To bloggarar kryssar sine spor

I kveld var ho Ragnhild på besøk. Ho som har slakta sauer på Island. Som etterkvart har blitt ein ivrig bloggar. Og som har reist omkring i verda, i lang, lang tid.
Dei siste dagane har ho vore på vitjing her i Aust Finnmark. Og i kveld i Vadsø.
Serverte henne heimelaga fiskekaker (av eigenfiska sei), krabbe, nybakt brød, sjølvplukka multebær, kaffe, sjølvlaga tyttebærlikør, øl, akevitt... ja, trur det var det heile (nå byrjar eg å skryta av sjølvlaga mat, igjen).
Ho var i alle fall nøgd.
I morgon drar ho nedover Finland. Og så til Sør Amerika. Til Patagonia. Og til New Zealand.
Om ikkje bloggen hennar var spennande frå før, så blir den det vel i alle fall nå.
Beundrar reiselysta hennar. skulle likt å ha lausrive meg sjølv og gjort noko liknande.
Det var veldig godt å få henne på vitjing. Noko meir sprudlande, fargerik og levande menneske skal du leita lenge etter.
Energien hennar kjem til å sitja igjen i veggene i lang tid.
Langt nedover til Patagonia...
Musikk, musikk
Dette er huset til Yngve. Det er eit gammalt hus, etter besteforeldra hans, eit stykke inn i fjorden. Det står for seg sjølv inne i skogen, og kan vera vanskeleg å oppdaga frå motorvegen. Huset knirkar litt innimellom, når besteforeldra hans går igjen oppe på loftet. Her har Yngve, Lutanda og eg vore og øvd i kveld. Me er dødsslitne etter fleire timar med terping.
Yngve er ein ung kar. Har ikkje ein gong runda 30 ennå. Men etter at han første gong høyrde Deep Purple, lova han seg sjølv at han aldri skulle spela slik musikk med dårlege, digitale etterlikningar. Difor har han fylt opp stova si med svære, tunge, analoge instrument og utstyr; Eit hammondorgel, Fleire Lesleyar, Wurlitzer el-piano. I det siste har han òg satt av plass til ein gammal "salmesykkel", eit trøorgel. Ikkje ein gong fjernsyn og pc har han i huset. Berre gamle ting frå 70 talet og bakover.
Hadde den gleda å spela saman med han i rockegruppa Hocus Pocus for nokre år sidan. Det gjekk i progressiv rock frå 70 talet. Deep Purple, Uriah Heep, Led Zeppelin, Mannfred Mann og Focus blant andre. Og det var i dette huset me øvde. Den gamle pa-en brølte ut over fjorden under øvingane. Det var eit slit å bera det tunge Hammondorgelet og alle Lesley-ane med meir, på diverse pubar og uteplassar. Men desto meir fantastisk når den ekte lyden skylla over publikum.
Seinare blei denne gruppa oppløyst. Som slike grupper pleier å bli.

Og nå har nokon av oss funne litt saman igjen, i noko så spesielt og annleis som nordiske salmar og folketonar, blanda med kongolesiske sangar. Ikkje fullt så mykje lyd som det var med 70 tals rocken. Musikken me spelar nå er akkustisk. Det er tilbake til røtene kan ein seia. Sprikande røter. Gamle, læstadianske tradisjonar er tatt fram, men bearbeidd til noko heilt nytt.
Me øver intenst til konsert til helga. Skal fortelja meir om det snart.

Afrikansk varme

Dette er Lutanda og Habonimana. Flyktningar, opprinneleg frå Kongo. Busett i Vadsø sidan i fjor.
Dei har ikkje fortalt så mykje om forholda dei flykta frå. Men veit at to av fem ungar er adoptert frå søstera hans. Forstår det elles slik at endringane frå Kongo til Vadsø har vore ekstreme for alle dei som kom frå Kongo.
Har eit musikalsk samarbeid med Lutanda. Me har blanda saman nordiske og kongolesiske folketonar.
Språka hans er swahili og fransk. Dermed var det ganske vanskeleg å kommunisera i byrjinga. Men musikk er ein grei måte å kommunisera på. Det er berre å synga og spela, høyra korleis ulike tonar kan blandast saman.
Familien og andre kongolesarar har bidratt med musikk og sosialt samvær i 40 års laget mitt tidlegare i år og seinast i Johnny og Vigdis sitt 50 års lag. Og kongolesaarane har markert seg med å invitera vadsøværingane på konsert den 17. mai og under feiring av den kongolesiske frigjeringsdagen.
Like fullt er det ei utfordring å finna fram til eit sosialt samkvem, på grunn av språket. Lutanda lærer seg meir og meir norsk. Men det er så mykje han ikkje kan ta del i ennå. Humor, små replikkar, det er så mykje som det er vanskeleg å formidla. Difor blir det til at me stort sett held oss til kvart vårt miljø, når me ikkje spelar saman.
Då ekteparet ein gong var på besøk kikka kona hans på meg og sa eit eller anna uforståeleg, inntil dei begge brast ut i latter.
Eg ana ugler i mosen og tenkte at her sit dei jammen og ler av meg!
-Kva sa ho, spurte eg, nysgjerrig.
-eeeeehh, hehe, svara Lutanda.
-Ho sa....at det er veldig fint i Vadsø, hehe...
-Jommen sa eg smør, tenkte eg.
Men det går framover. Me finn etterkvart fram til ein sjargong. Det gjeld berre å vera tolmodig.
Avtrykket

Vil gjerne få fortelja litt om ein av desse spanande personane som har kryssa vegen min.
Tina er klassisk pianist. Om nokre dagar drar ho til Berlin for å studera musikk der. Ho har spela piano sidan ho var fem år. Og klassisk musikk har vore ein viktig del av livet hennar.
I Vadsø budde ho i eitt år, og arbeidde som musikklærar, kordirigent og pianist.
Etter at ho flytta sørover, har ho stadig vore her nord på besøk. Til glede for mange menneske i byen.
Denne helga har ho vore her igjen. Tok nokre bilete som kanskje kan brukast i presentasjon av henne som artist.
Men det er mykje meir ved henne enn musikken hennar.
Skreiv ein gong om at enkelte menneske etterlet seg noko meir enn berre savn, når dei flyttar. At dei òg etterlet seg eit avtrykk. Som inneber at ein føler seg nærast god etter at dei har reist her i frå.
Tina har på sin måte bidratt til å styrka mange menneske her. Og difor etterlatt seg ei mengd, gode avtrykk i slitne andlet.
Avskjedsbyen

Vadsø er ein by kor det stadig kjem nye menneske. Mange spennande andlet og livshistoriar.
Samstundes er det ein by som mange reiser ifrå.
Mange offentlege arbeidsplassar krev folk med "rett" utdanning og bakgrunn. Folk som kjem sørfrå, som jobbar i 2-3 år, og som reiser igjen.
Akkurat dette er eit sårt punkt for ein del av dei som har buddd her heile livet.
-Eg har slutta å bli kjent med nye søringar, seier enkelte.
-Det er for vondt å bli så godt kjent når dei reiser ein gong, likevel.
Men det blir ofte til at ein blir kjent likevel. Det er ikkje til å unngå. Og dermed å kjenna dette såre stikket når det neste uungåelege skjer; At dei ein dag drar ifrå.
Tok farvel med Helge i kveld. Ein kar som gjekk sine barnesko på ein liten stad i Troms. Hadde ein typisk "bonsk" oppvekst, ifølgje han sjølv. Det mest kule han kunne gjera i tenåra, var å reisa til Tromsø av og til for å justera tannreguleringa. Mykje har nok skjedd sidan den tid. Og dei siste seks åra har han budd i Vadsø, og satt eit ekstra preg på dei han kjenner. Utan tannregulering, og med mykje livsvisdom.
Han hadde avskjedsfest på Velferden. Eit gammalt ærverdig lokale på kaia. Opprinneleg for fiskarane. Mange menneske rundt matbordet. Ikkje så mange fiskarar, men mange forskjellige folk. Gåver blei utdelt. Talar. Gjennomgangstonen var at gjestene var litt sinte fordi han skulle dra. Men likevel glade i han. Og innforstått med at han snart var borte.
Helge er altså ein av dei som etterlet seg noko meir blant dei som blir igjen. Ikkje berre sårhet og tomhet. Men òg eit avtrykk. Han er ein av desse "avtrykk-menneska".
Sjølv måtte eg dra tidleg frå festen hans.
Tok han i handa og utveksla korte avskjedsfraser.
-Eg føler i grunnen at eg kjem til å sjå deg igjen, ganske snart, sa eg, like før eg gjekk heim.
-Det føler eg òg, svara han.
Ragnhild har laga blogg

Ragnhild, som eg har skreve om tidlegare, har laga sin første blogg. Ho er ein omreisande globetrottar som har budd ute i Hamningberg i sommar, og som har livnært seg på å selgja sine eigne, hekla luer.
I dag har ho dratt til Island for å slakta sauer.
Ho har med andre ord eit svært omskiftande liv som det blir spennande å følgja med på i bloggen hennar. Det er berre å sjå på dei første bileta hennar, frå Grønland. Forutsetninga er vel at ho finn pc og inspirasjon til å skriva. Så viss ho får gode kommentarar, kan vel det bli ein inspirasjon.
Adressa er www.loffen.sprayblogg.no
Globetrottar i nord

Mange i Finnmark har nok blitt kjent med denne sprudlande globetrottaren i sommar. Vanskar med å bli kjent med folk har ho i alle fall ikkje.
Ragnhild er opprinneleg frå Voss. Dei siste ti åra har ho latt jobbkarriere og utdanning segla sin eigen sjø og heller gått "livets skule", som ho seier sjølv. Og det ved å reisa over heile verda. Aller mest har ho reist i nordområda. Ho har slakta sauer på Island, jobba som postdame på Hebridene i Skottland, køyrd isbil i England, vore på Grønland og Færøyane. Og nå dei siste to somrane har ho vitja Finnmark og Hamningberg, der ho jobbar på ein kafe og med å selgja sine eigne, hekla luer.

Desse luene har blitt så populære, at du kan sjå dei på annakvar finnmarking denne sommaren.
Ho blir kjent med stadig nye folk ved å haika, selgja luer, spela ein irsk reel på fløyte eller toradar. Når ho slår av ein prat tar ho straks fram heklegarnet under praten.
Ragnhild har blitt svært glad i Finnmark, særleg Hamningberg på sine turar.
Ho er ikkje så vanskeleg å oppdaga med sine karakteristiske, nordlege klær og flagrande, krøllete hår. Og skulle du ha lyst på ei lue i sommar, er det berre å spørja ho. På under to timar har ho hekla ei spesialbestilt lue til deg. Til hausten drar ho tilbake til Island. Så det gjeld å vera snar.
