ute.
og ingen kan bli så sjuke som oss mannfolk! Det veit vel dei fleste. Prøvde å skaffa meg sympati alle stader kor det var mogleg, når eg var bevisst nok.
Sendte ut sms-ar og liknande med,
-Åååååhhh, eg er så sjuuuuuuk.......
Hadde så lyst til å få servert saft på sofaen og slikt. Og at nokon kjente på panna mi og sa;
-Næ, men så varm og sjuk du er.
Og eg kunne svara;
-Jaaaa....har veldig vondt der....og treng litt meir saft.
Har vore heime i dag òg. Litt betre og litt meir oppegåande (det hjalp nok med den safta). Nok til å slå på pc-en innimellom hostekulene.
Og då skjedde det som er mest farleg med sjukdommen.
Eg byrja å surfa etter nettbutikkar.
CD-On hadde sendt meg ein epost og uttrykt uro over at det var lenge sidan eg hadde handla der. Så dei ville gi meg rabatt på 50 kroner viss eg kjøpte plater igjen.
Oppdaga vidare noko som heiter "netthandelen.no", der ein kan gi bud på alt mogleg nyttig og unyttig.
Og før eg visste ordet av det, var eg blitt ny eigar av tre pc-kablar, fire cd-ar av Deep Purple, ein ny bilstereo og ein Martinez, klassisk gitar. Og eg som ikkje kan spela gitar ein gong!
På tide å byrja på jobb igjen.
Moderne marknad

I dag har eg vore parkeringsvakt. Takka vera idrettsinteressa til sonen min. Han gleder seg over idrettsprestasjonar. Eg jobbar for idrettslaget, så det kan tena pengar. Blant anna ved at foreldra er parkeringsvakt utanfor ei messe.
Føler ikkje det er meg å vera parkeringsvakt. Men må eg så må eg.
Gjekk rundt med walkie talkie og ein gul refleksvest og viste folk kor dei kunne parkera.
Hepp!

Inne i Varangerhallen hadde byens næringsliv flytta varene sine for anledningen. Nokre unge jenter underhaldt med dans.
Masse folk.
Det er den moderne formen for marknad. Sikkert litt likt slik det var for lenge sidan ved Bossekop og andre stader.
Då folk kom til marknaden like mykje for å sjå, som å handla. Treffa folk.
Eg kjøpte ei flaske krøkebærjuice av ein kar frå Porsanger. Krøkebær skal vera veldig sunt og helbredande. Han var veldig overbevisande som selgar. Litt lenger borte var det ein som eg kjøpte røykt elghjerte av. Passa godt til grauten i ettermiddag.
Så traff eg ein kar her, og ei kvinne der. Prata litt om stort og smått. Så kikka eg litt på nokre nye, fine bilar. Kjem ikkje til å kjøpa. Men kjekt å sjå. Og så såg eg på endå fleire boder.
Så slik gjekk nå den dagen.
Gamle vanar er vonde...

Har ei utveksling av "gode", gamle slagarar med Blixern og andre i "chat-boardet"(bra ord) til høgre på sida mi. Me plagar kvarandre med slike sangar som aldri går ut av hjernen når den først har satt seg. Uansett kor mykje me hatar dei.
Her i Finnmark har eg inntrykk av at ein del folk er ekstra konservative innan musikksmaken.
I lokalradioen var det fast som stein at ønskeplatene bestod av Sissel Kyrkjebø, Sputnik og "Stakkars meg som har fylt 40" av 3 Busserulls. Den siste kom kvar einaste gong som helsing til nettopp ein stakkar som hadde fylt 40.
Det verste var å vera programleiar i radioen, og seia for hundreogørtogfjørtiande gong, med lett anstrengt, men yndig stemme;
-Å ønskeplata e Sputnik, med "nå vil jeg skilles, Johanne". Sett i gang!
Har av og til lurt på om musikkunnskapen avgrensa seg til dei tre artistane. Eller at folk ikkje hadde behov for å vita om fleire.
Det er som når me går på utestaden Opticom, kjem bort til baren der dei etterkvart har opparbeidd seg ei svært avansert menyliste over drinkar. Flasker i alle slags fargar står oppstilte i hyllene. Bartenderen står spent og ventar på å visa kor god han er til å miksa drinkar.
Og alt me klarer å sei, er;
-Eg skal ha eineee......................øl.....
For det første er det vanskeleg å vita namnet på alle paraplyane. For det andre så stokkar det seg når me brått skal velga mellom veldig mange variantar.
Då havnar me som regel på øl uansett.
Tilbake til musikken.
Det er visse sjangrar som aldri døyr ut her.
Var ein gong med og spelte til dans ute ved Havøysund. Me tenkte me skulle spela litt forskjellig. Men kvar gong me prøvde oss, kom det kjapt frå dansarane;
-Nei, nei! Spell sakte sweng!
Og me spelte sakte swing. Utpå natta tenkte me at det kunne vera mogleg å prøva seg igjen, men....
-NEI, NEI!!!! SPELL SAKTE SWENG!!!
Viss nokon har fleire plagsomme "fekk den på hjernen-låtar", er det berre å hiva seg på i chatten.
Blodrødt

Det er kanskje ein fare for overfokus på utsikten min. Men klarer ikkje å la vera. Så her er ettermiddagens fargar.
Samefolkets Dag

I dag, 6. februar er Samefolkets Dag. Enkelte historielause kallar den "Samenes Nasjonaldag", sjølv om det ikkje er ein nasjon som blir feira, men eit folk busett i hovudsakleg fire nasjonar.
Det ser ut til å vera lite markering av dagen her i landet.
I Vadsø har skulane heist det samiske flagget. Blant anna ved Melkevarden Skole. Og i morgon blir det ei markering blant elevane.
Men elles ser det ut til at dagen i stor grad blir fortia av den norske majoriteten.
Vadsø er sjølve fornorsknings-bastionen i Noreg. Norsk statsadministrasjon, norskspråkleg radiokringkastar, alt blei plassert her for å stå stå imot det unorske. Fornorskninga har gått ut over både kvænske innvandrarar og samar. Samiske stadnamn blei erstatta med rare, norske oversetjingar. Samisk språk nestan utrydda.
Fornorskninga skapte haldningar blant befolkninga som har grodd langt, langt ned i jorda.
Kanskje difor at ei skikkeleg samisk feiring sit så langt inne.
Mobilt delirium

Er heilt i ørska. Kjenner kaldsvetten. Kroppen ristar. Skikkeleg delirium.
Mobiltelefonen virkar nemleg ikkje.
Kjøpte den for eit år og to månader sidan. Garantien har akkurat gått ut.
Grrrr...
Ein knapp fungerer ikkje. Prøvde å skrua mobilen opp og rensa den sjølv, men nei.
Grrrr....
Fekk låna ein gammal Motorola mobiltelefon. Men batteriet på den er utlada. Lånaren fann ikkje ladaren. Og ingen butikkar har ladar til Motorola.
Grrrrr......
Har levert min eigen mobil på ein butikk. Men reparatøren måtte brått til Vardø og fekk ikkje tid til å sjå på den før helga.
Grrrr....
Dessutan er det sikkert ein feil som ikkje kan ordnast her. Slik at den sannsynlegvis må sendast sørover. Det tar lang tid. Og det kostar omtrent like mykje som å kjøpa ein ny mobil.
............
Det heile er bedritent. Me har kome inn i ein evig spiral av innkjøp av elektroniske dupedittar. Det går berre eit år, kanskje mindre, så må me kjøpa ein ny dupeditt. Som skal gjera det lettare å bruka ein annan dupeditt. Eller fordi den gamle (!) dupeditten ikkje har dei nye finessane som me berre må ha. Eller fordi den gamle dupeditten ikkje virkar lenger. Like etter at garantien har gått ut.
Huset mitt er fullt av slikt. Digitalt kamera. mp3-spelar. MD opptakar. USB pinne. Kortlesar. To stasjonære pc-ar. Bærbar pc. Mobiltelefonar. Loftet mitt er fullt av mobiltelefonar som ikkje virkar lenger. Og forresten to andre, pc-ar som heller ikkje virkar lenger. Reine elektroniske kyrkjegarden.
Og heile tida surfar eg etter siste nytt om nye dingsar som kunne vore kjekt å ha.
Og. Heile tida er det noko nytt som ikkje virkar. Har ein ny, stasjonær pc som ennå ikkje fungerer skikkeleg. Må berre kjøpa noko meir til den, så....
Eit evig jag.
Har fem epostadresser. Etterkvart fleire heimesider. Sit kvar dag og sjekkar og sjekkar innkomne epostar, folk som har skreve seg inn i gjestebøker, kommentert bloggen...
Og, og..... nå er eg berre heilt hjelpelaus utan den mobilen! Folk får ikkje tak i meg! Eg har ein masse avtalar i kalenderen som eg aldri vil klara å hugsa. Ikkje har eg vekkerklokke heller lenger så eg kjem meg opp om morgonen.
Sit her i dag og synkroniserer Yahoo mail med Microsoft Outlook. Som frå før er synkronisert med mobiltelefonen. Det skal liksom gjera livet mitt enklare. Sit og tullar og brukar ein masse tid på det. Og så virkar jo ikkje telefonen ein gong!
Kva er det eigentleg eg driv på med???
Sonen min, derimot. Han er sunn og frisk og er med på eit skirenn nå.
Medan eg sit her og sutrar i bloggen.
Må koma meg ut i frisk luft og sjå på det skirennet.
Nå.
Og jula varer over påske

-Å, ja. Du feire jul ennå?
Det var nok eit av desse meir krevjande spørsmåla som blei stilt meg ein dag.
Det har seg nemleg slik at eg kan vera temmeleg treg. Det kan gå langt ut i desember før eg endeleg får opp den julestjerna. Og når ho først er oppe, så kan det gå lang tid før ho blir tatt ned igjen.
Så ho heng der like så godt ennå.
Dette forvirrar og uroar ein del vadsøværingar.
Det blir eit forstyrrande element i kvardagen deira.
Møter stadig nokon som halvvegs spør og konstaterer at ho heng der og lyser fred over byen.
Trudde eigentleg at folk flest var blitt vante med at eg kan gjera litt rare og uvante ting.
Men ein gong over påske blir ho nok tatt ned.....Eller eigentleg er det jo ingen vits. For då er det jo snart ei ny jul.
Vind og frostrøyk

Har dreve med favorittsysselen min i dag. Laurdags føremiddag. Stått med kaffekoppen og sett ut vindauget. I dag er det klart vær, kaldt og vind. Det plystrar rundt veggene. Frostrøyken står tett ute i fjorden.
Og helgefreden har senka seg.
Seinare i helga har eg tenkt å klippa av alle telefon og straumledningane rundt omkring. Dei står i vegen!

Nærbutikk med sjel

-Nå, du e lærer ennå?
Spørsmålet kom frå innehavaren av nærbutikken, etter at varene hadde passert kjøpedisken og pengane var levert.
Det var eit av dei meir krevjande spørsmåla ein kan få. Meir enn "Nå, ka du si`r", eller "nå, ka?"
Spørsmålet i butikken krevde eit meir utfyllande svar.
Så eg svarte at;
-jo, eg er jo det, ja.
Og såg samstundes at det låg noko meir på lur, der han smilte litt bakom barten.
-Ja, e du lærer i matematikk også?
Augene våre møttest straks i eit felles "he-he-he-he".
-Nei, svara eg.
-Viss eg hadde vore lærar i matematikk, så hadde resultatet av den nasjonale mattetesten blant elevane blitt dratt fullstendig ned i botnen, og aldri kome seg opp igjen.
-Sier du det, ja. He-he-he-he.
Så var det å snakka litt om korleis det er å vera lærar. Og litt om skuleverket. Og litt anna forskjellig. Innan eg pakka saman varene og me ynskte kvarandre ein god kveld.
Eg er faktisk veldig glad for å ha ein slik nærbutikk. Det er veldig fint å kunna spasera bort og kjøpa frukostvarer ein laurdags morgon.
Og det er sosialt.
Butikken står ikkje øvst på listene over forretningar med dei billegaste prisane. Datoen på varene er visst ikkje alltid så oppdaterte heller, ifølgje enkelte undersøkingar.
Men her møter ein ikkje det monotone "hei", og "ha en god dag" med den opplærte, litt dvaske blikkontakten.
Denne forretningen køyrer varer ut til gamle pensjonistar lenger ute ved kysten. Dei hjelper til med å partera kjøtt og fisk for ein liten slant. Eller å fortelja om kor det er fersk fisk å få tak i.
Det er mogleg at "det enkle ofte er det beste". Men viktigast er det å ha sjel. Butikksjel.
Sola er her!

Det er så vanvittig godt!
Brått var ho der. Skulle ha vist seg på måndag. Men eit tett skylag hindra det. Inntil i dag, då det letta litt i horisonten.
Ungane på skulen har venta og venta. Kikka ut vindauget. Venta på å få ha solfest. Få syngja solsangen. Eta solboller. Men bollene og festen måtte venta, sidan ho gøymde seg så godt.
Og så, i dag, laurdag, var ho der. så nå blir det snart fest.
Brukte opp eit minnekort omtrent i kameraet. Stod etterpå andektig med kaffekoppen og berre såg.
Inntil nye skylag glei forbi og sola til slutt seig ned bakom fjellet.
Kjente brått kor eg har savna henne. Og kor godt det var å få henne tilbake.



Snømåking og motorar

Før snømåking...
Det har storma mykje i det siste. Mest i den virtuelle verda. Ikkje så mykje ute. Tenkte eg skulle avreagera med litt snømåking.
Så langt i år har det vore lite å måka. Tidlegare vintrar noko heilt anna. Opptil to meter med snø å fjerna frå den lange oppkjørselen. Og når alt var gjort, bles Kong Vinter to nye metrar. Kunne halda på ein heil kveld og vakna om morgonen, kikka ut og oppdaga at alt arbeidet hadde vore til ingen nytte.
Det er nestan så det er litt kjedeleg i år.
Må elles vedgå at eg har prøvd å vera ganske idealistisk. Skulle i mange år på død og liv ta den snømåkinga med eiga muskelkraft. Og slett ikkje ved hjelp av noko forbrenningsmotor.
Medan det kvein i snøfresarar overalt i nabolaget, stod eg og svetta med muskelkrafta mi.
Verst var det å sjå næraste naboen som brukte ein diger brøyt til å rydda bort alt fint og flott på to minutt. Medan eg reiv og sleit i mange timar.
Og neste dag: To nye metrar med snø . Berre i min oppkjørsel.
Så ga eg opp måkinga. Og kom meg ikkje ut med bilen. Trakka berre ein smal sti ned til vegen.
-Det var jo like greit, tenkte eg.
-Bil er noko oppskrytte greier. Best å bruka sparken.
På den tida måtte sønnen min transporterast til ein skule, fem kilometer unna.
Så han fekk sitja på sparken.
Oppdaga kjapt at det den morgonen låg 30 cm med våt snø på vegane som ennå ikkje var rydda bort. Eg hadde dårleg tid til jobben. Og ei altfor varm jakke.
Då eg hadde kome halvvegs og det var 10 minutt igjen til jobben starta, kunne andre foreldre i bilane sine sjå eit illraudt andlet over ei tjukk, grå jakke som stampa febrilsk i den tunge snøen. Med ein blid, liten guttunge framfor seg.
På ettermiddagen ringte eg naboen.
-Du, eeee,...kunne ikkje tenkja deg å måka oppkjørselen min òg med brøyten din?

...og etter...
Opprør blant bloggarar
Det er eit aldri så lite opprør blant bloggarar i Sprayblogg.
Årsaka er at Sprayblogg brått blir endra frå gratistilbod til betalteneste. Me som skriv må altså enten betala for vår eigen skriving, eller godta ein gratisversjon som er dårlegare enn det som har vore gratis før (reduksjon frå 10 til 5 megabyte og ingen moglegheiter til personlege endringar av layout).
Dette irriterer mange bloggarar, og det blir trua med å flytta bloggane til ein ny nettstad. På Sprayblogg sitt eige diskusjonsforum og i forskjellige bloggar er det ein del heftige diskusjonar om dette nå (Sjå blant anna "hjemmeside med dagbok" og "klage til Sprayblogg").
Blogging, eller weblogging er ganske likt det å skriva på ei heimeside. Forskjellen er at det er lettare å leggja inn tekst og bilete på ei ferdig tilrettelagt side. Og kven som helst kan skriva kommentarar til artiklane. Det har blitt ei offentleg nettdagbok der det står alt mogleg som kvar og ein måtte ha lyst til å formidla.
Sprayblogg er ein av mange som har tilbudt eigne, gratis nettsider til alle skriveglade, men er nå ein av dei som har gjort gratistilbodet dårlegare.
Dette er ein velkjent metode blant mange dataselskap. Å først lansera ei gratisteneste. Så, når programmet er godt i bruk, blir det krevd pengar, medan gratisversjonen blir dårlegare og vanskelegare å bruka. Programmet skaper rutinar blant brukarane, som inneber at dei føler seg tvungen til å betala.
Og viss me nettbrukarar ikkje passar på, er det til slutt veldig mykje av dataaktiviteten vår som kostar pengar.
Bloggarar er blitt kalla "Den femte statsmakt". Amerikanske bloggarar sine diskusjonar under presidentvalet skal vera eit eksempel på det.
Det føles vel svært å definera oss som ei statsmakt, når eg ser på små betraktningar i forskjellige bloggar over våre små liv.
Men blogging har blitt ein fantastisk kanal for skrive og formidlings-glede. Bloggarane skriv av hjertens lyst, les andre sine bloggar, kommenterer andre sine artiklar, gir kvarandre gode råd, skaper sitt eige fellesskap og brukar elles mykje tid på fargar, bilete og utsjånad av eigen blogg.
Og bloggarane blir berre fleire og fleire.
Så kanskje det er på tide at bloggarane organiserer seg i sin eigen interesseorganisasjon? Når me står samla, blir me, om ikkje ei femte statsmakt, så i alle fall ei gruppe med tyngde.
Parolen vår burde bli;
-Ja til gratis blogging av det frie ord.
og;
-"Bloggere i alle land, foren dere!"
På skitur i månelys

Er litt treg. Og det lønnar seg ikkje når dagslyset er temmeleg kort. Men å gå til fjells på ski i månelys er heller ikkje å forakta. Slik det var i ettermiddag. Har hatt ein tur på ski tidlegare i vinter. Då var det endå mørkare. Så denne gongen våga eg meg endå eit stykke lenger innover.
Fjellet nord for Vadsø er flatt. Berre ein lett stigning etterkvart som ein går innover. Så dermed kan ein sjå fjorden bak seg heile vegen. Og fjellet, det drar deg. Innover og innover. Enten det er lyst eller mørkt. Og i mørket er det ekstra trolsk å vera der.

Lyst i sør og i nord

Det går mot lysare tider. Om ikkje så lenge vil sola visa seg igjen. Det varer ikkje så lenge, dette lyset. Ennå. Men det er godt å sjå at det blir, ja...lysare. Relativt sett.
Sit her på laurdags føremiddag og kikkar ut. På alle skorsteinane til naboane som det ryk varmt og godt ut av. Naboane, som sikkert òg sit inne og kosar seg med lun vedfyring og som kikkar ut på lyset.
Ei kråke ser òg ut til å kosa seg. Sånn relativt sett.

Vel så fint er det å sjå mot nord, der himmelen speglar seg i lyset frå sør. På klare, fine dagar som i dag skin det i blått og rosa.
Litt meir snø har det kome òg. Det gir lyster. Som å gå på ski. Skli innover fjellet. Mot nord.

Og snart er sola tilbake.

Nå, ka du si`r?
-Når nån voksne spørr, "nå, ka du si`r?" Ka man ska svare da??
Spørsmålet kom frå sonen min ein gong.
Og eg, som berre er ein skarve vestlending, var ute av stand til å svara på eit så komplisert spørsmål.
Har sjølv hatt problem med å svara når dette spørsmålet kjem. Og det kjem i grunnen ganske ofte, frå folk flest i Vadsø.
Så eg har lært meg eit standardsvar, som "nei, eg seier nå i grunnen minst mogleg", eller noko slikt.
Henriksen-brødrene frå Vadsø/Kirkenes (mest Kirkenes) har i boka "Ka du sir til godt" ei utførleg handsaming av dette og andre, finnmarkske uttrykk og særtrekk.
Som;
-Ka dåkker ålle med?
-Jo, vi hold nu på med ei bok.
-Javel, ja.
Lenger ute ved kysten er spørsmålet endå meir skoren inn til beinet, som;
-Nå, ka?
Og svaret kan vera berre eit,
-Nææææiii......
Og så ferdig med den saken.
Så slik går nå dagane.
Fakkeltog

I dag blei det arrangert fakkeltog i Vadsø til minne om flaumkatastrofen. Ein del kom, kjøpte ein fakkel og deltok i toget.
Idrettslaga i byen stod for arrangementet.
I kveld blir det arrangert ein støttekonsert på Boksen med lokale artistar.
Det er stor avstand mellom Vadsø og Asia. Men ikkje større enn at katastrofen har gjort inntrykk.
Store steg

Nokre gonger i livet har eg tatt slike store steg.
Som den gong eg berre bestemte meg for å reisa frå Vestlandet og nordover til Vadsø.
Og den gong eg sa opp jobben, tok meg ny utdanning og fekk meg ein heilt ny, type jobb.
I dag har tatt eit nytt, slikt stort steg.
Eg har nemleg kjøpt meg ny badevekt!
Den gamle vekta er mildt sagt sliten, etter eit langt liv. Noko særleg nøyaktig på vekta er den heller ikkje. Eit avvik på mellom fem og ti kilo, trur eg.
Så då var det på tide å skifta den ut.
Har kjøpt ei slik moderne, digital. På nærbutikken til Gunnar. Den skin så fint i glas og greier.
Så var det å testa vekta mi, då, på den nye, digitale...........å, fytti, h..................
Heime igjen

Er heime i kvardagen igjen. Litt lang ferie gir farlege lyster. Som å ha ferie resten av livet.
Kom til Kirkenes seint søndags natt. Køyrde rundt fjorden til Vadsø. Heime på morgonkvisten.
Vel heime kom skrivelysta tilbake. Fekk ordna ein del i teksten og omsider lagt inn ein del bilete frå turen til Berlin.
Og oppdaga først etter tilbakekomsten kor ufatteleg den flaumkatastrofen i Asia er. På Gardermoen stod politi og helsepersonale klare til å ta imot dei som kom frå verdsdelen. Kjøpte Dagbladet der bilete av ein av dei enorme bølgene skreik mot meg.
Det var det første innehavaren i nærbutikken i Ytrebyen i Vadsø snakka om, då eg kom inn der, neste dag. Han rista på hovudet over tragedien.
I Vadsø blir det elles ein støttekonsert med diverse artistar nå i helga.
Ser korleis det pregar ein god del folk her.
Så nådde vi bunnen...

...igjen går det oppad, igjen går det fremad mot lys og mot sol."

Sommerfuggel i vinterland

Sjeldan har vel den sangen passa betre enn i dag!
Blei nestan religiøs då eg såg nå nettopp kva som stod på vindaugskarmen ute på kjøkkenet. Ein sommarfugl!
Kor den kom frå forstår eg fint lite av. Den berre stod der brått.
Og den var levande! Rørte så vidt på vengene.
Men like etter at eg fekk tatt eit bilete, ramla den over på sida.
Dette må vera eit teikn...
promp og prakt
Og 7-åringen glei rett inn i mannsmiljøet her.
Han demonstrerte nemleg at han hadde lært å prompa med neven under armen. Og med neven under kneet.
Fekk det demonstrert opptil fleire gonger.
Godt gjort!
I kveld skal eg på ein middag med nokre familiefolk.
Trur det blir ein pause i prompelydar ei stund...
Ferie!

Jepp!
Den har starta nå! og varer heilt til over nyttår. Er jo i den heldige situasjon å ha noko meir ferie enn andre yrkesgrupper.
Og det er ikkje eit minutt for mykje.
Føler eg har gjennomgått ein ekstra hard maraton. Og avslutta ved å krypa dei siste fem kilometrane.
Kjenner meg altså temmeleg utslitt. Det er så mykje som må på plass før ferien startar.
Men nå er den endeleg der.
Tid til å lada batteria. Bli klar til å vera på hugget igjen til neste år.
Kjem til å liggja ei god stund på denne sofaen nå...
Fleirkulturelle islykter

Er lærar. Og hadde kveldsskule med mine 10 år gamle elevar denne veka. Den blei brukt til å laga is og snølykter til dei som bur på asylmottaket.
Nokre av asylsøkarane kom ut og var med og bygde lyktene.
Islyktene bygde me ved hjelp av frossen vatn i melkekartongar, tilsatt farge. Og frossen vatn i bøtter, kor ein tømmer ut vatn inni som ikkje har frose, og set oppi telys.
Snølykter kjenner vel dei fleste til. Snøballar bygd oppå kvarandre og lys inni.
Etterpå fekk ungane omvisning inne på asylmottaket, servering av kaker og anledning til å gi teikningar. Fleire av asylsøkarane er svært kunstnarlege og lærte ungane teikneteknikk og diverse ting som kan lagast av plastilina.
Ungane kosa seg.
-Æ vil ha mer slik kveldsskole, sa ein.
Og kanskje det heile var eit lite skritt nærare mot verdsfreden...

Straum og kontroll
Har for ikkje så lenge sidan vore vakt på eit diskotek blant unge fotballspelarar.
For nokre dagar sidan seldte eg altså juletrær.
Og i går gjekk eg langs ei gate og var "straum-kontrollør".
Alt er gjort fordi sønnen min er med på alt som er av idrettslag i byen. Og alle idrettslaga har sine måtar å tena pengar på.
Blant anna ved å kontrollera straummålarane til folk for Varanger Kraft.
Så då var det å ringa på dørene, visa eit kontrollør-identifikasjons-kort og be om å få sjå straummålaren.
Nokre blei litt forskrekka. Nokre pensjonistar blei glad for besøk og ville gjerne slå av ein prat.
Hos ein afghansk familie ba dei om hjelp til å visa kva dei skulle gjera med ei alt for høg straumrekning. Og som den vante straum-kontrollør viste eg dei korleis målingar kunne sendast på internett.
Far i huset var tydeleg letta og inviterte til kaffe.
Måtte fint takka nei, sidan lista over "kontroll-punktar" framleis var lang.
Men nådde i mål til slutt.
Heime sat sønnen min og såg på tv. Han som var årsak til alt strevet.
-E du ferdig, alt, kommenterte han.
-godt gjort...
Varme i juletida

Sat på bakeriet Hildonen laurdags føremiddag og observerte fem pensjonerte damer som kosa seg rundt bordet.
Bak meg sat tre pensjonerte mannfolk med sine karakteristiske, finnmarkske, lune glimt i auga.
Men det var damene eg observerte mest.
Kor fint dei hadde der. Saman. Alle var så avslappa. Endå ei dame kom inn og bort til dei fem. Ein av dei såg merksamt opp, tok ho på armen og spurte;
-Nu, kordan har du det, nu i mørketida?
-Husk nu på at sola, den kommer nu tilbake.
Ingen fare med mørketid når folk har eit slikt fellesskap.

Rusla etterpå bort til torget der det var julemarknad.
Kjøpte eit par samiske ulladdar, til å ha i skallane (kan fortelja meir om det, ein gong seinare). Det beste til å halda varmen på beina.
Det finnes alltid ei råd mot det kalde vintermørket.

Glory, glory Ytrebyen...

Dei sparer ikkje på effektane når julepynten skal opp i Ytrebyen. Lys i alle fargar og nissar glitrar rundt overalt.
Etter det eg kan sjå, er det særleg Ytrebyen som står for dei største lyseffektane her i byen.
Veit ikkje kvifor i tilfelle. Om det er eit kvensk fenomen. Det er mange pensjonistar i nabolaget. Kanskje dei gjer det for å gle julespente barnebarn.
For ein utanforståande kan jo alle effektane virka ein smule glorete.
Men så lenge folka har glede av det sjølv, så er det vel greit.
Og det er jo litt fint då, med masse lys i mørket.

Du grønne, glitrende...

I kveld har eg vore med og seldt juletrær.
Inntekta går til Vadsø Turn Forening. Som forelder følgjer slikt arbeid med når sønnen min er med i diverse idrettar.
Seldte furu frå Pasvik til 250 kr. og edelgran frå Danmark til 370,- Dei fleste ville ha edelt, dansk tre. Så stort som mogleg.
Juletre, ja.
Kongolesarane i byen synes det er veldig pittoresk og rart at me drar skogen inn i stova kvart år.
Endå rarare er det, med tanke på at det så og sei ikkje veks eit einaste furu og grantre i Vadsø. Alle desse trea blir transportert langvegsfrå.
Her er det òg slik, at det kan bli for lite juletre for dei som er seint ute. Ein gong var det skikkeleg krise. Ikkje eit einaste juletre var å oppdriva i byen nokre dagar før jul. Det var reine krigstilstanden. NRK Finnmark sendte ut etterlysing. Om det var nokon som kunne hjelpa byen i nød.
I år trur eg det er nok. Men salet går unna. turnforeningen sel for omlag 10.000 kroner per kveld.
Og då er det vel verdt å frysa tærne litt for ei god sak.
Mobil invitasjon

Det er nokre meldingar som er ekstra fine å få.
Som;
-Lyst på middag?
Kameraten, som det alltid er fint å koma til etter ei strevsam helg, sendte den meldinga sist søndag. Og baud på pinnekjøtt. Akkurat det eg trengte. Både maten og selskapet.
Etterpå var det sjølvsagt å slenga seg på sofaen og seia minst mogleg.
I kveld fekk eg denne meldinga frå naboane mine. Invitasjon til kveldsmat.
Og ei slik mobilmelding er som sendt frå himmelen, etter ein lang og strevsam arbeidsdag.
Det beste som finns. Å få slike mobilmeldingar. Og å koma til oppdekka bord.
Filosofering frå eit badekar

Har lege ein time i badekaret. Fjelga meg til eit julebord. Blant kollegaer.
Og har lege der og filosofert over dei nære ting. Over ein kollega.
Fekk melding frå henne i ettermiddag om at ho går ut i permisjon frå nå, litt tidlegare enn planlagt.
Snart skal ho føda barn. Akkurat det har ikkje eg noko med.
Men eg lurte litt på kor mykje det skuldast jobben generelt, og samarbeidet med meg spesielt som gjorde at ho gjekk tidlegare ut i permisjon.
For ho har nok ikkje berre passa på det som høyrer til jobben. Ho har passa ein smule på meg og.
Hugsar ein diskusjon me hadde for nokre dagar sidan.
Det var noko med ei namneliste som eg skulle ha ordna. Men som eg ikkje hadde gjort.
-Husker du ikke det????
Ho såg lett himmelfallen på meg då ho spurte.
Eg blei litt stille, men kom til slutt fram med eit spakt...
-....jo.....
Ho såg på meg, og brast ut i ein lett oppgitt latter.
-Næhæi!!
-Det gjorde du ikke!!!
Eg følte meg som ein guttunge som akkurat var tatt på fersken i å stjela godteri, og som prøvde å koma meg ut av det heile.
Men her eg låg i badekaret etterpå....så kunne eg sverga...at langt der bak i hjernebrasken så meiner eg at eg hugsar noko om ei namneliste.
Men det kan vera det same. Ynskjer kollegaen min alt godt, med fødsel og det heile. Ho får sikkert ein del å passa på der og.
Og nå er det snart julebord. Kollega-julebord.
Yngve har fått nytt orgel

Stolt eigar av nytt orgel. Stort skal det vera...
Den orgelfrelste Yngve har skaffa seg endå eit nytt orgel.
Det er noko rart med oss menn som heile tida må ha meir og større av det som interesserer oss.
Frå før er nesten alle veggene dekorerte med diverse orgel i heimen hans. Og alle er gamle og tunge. Eit gammalt Hammondorgel med Leslie (slik som Deep Purple, Uriah Heep m.fl. brukte i hine dagar), analoge synthesizarar, eit gammelt trøorgel og mykje, mykje meir i stova og ute i skjåen.
Har vore med å bore nokre av desse orgla når dei skulle brukast på konsertar. Og dei er tunge! Me var stort sett fire mann som bar ut og inn Hammondorgelet blant anna.
Den einaste staden som har stått open er midt på golvet i den vesle stova.
Og nå er den plassen fylt opp med eit endå større og tyngre orgel. Eit slags radiorøyr-orgel som eg ikkje forstår meg så mykje på. Ikkje virkar det heller. Han må bestilla nye radiorøyr frå Tyskland eller noko slikt.
Og tungt! Fytti!
Det blir aldri aktuelt å bæra det ut til noko konsert. Han og ein kamerat brukte ein og ein halv dag på å få det inn i hus. Listene i døra måtte fjernast...I det heile; forferdeleg mykje pes.
Men fin og ekte lyd blir det nok. Ein dag.

Farvel til sola

På tide å ta avskjed med sola.
Ho er rett og slett borte frå nå.
Fram mot romjula blir det berre mørkare og mørkare.
Skal ein leita etter lys i tida framover, så kan det skimtast frå Luftskipsmasta ute på Vadsøya. Byen elles gjer òg sitt beste for å halda mørket på ein viss avstand. Og himmelen gir fargenyansar, laga av sola, langt der borte.
Den mollstemte musikken er ofte den finaste heiter det. Det gjeld vel mørketida òg.

På handletur

Nuorgam er det forjettede land for oss i Aust Finnmark.
Ein liten stad som ville ha vore endå mindre, om det ikkje var for at den ligg like over grensa til Finland, med lågare prisar enn her i Noreg.
Der drar me og handlar bygningsmaterial, bensin og kjøtt. Blant anna. I det siste har Alko kome til, den finske varianten av vinmonopol. Og sprit er i alle fall billegare i EU-landet.
Butikken i Nuorgam er ikkje så stor, men har ein velfyllt kjøttdisk.
Elles veit eg ikkje heilt kor mykje me eigentleg sparer med den lange turen til Finland. Men det er kanskje det norske jaktinstinktet når me havnar utanlands som er den største drivkafta. Ein ser på det spesielle, ville blikket kven som er nordmenn i butikken.
Hadde med meg Lutanda og Habonimana på handleturen i dag. Dei hadde høyrt om det billege landet i sørvest. Men trur ikkje dei vart så veldig imponert over prisane.

Mannfolk rundt frukostbordet

Det var nokre jenter som ein gong sa at dei gjerne skulle vera fluger på veggen når berre mannfolk var samla. Dei skulle gjerne ha funne ut korleis mannfolka oppførte seg utan kvinner til stades.
Vel, dette er dagen då de ikkje treng å lura lenger. For i dette innlegget har eg tenkt å koma med den store avsløringa.
Det beste eksempelet på mannfolkfellesskap er når sonen min og eg sit rundt frukostbordet. Langt, langt frå næraste kvinnfolk.
For det første er frukostbordet berre sånn passe pynta opp.
For det andre sit me og rapar og det som verre er, utan blygsel.
-Dra meg i fingeren, seier sonen min brått.
Så drar eg han i peikefingeren, og ein velkjent lyd bryt fram. Frå den andre enden av universet vårt.
Så ler me godt begge to.
Men det er enkelte kvinner som har fått ein viss innsikt i denne løyndommen, som har vore på vitjing og blitt invitert til matbordet.
Midt i mellom høfleg konversasjon kan det brått bryta opp ein buldrande rap frå dei djupe skogar.
For det er ikkje så lett å hugsa på at det skal vera ein type oppførsel med gjester og ein utan.
Men til alle dykka andre; De bør føla dykk æra. For de har nå fått del i ein av dei siste, gjenverande løyndommar her i verda.
(Litt nynorsk-oversetjing for dykk som har problem med enkelte uttrykk:
-vitjing: besøk
-løyndom: hemmelighet)
Ting og tang

Har samla meg opp ein del ting med åra. Det kan vel vurderast som skrot. Men for meg er det viktige ting som eg nektar å kasta.
Det som ligg fremst er litt uskarpt. Men den svarte, flate steinen lengst framme er ein bit skifer frå steinbrotet i Friarfjord. Som mannen til mora til sønnen min eig (i dagens moderne familiestruktur).
Oppå der ein liten bit av ein trebåt, funnen i fjæra i Vadsø. Til høgre ein liten, grøn krystall pynta med noko koppartråd. Kjøpt av ei lita jente på ein marknad i Tallin i Estland.
Heilt til høgre ein svart figur av Aztek-kongen Montesuma. Laga av vulkanstein, etter det eg hugsar. I rett belysning gir den svarte figuren eit vakkert grønnskjær. Var på tur i Mexico for nokre år sidan og handla souvenirar så eg nestan gjekk konkurs.
Heilt til venstre ein rar stein funnen i fjæra. Det er liksom ein stein kledd inn av ein annan stein. Med hol. Trur denne steinen må ha blitt ført nordover av isen under istida for 10.000 år sidan. For her er det elles berre sandstein.
I den største flaska er det ei samling med marmorsteinar frå Hellas. I den minste ouzoflaska kan de sjå det eg har igjen av litt sand frå ei strand i Hellas. Den turen er noko av det mest behagelege eg har opplevd. Fekk elles ei venninne til å vera med og bera fleire kilo med vakre marmorsteinar heim. Var så ivrig at eg ikkje tenkte på den grove utnyttinga i beringa. Då.
Og i midten ein blå, svensk glas-talisman. Var ein tur på Nordkapp og fnyste av alle dei dumme souvenirane dei selde til dumme turistar. Inntil eg brått kom over denne talismanen. Falt fullstendig for den og betalte fleire hundre kroner. Og vart med eitt ein dum turist, sjølv.
Så denne samlinga er liksom til saman eit bilete av meg, på ein måte.
Å jobba i tospann

Har ein jobb kor det ofte blir arbeidd i tospann. To som samarbeider om ei oppgåve. Har vore så heldig å jobba med kvinner i desse tospanna. Har slitt ut fire kvinner så langt. Og nå snart er den femte på veg ut i permisjon.
Det har jo òg sin pris når det er mange av dei til stades på ein arbeidsplass. Det kan bli ein del mas, for å sei det slik. Og det er ikkje slik at maset nødvendigvis resulterer i noko konkret. Alt medan mennene i kollegiet sit og kikkar oppi taket og ventar på at maset skal bli ferdig.
Men det er ein ting kvinner har, som me menn stort sett manglar; Ryddighet.
Dei passar på at det er fint og oversiktleg i det daglege arbeidsrommet. At rutinar og system er på plass.
Difor har me utfylt kvarandre i våre tospann. Dei kvinnelege kollegaene venner seg til å passa på mine litt meir hanglande system.
-Har du hugsa på det? Og på det?
-Å, ja. Det var sant, ja.
(Korleis eg fyller ut med mine, mannlege eigenskapar, er eg forresten litt meir usikker på.)
Det ser ut som om kjønnsrollemønstra tyt fram, uansett utvikling i samfunnet vårt. Me menn gjer så godt me kan, men det finns ei grense.
Håpar forresten at den neste "tospanns-kollegaen" min òg blir ei kvinne. Elles kan det bli skikkeleg rot, her.
Rikdom i nord og i sør

Det har nærast blitt poda inn med morsmelka. Kor rike dei er i sør, og fattige i nord.
"I nord må dei ha tiltakspakkar, særordningar og overføringar for å klara seg. I nord klarer dei seg ikkje sjølv. Nord mottar kunstig åndedrett frå sør for å klara seg."
Joda. Sjølv nyt eg godt av å få redusert studielånet mitt med ti prosent kvart år. Litt ekstra skattelette får eg òg.
Og eg har ingenting imot det. Tar imot alle ordningar utan å skjemmast.
Men det er altså òg slik at store rikdommar går frå nord til sør. Naturressursar som berre aukar i verdi etterkvart som dei flyttar seg sørover.
Fisk er det beste eksempelet. Det er her den blir tatt opp. Men den største, økonomiske gevinsten for fisken får dei sørpå.
På biletet ser de litt av denne kongekrabben som me har så mykje av. Kongekrabben har visstnok ein gateverdi på 500 kroner i Oslo. Til glede for diverse salgsledd i sør.
Det er ein annan rikdom her, som ikkje kan målast i pengar. Lett tilgang til diverse delikatessar. Og med delikatessane følgjer middagsselskap. Med gode, sosiale relasjonar.
I sør stressar dei rundt og tenkjer ut nye metodar for å henta ut endå meir økonomisk rikdom. Stressar dei lenge nok, får dei kanskje råd til litt kongekrabbe på ein eksklusiv restaurant.
Her nord sit me og slappar av rundt middagsbordet med lett tilgjengeleg kongekrabbe som smakar betre enn den beste hummar.
Luksus i Finnmark

Opplevde litt luksus forrige helg.
Og i Finnmark er luksus i stor grad synonymt med ei fin hytte.
Denne hytta var på størrelse med bustaden min. Stor, fin veranda.
Hytta er eit stykke inne på fjellet. Været var surt. Så luksusen smakte ekstra godt. Stor, vedfyrt badstu som me nytta oss av, ein gjeng.
Vedfyrt, utandørs badestamp var det der og.
Inne i hytta blei det servert lammelår, øl og akevitt.
Det er altså økonomiske forskjellar i Vadsø. Men så veldige forskjellar er det ikkje. Og sosiale skillelinjer på grunn av økonomi er vanskelege å finna. Så difor kan ein fattig slamp som meg (relativt sett) godt bli invitert på ei slik hytte. Tar gjerne imot meir finnmarks-luksus.
kvinner og menn
Eit av mine favorittema, ved sida av musikk og mat.
Skal ikkje utdjupa det så mykje denne gong. Men har i alle fall denne veka vore i eit hundre prosent mannsdominert miljø.
Til vanleg jobbar eg i eit yrke som er temmeleg kvinnedominert.
For å gjera det kort, kan eg slå fast at desse to miljøa er svært forskjellige. Viss nokon skulle lura.
Det har sine sider, begge deler. Og det kan vera interessant å observera både det eine og andre miljøet.
Men i lengden trivest eg best når det er godt blanda. Som i eit blandakor.
Vadsø blogg
Øyfrid er etter det eg forstår student i Trondheim nå, opprinneleg frå Vadsø og ivrig bloggar.
Bloggen hennar heiter Sofakroken .
Og verda er ikkje større enn at Øyfrid i hine, hårde dagar har vore ein del barnevakt hos oss, då sønnen min (og eg) trengte det.
Ja, tida flyr...
...og andre kystens baronar
Dette var meldinga eg fekk i telefonen for mange år sidan i NRK redaksjonen.
Han i telefonen snakka så høgt, at eg måtte halda røyret på ein armlengdes avstand.
Ikkje så lett å forstå budskapet med det same.
Men det var i alle fall klart at det var ein eldre kar frå kysten som hadde eit budskap å formidla.
Eg fekk etterkvart i den tidlegare jobben min i NRK møtt mange flotte personar langs kysten i Finnmark.
Ein gong banka eg på døra til ein kar frå Berlevåg som då var 90 år, og som klarte seg sjølv med berre ein arm. Den andre hadde han mista under krigen, då frakteskuta han var ombord i, blei bomba.
Og i etterkrigsåra hadde han funne fram til ein måte å driva juksafiske åleine, og med berre den eine armen.
Då han opna døra og eg presenterte meg, inviterte han meg straks inn, satte på kaffe og byrja å fortelja livshistoria si, som den mest naturlege sak i verda. Gjestfridomen hans var typisk slik ein ville blitt møtt korsomhest langs kysten. Det var som om han hadde venta meg.
Og det var utruleg å sjå korleis han ordna seg med ein arm. Hans særeigne teknikk for å knyta skolissene, for eksempel.
Sidan han først fekk besøk, utnytta han dette med å få litt hjelp til å raka i hagen.
-Det må vær første gang at NRK ordne opp i hagen min, sa han spøkefullt.
Alt medan mikrofonen fanga opp konverasjonen.
-Kva er det du har planta her, spurte eg nysgjerrig.
-Ka?? Blomsta, vel!!!
I Finnmark er det enkle omgrep om ting. Fuglar går for eksempel stort sett under nemningane "småtitting" og "stortitting".
Intervjuet med denne 90 åringen vart ein av mine finaste reportasjar.
Men så var det han som brølte i telefonen min nokre år tidlegare.
Han var frå Kiberg, viste det seg. Eit lite fiskevær med ei sterk historie. Også kalla "Lille Moskva", fordi det hadde vore så mange kommunistar der. Fleire av dei blei henretta av tyske nazistar under krigen. Og etter krigen blei mange i Kiberg mistenkeleggjort som spionar av norsk etterretning.
Han som brølte i telefonen og som gjentok fleire gonger at "sauan har det bedre, æ fløtte på hotell", budde i ein eldrebolig som han ikkje var nøgd med. Det skjøna eg etterkvart. Eldreboligen var, etter det han fortalte nærast falleferdig av råte. Det var så gale at til og med sauene hadde det betre enn han. Og viss ikkje ordføraren ordna opp, skulle han flytta på hotell, på kommunen si rekning. Ein slags eldreaksjon.
Eg skjøna såpass at dette kunne bli ein god reportasje, så eg køyrde utover for å intervjua han.
Vel framme, banka eg på døra hans, og høyrde snart tunge skritt innanfor.
Døra blei brått røska opp, og innanfor stod ein svær, eldre kar som brølte;
-KA I HÆÆÆÆLVETE!!!!!!!
Dersom eg ikkje hadde visst betre, kunne eg ha blitt vettskremt av denne mottakinga.
Men i Kiberg betyr dette utsagnet direkte oversatt noko slikt som "god dag".
Og eg var hjarteleg velkommen. Blei geleida inn. Nådde nesten ikkje å få fram mikrofonen innan han satte i gong med leksa si;
-SAUAN HAR DET BEDRE ENN MÆ. Æ FLØTTE PÅ HOTELL!!!
Så ville han ha meg opp på loftet for at eg skulle sjå med eigne auge kor råte det var der oppe.
Då måtte me inn til naboen, som akkurat hadde kvilt middag og som stod med ei sliten helsetrøye og klødde seg på magen. Så var det å styra med ein alt for stor stige inne i gangen hans. Til slutt blei eg kommandert opp på loftet, der eg kikka meg litt omkring før eg klatra ned igjen.
-JA, SÅG DU NÅKKA RÅTE, ropa han.
-Nei, eg må innrømma at eg såg ikkje noko særleg, svara eg.
-JA, DA HAR DU IKKE SEDD GODT NOK ETTER!!! GÅ OPP EN GANG TELL!!!!!
Og eg så gjorde.
-JA, SÅG DU NÅKKA RÅTE NU, DA, spurte han, då eg klatra ned for andre gong.
-Ja, nå såg eg det, svara eg fort.
Intervjuet blei avslutta. Han var strålande nøgd med at ting skulle ordna seg fordi "kringkastningen" hadde vore der.
Då eg hadde takka for meg og byrja å gå opp mot bilen, ropa han ei siste helsing til meg;
-OG DU KAN HILSE HAN ORDFØRERN OG SI AT SAUAN HAR DET BEDRE ENN MÆ! MEN NU FLØTTE Æ PÅ HOTELL!!!
Oss hestkukar i mellom...
Den blir biletleg nok i seg sjølv.
Jobba for ein del år sidan som journalist. Og fekk då glede av å møta mange fargerike personar.
Ein dag skulle eg ut til Vardø for å laga ei sak.
Vardø, ein liten by på ei lita øy, aller lengst aust i Noreg, med omlag 3000 innbyggjarar. Der folk lever i konstant spenning mellom stormbyger og usikre, økonomiske utsikter.
Men denne gongen var Vardø litt i sentrum av nyhendebiletet. For den nye fiskeriministeren kom frå Vardø den dagen. Oppdraget mitt gjekk ut på å henta nokre kommentarar frå lokale fiskarar om dette.
Måtte stå på kaia og venta på fiskarane. Deadline nærma seg. Men utpå ettermiddagen kom sjarkane tøffande inn.
Den første fiskaren hadde akkurat fått hoppa opp på kaia med trossa i hendene då eg kasta fram mikrofonen, presenterte meg som NRK journalist og fekk spurt kva han syntes om at den nye fiskeriministeren kom frå Vardø.
-Næææii, svara fiskaren, medan trossa kom på plass.
-Han e nu vel en hæstkuk, han som oss andre.
Her trengst det sannsynlegvis litt forklaring for dei som ikkje forstår betydningen av ordet "hæstkuk". For det er slett ikkje negativt meint.
Fritt oversatt sa denne fiskaren at fiskeriministeren "er like god som oss vanlege". "Han er ein av oss".
Syntes dette var så godt sagt, at eg bestemte meg for å la det gå usensurert på radioen. Det resulterte i at sjokkerte programledarar i Oslo fekk kraftige hostekuler etter at ordet blei kringkasta over det ganske land.
Har hatt meg nokre turar til Vardø seinare. Var ein gong på ein liten motorsykkeltur, og fekk litt tekniske problem som eg prøvde å løysa i sentrum av byen. Det var søndag ettermiddag og ganske tomt i byen. Men det gjekk berre to minutt innan ein bil rulla opp på sida, sjåføren kikka ut og spurte;
-Nå, ka?
Han tilbaud seg å hjelpa, slik dei pleier ute ved kysten.
Då det tekniske problemet var løyst kom standardspørsmålet;
-Nå, kæm du e førr en hæstkuk?
Hadde eg ikkje visst betre, hadde eg kanskje blitt fornærma.
Men det han altså spurte om, var enkelt og greit;
-Kva heiter du? Kven er du? Kor kjem du frå? Kva driv du med? Alt samla saman i ein enkel setning.
Og underforstått:
-Du er ein av oss.
Difor kan eg slå fast at eg og er ein hestkuk. Og at eg er stolt av det.
Oh, yeah!
Eit lite steg for dykk andre kanskje, men eit kjempesvært for meg, for å omskriva ein kjent astronaut.
Er kry som ein hane her eg sit.
Så dermed har det kome opp eit par faste bilete.
Nå håpar eg på svar om html-plassering av bakgrunnsbilete òg. Dessutan skulle det biletet øverst blitt plassert til høgre for overskrifta. Men når eg prøver på det, så ramlar det berre under heile det grøne feltet (hupps..).
Blir veldig glad viss nokon kan tipsa meg om dette og hint, enten her eller i diskusjonsforumet.
Biletet øverst er forresten frå ein legendarisk fest for eit par år sidan ute på Ekkerøy. Me var ein gjeng som arrangerte ei "musikk og lyrikk" forestilling på sommarkvelden. Utpå natta var det å gå i fjæra og kosa oss rundt bålet. Om morgonen, då det byrja å regna litt, laga me oss til under ein blå presenning, tulla oss inn i reinskinn og soveposar, kokte litt mat og hadde det like fint.
Når maten tok slutt, gjekk me og åt ei svært god fiskesuppe på sommarrestauranten like ved.
I det heile tatt; Ei helg me aldri gløymer...
Det gode
Følelsen spreier seg frå mage og bryst og romstrerer til slutt rundt i heile kroppen.
Og det gjer godt...
I fengsel

Har vore i fengsel i kveld.
Ja, slik kan det gå.
Har vore med og sunge for ein gjeng. To folketoner. Ein irsk kjærleikssang, "She moved through the fair" og ein nordnorsk, "Bysse roe banet". Akkompagnert med fløyte og finsk kantele (strengeinstrument).
Veit ikkje korleis to slike sangar fungerer eller ikkje fungerer i eit fengsel. Men det er nå slik musikk eg styrer med for tida, så då vart det dei.
I alle fall ein opplevelse utanom det vanlege, det heile.
Etter musikken var det stor fest med brus og Pizza Grandiosa. Det er visst ekstra stort med denne pizzaen. Vanlegvis er det berre vafler ein søndag i månaden.
Og så var det allsang. Eit sanghefte med gamle schlægarar. "Vi tar en rungende (Vidar Lønn Arnesen; Da capo, jaaa)", "Tio tusen røda rosor".
-Og så kan vi ta den der "La oss leve for hverandre", foreslo ein.
-Og la teksten synke inn, fortsatte han.
-Ja, det var fint sagt, sa arrangøren.
Og så sang me den, òg.
-Dæven så god vi e, sa ein annan.
-Vi kan jo gi ut plate! Og så kan vi kalle den "Bak gitter og stas".
Men det ser ut til at det berre blir med tanken med plateutgivinga. Og at dei heller må nøya seg med allsang ein søndag i månaden. Og kanskje ein Pizza Grandiosa.
Nok ein værrapport

Søndag 10. oktober kl. 11...
Sit her og stormfyrer i ovnen og supar kakao så det skvett omkring...
For oppdatert informasjon om værsituasjonen, klikk på ein av lenkene mine, webkamera frå Vadsø
Og her er det...

Siste værrapport frå Vadsø. Laurdag 9. oktober kl. 10....Herregud, nå snøar det jo tett! Biletet som er tatt for nokre minuttar sidan er allerede utdatert. Men i alle fall har det lagt seg litt på vegen.
Skifta til vinterdekk? Mest sannsynleg. Men har ikkje verktøy. Og Statoil gjer det sikkert ikkje på ein laurdag.
Hoppar i badekaret snart, trur eg.
Det er fyr i ovnen. Og eg har laga kakao...
SÅ DETTE GÅR SÅ FINT, SÅ...

Nå kjem det!

Uææææhh!!!
Den første snøen har vist seg i Vadsø i dag!
Det er kanskje ikkje så lett å sjå på biletet. Men den er der!
Her gjaldt det å handla raskt. Så eg sprang ut i garasjen, henta ved og fyrte opp i ovnen.

Så var det å kontakta nokre naboar, invitera dei på middag. Lammekjøtt med poteter og gulrøtter frå hagen, pluss diverse.

Til dessert; Blåbær frå skogen, med vaniljesaus.
Så Kong Vinter: Berre kom. Eg er klar...
Snart vinter

Høyrde frå Kirkenes at det var snø i lufta der i dag. Ein annan kar kunne fortelja om snø som hadde lagt seg ute ved kysten.
Det er det me snakkar om for tida. Kva tid vinteren kjem. Og det er nok like før. To plussgrader i Vadsø er ikkje mykje å stola på.
-Men snøen forsvinn tre gonger, innan den legg seg for alvor, kunne ein av værprofetane fortelja. Det hadde han etter eldre folk.
Mørkt har det òg blitt. Ettermiddagane blir berre kortare og kortare. Sola forsvinn veldig fort når ho først har bestemt seg.
Og eg likar det ikkje. Har nærast panikk i forhold til alt eg skulle ha gjort ute før snøen kjem. Få stabla opp den veden i skogen, for eksempel.
Det er mykje fint, bevares. Nordlys, kraftige fargar på sørhimmelen. Knitrande ved i ovnen. Heim på besøk til folk.
Men manglande lys tar på kreftene etterkvart.
Og akkurat nå kjennest det litt trist. For mørketida og vinteren er lang, når den først tar tak.
Så her sit det ein liten "bæstut" og ventar på det uungåelege...
Spam
"Best Casino" og andre tvilsame foretak driv og sender ein masse kommentarar på sida, med liksom-smigrande omtale av sida mi.
"I really like your site", o.l.
-OH, REEEEEEEEEAAAAAAALLLLYYYYYYYYY???????
Vil ikkje ha det der!
Nokon som veit om det er mogleg å stenga ute desse typane?
Barndomsbilder

Ein barndomskamerat sendte meg ein dag nokre gamle bilder frå byrjinga av 70 talet.
Det var i grunnen ganske rart å sjå bilda.
Å sjå landskapet frå Vestlandet, som er så forskjellig frå her i Vadsø. Sjå glimt av ei fortid som sjeldan kjem fram i tankane.
Og så så lenge sidan det ser ut til å ha vore. Så annleis.
Det slår meg kor alvorleg eg sjølv var på alle bilda. Må ha vore eit alvorleg barn.

Men ein ting hugsar eg. Og det er alle krigane og slaga me hadde som barn. Det gjekk hett for seg på den tida. Kvar dag leika me krig. Dreping og herjing. Det smalt i kruttpistolar dagen lang. Rart at me overlevde i grunn.
Sterkt inspirert av den tøffaste fjernsynsserien på den tida, "Kruttrøyk".

"Matt Dillon" frå "Kruttrøyk" med brekt arm til høgre. Snart dau skurk til venstre.
Bestefar min kom ein gong over ein liten kar som sat inne i huset og leste, medan resten av oss born var ute og skaut og herja.
-Er du ikkje ute og leikar med dei andre, spurte bestefar min.
-Nei, eg er dau, eg, svara guten.
Sjølv om eg på mange av bileta har på meg cowboyhatt, utvikla eg ein sterk sympati for indianarane. Eg leste alt eg kom over av indianske forteljingar. "Hjortefot" var ein av favorittane. Av det meir kulørte lesestoffet, hadde me "Sølvpilen". I desse blada var det av og til nokre pirrande bilete av Månestråle, som nesten viste heile kroppen når ho bada. Vårt første innsyn til kvinnekroppen.
Men Månestråle var ikkje det viktigaste. Eg hadde det veldig klart for meg at dei nordamerikanske indianarane var eit flott folk som blei lurt og fråstjåle landet av dei kvite. Det var jo trass alt indianarane som var der først!
Eg gjekk veldig opp i rolla som den tapre krigaren som måtte kjempa mot overmakta.
Men det var ikkje alltid så lett å sjå indianske ut, når me blei påtvungen kvitskjorte, kort hår og ikkje hadde så mykje indianarutstyr.
Ei einsleg kråkefjør og ein gammal redningsvest som fungerte som lendeklede kunne vera alt me hadde.
Ja, det var tider, det...

Hobbit fest

Var i geburtsdagsselskap for ikkje så lenge sidan.
Geburtsdagsbarnet arrangerte eit selskap inspirert av ein hobbit fest.
Han liknar forresten ikkje på ein hobbit, han som hadde festen. Faktisk liknar han veldig på Gandalf. Både i utsjånad, veremåte og kløkt.
Men det var det hobbitinspirerte geburtsdagsselskapet hans;
Det hobbitane gjorde, nemleg, var at geburtsdagsbarnet ga gåver til gjestene. Ikkje omvendt.
Difor hadde vår lokale "Gandalf" ein heil pose med gåver til oss, gjestene.
Dei fleste fekk bøker frå hans rike bokhyller.
Eg fekk ein fin cd. Eg var faktisk den einaste som ikkje fekk bok...
hm, kanskje det er eg som liknar mest på ein hobbit...
Soria Moria slottet
Leste ein gong ei beretning om ein nord norsk gut sitt forhold til Hurtigruta. Han hadde det ikkje så flott, der han vandra mellom snøstorm og gamle tørrfiskar.
Men då Hurtigruta kom, lyste ho opp heile mørketida og ga han svulmande fantasiar om eit seglande Soria Moria slott.
Hadde han vore ombord i ei av dei nye hurtigrutene, hadde kanskje det inntrykket forsterka seg. På dekket er det basseng og boblebad. Og inne ein overdådig restaurant med glitter og stas. Blant anna.
Likar meg ganske godt der. Det er ein fin måte å ta turen over til Kirkenes. Ein slepp den lange vegen med bil rundt fjorden. Ein kan sitja og slappa av og innta ein betre frukost. Og det gir variasjon i kvardagen å vera imellom alt glitteret, stasen og aldrande, utanlandske turistar.

Ein flokk med engelske turistar skal ta avskjed med personalet.
-Gudbaaaaaaaayyyyy, roper dei norske, kvinnelege servitørane.
-kåmm bæææææææææækk.
Det er då det slår meg at desse jentene nettopp må ha blitt uteksaminert frå Disneyland.
Ein opprømt, engelsk turist ynskjer nokre frukostetande skipsoffiserar god tur vidare. Den norske offiseren svarer eit kort "tankju", utan å sjå opp frå tallerkenen. Han har tydelegvis ikkje vore på kurs i Disneyland. Men det er sikkert ikkje lenge til han har vore der han òg.
Eg synes med eitt at glitteret og stasen ombord falmar bort. Det minner meg om at Soria Moria faktisk berre er fantasi.
Synes litt synd på desse turistane. Det ser ut som om dei mest av alt ynskjer nye vener. Kanskje håpar på vener for livet.
Men kor mykje er me nordmenn interessert i venskapen til turistane?
Ynskjer me mest at dei skal koma "bæææææææk", så dei kan svi av seg meir euro, pund og dollar?
Eg går på land på ein grå kai i Kirkenes. Tilbake til ein meir ærleg kvardag.
Kaninhuset

Angåande huset mitt...
Denne type hus blir kalla "kaninhus" i Vadsø. Kvifor? Fordi desse husa (som det er mange av i byen) i si tid blei bygd for tilsette i Forsvaret. Og dei som jobbar i Forsvaret her blir kalla kaniner. Forstår samanhengen slik at kaniner og enkelte i Forsvaret har lange øyrer. Dessutan har me jo omgrepet "Onkel Sams kaniner" o.s.v.
Og sjølv om mange av desse husa nå er kjøpt opp av privatpersonar, så har ordet "kaninhus" halde seg.
For meg så passar det i grunnen greit. For nokre år sidan hadde eg nemleg kaniner i hagen.
Det utvikla til ein katastrofe som ennå gir gjenklang i nabolaget.
Kaninene skulle ha det fint, tenkte eg. Så eg laga eit stort gjerde rundt heile bakhagen, slik at kaninene skulle få god plass til å boltra seg.
Det byrja bra. Kaninungar blei fødde og dyra hoppa omkring med masse gras til rådvelde.
Men...
For det første var det ingen problem for diverse kattar å koma innanfor gjerdet og jaga etter ungane. Dermed kunne ein stadig sjå makabre situasjonar der kattar gjekk med små, drepne kaninungar i kjeften.
For det andre oppdaga kaninene sjølve at det var ganske enkelt å hoppa over det fine gjerdet mitt. Og det var då helvete verkeleg braut laus.
For kaninene hoppa over og byrja å gnaga på buskane til naboane. Å fanga dei var så og seia umogleg. Og sikkert eit ganske lystig syn der eg sprang gjennom hagane til folk med overkroppen lett framoverbøygd og med armane utstrekte etter dei hoppande kreka.
-Kjøp eit kastegarn, eller noko slikt, var det nokon som råda meg.
Og eg inn på ein sportsforretning.
-Har de kastegarn, spurde eg.
Butikkdama fekk store auge og byrja å flira litt.
-Kastegarn??? Næææ....Ka du ska med det?????
-Eg skal fanga kaniner med det...
-Fange kanina????????? HÆHÆHÆHÆHÆHÆHÆHÆHÆ!!!!!!!!!!
Det byrja å gå opp for meg at ho som hadde tipsa meg om kastegarn, faktisk hadde lurt meg opp i stry.
Og eg trudde aldri at latterbrøla til butikkdama skulle ta slutt, innan ho fekk forklart at noko kastegarn hadde dei ikkje.
Det enda med at eg kjøpte ein fiskehåv, for å prøva kaninlykka med det.
-Vet dåkker ka han ska bruke den håven tell? Å fange KANINA!!! HAHAHAHAHAHAHAHAHA!!!!!
Dette ropa ho ut i butikken, medan eg smilte tappert på veg ut.
Nok ein gong var eg eit ufrivillig bevis på at søringar er nokre rare vesen.
Vel. Uansett var det ikkje så dumt med den håven. For den gjorde det lettare å fanga dei hoppande utyska. Og når dei var fanga, var det kort veg til øksa og dei evige jaktmarker.
-Aldri meir kaniner, tenkte eg.
BANG...
Hus, heim, oppussing og stress

Får god hjelp av blant andre sønnen min, med malinga.
Har kjøpt første etasje i huset. Det betyr at eg nå er (u)lykkeleg eigar av både første og andre etasje, altså heile huset.
Driv og pussar opp i første, før eg har tenkt å flytta ned, og leiga ut oppe.
Det er jo kjekt å ha kontroll over heile huset.
Men med meir eigedom følgjer og fleire bekymringar.
Kva skal eg velgja? Maling eller panel? Tregolv eller parkett? lakk eller olje på kjellargolvet? Kva farge på veggene? Blir uroa når eg ser kor sterke fargane blir, så snart dei kjem opp på veggen.
Kor lang tid vil oppussinga ta? Kalkulerte først med ei veke. Men ser nå at det kan ta fleire månader.
Det blir nærast berre nokre malingstrøk per dag. Har jo ein del anna å gjera og.
Og korleis er eigentleg standarden på heile huset? Er den sprekken i muren alvorleg?
Kameratar og vener kjem med diverse råd. Det gjer meg berre meir forvirra.
Er ikkje særleg praktisk av meg, heller. Folk har kome og hjulpe til. Det har kome veldig godt med. Men det tar si tid, uansett.
Og så skal det drenerast rundt huset. Og baderomma skal pussast opp av fagfolk. Kor mykje vil det kosta? Temmeleg mykje, viser det seg.
Så eg ser fram til dagen då alt dette er ferdig.
Men veit og at det lett kan bli slik at eg stadig vil sjå noko som treng å fiksast og endrast. Når eg først har byrja å pussa opp.
Difor har eg lova meg sjølv, at før eller seinare skal eg berre leggja meg på sofaen og gjera ingenting. Uansett manglande lister og malingstrøk. Skal finna tilbake til latskapen i meg igjen. Ein dag.
Skiftande lys

Hausten gir skiftande lysforhold frå dag til dag, over det arktiske Vadsø. Og alt kan obseverast frå stovevindauget mitt.
Kveldssola kan farga byen gul eller oransje, der ho lyser opp under eit skydekke i vest.
Neste dag stråler ein regnboge over Hurtigruta.

Og i dag er himmelen blå og fin.

I helga skjer det mykje.
Først på bakeriet Hildonen med sønnen min. Som vanleg. Så skal potetene opp av jorda. Det blir oppussing av hus. I skogen for å saga ved. Og musikkøving.
Siste nytt følgjer etterkvart.
So stay tuned...
Om kvinner og menn
Sønnen min har reflektert litt over det i helga.
Når han skal bort på idrettsstevne, pakkar mora hans opptil fleire bagar med klesskifte til han.
Men viss han og eg drar på ein månads ferie, er det knapt så me har med oss sokkeskift (jo eit par sokkar ekstra har me vel).
-Eg likar best å pakka hos deg, seier han til meg.
Klart, det. Han er jo eit mannfolk.
-Ja, me har jo perspektivet på dei rette verdiane, seier eg eplekjekt.
Hos ein kamerat av sønnen min har mora dratt bort for nokre månader.
-Eg ser forskjellen med ein gong, seier sønnen min.
-Det har blitt meir rotete der borte. Dei har kjøpt inn projektor og storskjerm. Og av og til et dei potetgull med dip til middag.
Så,når katten er borte, kjem det verkelege mannfolket fram i lyset.
...hm. Det er visst ganske rotete her òg i dag.
Sport og spell

I desse OL tider tenkte eg å ta med eit noko meir lokalt sportsarrangement. Sønnen min på 12 år er nemleg svært sportsleg. Han deltar i fotball, håndball og friidrett. Syklar av og til 2,5 mil til trening. Trener mykje for seg sjølv gjer han òg.
I fjor vinter susa han ifrå meg i skiløypa. Det var takken for at eg hadde hatt han med på fjellet frå han omtrent klarte å gå.
Alle aktivitetane hans inneber òg at det blir ein del å gjera for meg. som å vera funksjonær på stevne. Slik eg var i helga. Som å baka kaker. Selgja lodd. Leggja golv til salgsmesser. Reisa ut på nye stevner.
Har sluppe unna ein del av dette til nå. Men nå framover ser det ut til det ikkje er noko veg utanom.
Så der suser sønnen min avgårde, topptrent på løpebanen. Og det er jo ikkje så lett for meg å halda meg i like god form, når eg må stå i ei bu og selgja pølser!
Føler meg brått så gammal...
Hit, men ikkje lenger...

Det er rart kva ein kan få seg til å gjera. Som for eksempel å spa vekk gras. Og rart korleis gras er gras på den eine sida av ei tilmålt grense, og ugras på den andre.
Det blå tauet markerer i alle fall mi grense, sidan ugraset er i ferd med å eta seg inn over heile oppkjørselen.
Etter å ha spadd opp alt dette, er planen å leggja noko presenning (har veldig tru på det materialet) og ny singel i oppkjørselen.
Men det er eit helsikes arbeid. Angrar nestan på at eg byrja, når eg ser kor mykje som er igjen.
Og eigentleg veit eg at eg har starta ein kamp som eg er dømt til å tapa. For ugras, det kjem opp igjen, alle vegar, uansett kva eg gjer. Særleg når det har fått tilnamnet "ugras".
Burde kanskje heller ha levd etter mottoet; "If you can`t beat them, join them..."
Lys og regn


Måtte berre formidla dei forskjellige fargane som utspelte seg i kveld, utanfor stovevindauget mitt.
Det vart ein kamp mellom regn og lys. Eit kraftig regnvær såg ut til å velta inn over byen, men tapte brått mot lyset. Enn så lenge.



Det har blitt kjølegare her nå. kveldane har blitt mørkare. Ser ut til at det går mot haust. Det betyr at lufta blir klarare, og at det kjem til å bli masse fargar framover.
Kasta ut

Å bu i ein by med mange asylsøkjarar inneber at ein av og til mister gode vener.
Var på flyplassen i dag og tok avskjed med Bimba og fire andre ungdommar frå Mongolia.
Det ser ut til at det blir ein ny runde med utkastingar nå. Menneske som får politiet på døra tidleg om morgonen og beskjed om å pakka fort, før dei blir satt på første fly.
For mange som bur her, er det like opprivande kvar gong. Mange av asylsøkjarane har budd her i lang tid og satt sitt preg på byen. Og så ein dag er dei brått borte.
Angåande hagen...

Ein tørkeskada plen, men han står han av...
Det er ikkje berre å ha hage i den arktiske Ytrebyen i Vadsø. Tåke og kald vind frå nordaust får plantene til å stå i vannrett, og slett ikkje til å trivast.
Då eg kom heim frå ein liten ferietur i sommar, stod plenen brunflekkete og ussel, etter for lite nedbør.
For åtte år sidan planta eg bjørk og rogn, og dei har kome opp i sånn buskstørrelse.

Bjørke og rogn-"skogen" er førebels i buskstørrelse. Men ein dag...
Ein hekk har streva og streva, år etter år.
For å hjelpa til, har eg lagt eit plastdekke rundt plantene, for å hindra ugras, og halda på jordvarme og fuktigheit. Har til og med lagt ein vanningsslange langs med hekken.

"Hekken" som strevar med å bli hekk
Poteter og jordbær går det an å ha. Solbær likeså. Det blir ikkje så mykje. Men det er svært velsmakande når dei er påført dagslys døgnet rundt heile sommaren.

Det blir litt poteter og jordbær ut av strevet
I går planta eg seks Alaskapiler. Dei skal vera blant dei mest hardføre plantene som finnes. Håpet er at dei med tider og stunder skal kunna fungera som leplanter for andre, mindre hardføre planter, når det bles som verst.

Nyplanta Alaskapiler. Får håpa dei får hjelp av plastdekket til å veksa fort.
Men strevet er artig. Det er artig at det er ei utfordring å få det til, og å sjå dei små framskritta. Og skulle eg få lyst til å gi opp, så er det berre å sjå over til mine kvenske naboar, som etter 40-50 år, kanskje i løpet av fleire generasjonar har opparbeidd seg sin fortente bjørkeskog i hagen. Så ein dag er det nok slik hos meg og...
...og skulle de lura; Bileta er tatt kl. 11 denne kvelden...
Den første tanke frå hagen

Hagen min
Søndag 11. juli 2004
Sit ut i hagen med bærbar pc og trådlaust internett. Begge deler ei fantastisk oppfinning for ein som både sit mykje ved pc-en og samstundes trives med å vera ute.
Prøver meg for fyrste gong på denne blogginga. Skulle eigentleg prøva å laga nokre heimesider, men strevar slik at eg har gitt opp for ei stund.
Har ein stor hage i Ytrebyen i Vadsø. Området er flatt. Her i Ytrebyen, opprinneleg ein del av byen der mange kvenar (finske innvandrarar) har budd, og til dels bur i dag, går grensa for den subarktiske og arktiske klimasona. Eg held altså til i den arktiske. Den einaste store vegetasjonen er dermed litt rogn og fjellbjørk i hagane til naboane.
Så då kan eg sitja her i hagen og sjå utover den blå Varangerfjorden, og på Noregs eldste grunnfjell i Sør Varanger.

Utsikt frå hagen
Trass i klimasona, er det varmt for tida. Rundt 20 grader og sol. Elles er det ofte ein kald vind frå aust. Det fører til at dei fleste lagar seg ein levegg i hagane sine mot austavinden. Noko som er gjort her i min hage og.
Og sjølvsagt er det midnattssol nå. Det gjer det vanskeleg å sova.
Det flate landskapet, den vesle vegetasjonen og utsikten mot sør gir mykje lys og himmel.
Akkurat nå er det ei og anna slørete sky som glir over. Ein stor mengde måsar har samla seg opp på himmelen. Uvisst kvifor. Tidlegare på sommaren er det eit forferdeleg spetakkel på dei om nettene. Dei skrik konstant i rivalisering og forplantningens rus, og konsekvent i mitt nabolag.
Ein flokk kongolesiske flyktningebarn kosar seg og spelar fotball i hagen sin like ovanfor. Vadsø har alltid vore ein fleirkulturell by. Frå gammalt av samansett av samar, kvenar, nordmenn, russarar (pomorhandelen før den russiske revolusjon ga grobotn for eit eige, russisk/norsk handelsspråk). Seinare har inntak av flyktningar og eit asylmottak satt sitt preg på byen. Somaliske kvinner med sine fargerike slør. Afghanske menn som vandrar i gatene med lange skjorter. Kongolesiske kvinner med Remaposar bærande på hovudet. Flyktningar og asylsøkjarar utgjer omlag 10 prosent av befolkninga i denne vesle byen. Over 50 nasjonalitetar er representert (tala får tas med visse forbehold). I vår oppstod det uro mellom norsk og afghansk ungdom. Men elles ser det for meg ut som om det fleirkulturelle samkvemet går rimeleg greit her. Sjølv om me godt kunne hatt ei meir bevisst haldning til integrering.
Så her sit eg, akkurat nå, medan to vakre, liberianske jenter går forbi, mellom gamle kvenar, fotballspelande, kongolesiske gutar og skrikande måsar og kosar meg i hagen og bloggar for fyrste gong i mitt liv.

Mitt provisoriske "kontor", med laptop og levegg mot austavinden.