Lysorgie med finnkjærringa

Det blir veldig mykje lys å fortelja om for tida. Opplever ein lysorgie. Februar er rette tida. Været var berre fantastisk i dag. Skihytta, omlag ei mil innover fjellet var open. Eg sleit nå eigentleg med litt influensa i dag. Men tvang meg ut og ein liten tur på ski, på nysnøen.
Nådde ikkje lenger enn til "Finnkjærringa". Som viste meg det spesielle lilla/blå lyset mot nord.

Endeleg nysnø

Var ute i fjæra i går ettermiddag. Høyrde brått ein rar, summande lyd bak meg. Som eit uhyre.
Var nok ikkje vant til den lyden lenger, sidan det har vore veldig lite snø denne vinteren.
Men i går kom det endeleg litt. Slik at brøytebilen omsider fekk noko å gjera.

Men mengde snø som kosta forbi kunne ikkje samanliknast med tidlegare vintrar. Då bilane køyrde kolonne over fjellovergangane, etter brøytebilen i vill fart. Tett opp til bilen framfor, sidan bilistane ikkje kunne sjå meir enn eit par meter framfor seg i snøkavet.
Denne brøyteturen var reine søndagsturen i forhold.
Så snudde eg meg for å gjera det eg var komen for. Ta nye bilete av lyset ute i fjorden. Havnar der enten eg vil eller ikkje. Trur eg.
Sola hadde akkurat gått ned bakom fjella i sør, men lyste rødt mot eit kraftig skylag i aust. Som igjen lyste opp resten av fjorden.
Sikkert til glede for brøytebilsjåføren som suste vidare utover.

Fellesskap på ski

Humøret mitt er betre nå.
Har vore ute i frisk luft. Truffe folk på ein ekte måte. Utan å trenga verken mobiltelefon eller pc.
Det har vore skistevne i Vadsø i dag. Unge og gamle løparar frå heile Aust Finnmark har vore samla.
Sjølv blei eg mobba av sonen min, denne frekkasen av ein 13 åring, før han drog på stevnet. Først demonstrerte han mitt skitempo og diagonalgang på ein ekstra seig måte.
Mitt forslag om at han kunne ta med seg kakao på termos blei møtt med lett hovudrysting.
Kva for ei skistjerne har nokon gong tatt med seg varm kakao til konkurranse-løpet?
Og når eg antyda at han burde ha på seg meir klede, kvitterte han med å herma etter vestlands-dialekta mi.
-Ja, da e jo veldig viktig å varrra varrrm på turrr (med ekstra overdreven skarre-r).
Ikkje det, nei.
På sjølve stevnet gjekk det ikkje så bra for han. Han hekta borti ein busk og havna på sisteplass i gruppa si.
På stadion kunne me elles høyra ei velkjent stemme. Frå ein person som det godt kunne ha blitt skreve ein eigen artikkel om. Den alltid positive Oddbjørn stilte som vanleg opp som "speaker". Han stiller opp på omtrent alt som er av idrettsarrangement, musikkarrangement og festar.

Etterpå var det å dra til kafeen til Vadsø Skiklubb. Der var det premieutdeling. Alle fekk kvar sin premie.
Folk prata og kosa seg. Ein bestefar ga barnebarnet sitt ein god klem etter at barnebarnet hadde gått litt seint i løypa.
Sonen min sat saman med eit par gutar frå Sandes utanfor Kirkenes. Skuffelsen over hektinga i ein busk hadde han lagt bak seg.
Skifolket i Aust Finnmark er som ein stor familie. Foreldre reiser saman med barna sine på stevne nestan kvar helg. Kjenner kvarandre godt.
Ser ut til at dei har det bra, saman.

I dag er det grått

Dagens værrapport: Grått, vind og litt snøføyk.
Men når ein hiv på seg scooterdressen, går ned i Ytrebyfjæra og stirrer uværet inn i kvitauget, så ser ein at det finnes mange fargenyansar i dag og. Og mange motiv.

Som trassige sjåer. Små verneverdige bygg, satt opp av gamle kvænar og i hine dagar brukt som båt, redskapshus, fjøs, i enkelte tilfelle som bustadhus.
Og gamle ting som har tatt turen ut, og som aldri kjem seg inn igjen.

Siste skitur-nytt

Ny skitur i dag. Var så treg at det blei mørkt før eg kom meg til fjells i dag òg. I dag var det meir overskya. Frostrøyk i fjorden og innover byen.
Så lyset på fjellet kom i stor grad frå byen, der det skein opp mot det låge skylaget.
Ein liten busk helsa på vegen oppover fjellet.

På ski i mørket

Det går an å gå på ski på fjellet i mørketida.
Ein del går langs lysløypa på nordsida av byen.
Men det mest spennande er å ta ut rett mot nord, opp på mørke fjellet.
Det var litt skispor å sjå. Men eg våga meg ikkje så langt inn i det mørke, før eg snudde og snart hadde lysa frå byen framfor meg igjen.

Lenger nede leika og kosa nokre barn seg i skibakken. Godt opplyst.
det mørke fjellet ropa i det fjerne. Vil snart tilbake dit.

Første vinterstorm

Vakna til den første, nesten skikkelege vinterstormen for nokre dagar sidan. Låg under dyna og høyrde det plystra ute. Får ikkje akkurat lyst til å stå opp av den lyden.
Vindauget i stova ga beskjed om værtype. Og på radioen kunne dei melda om diverse kolonnekøyrde og stengte vegar over fjell og langs kysten.
Noko veldig uvær i Vadsø var det eigentleg ikkje snakk om. Ikkje i forhold til den gong ein orkan flytta eit hus i byen. Eller den gong alle gjestene på byen måtte transporterast heim med scooter, fordi brøytebilen ikkje klarte å få unna snøen. Eller den gong då alle blei oppmoda om å halda seg heime, for eigen tryggleik.
Eg kunne trygt gå ut og på jobb i dette uværet. Men kledde på meg min varmaste scooterdress (har ikkje scooter, berre dress), tok med kamera, slik at de sørpå kan få litt innblikk i ein finnmarksk kvardag.
Og det er faktisk litt koseleg inni scooterdressen når det føykar rundt meg.

Mørketid i fjæra

Det går mot mørketid.
Om ikkje så lenge forsvinn sola heilt. Fram mot romjula blir det berre ein time med litt dagslys. Frå ei sol som ligg langt, langt bak fjella.
Det er ikkje til å koma frå at det slit. Kroppen treng sollys. Og det kan vera lett å halda seg inne, bort frå dette mørket. Klynga seg til det svake, elektriske lyset.
Men det beste kan vera å koma seg ut denne tida. For eksempel dra til fjæra, som er like spennande i alle typar lys.
Var ein tur i fjæra i to-tida i går, då det allereie hadde byrja å mørkna.
Det gjeld å sjå etter dei forskjellige, mørke fargenyansane på himmelen og i havet.
Snublar over små rester etter krigen. Litt rusten piggtråd. Som kanskje har rusta heilt bort om nye, 60 år. Synes eg høyrer dei svake drønna frå murrestane etter ei tysk kanonstilling.
Langt ute i aust lyser ein oljetankar. Som går i skytteltrafikk mellom Murmansk og Rotterdam med sin dyrebare og farlege last.
Ein einsleg krabbefiskar tøffar inn mot land.
På tide med helg for ein som har jobba hardt heile veka.

naturen slår tilbake

Har skreve ein del (over)romantiske betraktningar om naturen i bloggen min. Gjerne kombinert med like (over)romantiske betraktningar om mat.
Men i dette innlegget kjem det ein slags antitese på alt eg har skreve frå før.
Mitt største naturproblem er nemleg at kråkene brukar trappa mi som offentleg toalett!
Kvar dag sit dei seg til rette på straumledningane ved taket mitt, blir heilt stille, slik ein pleier å bli når ein skal på do, og så skit dei noko alldeles forferdeleg.
Har prøvd å jaga dei bort, kasta stein på dei. Men då flyg dei berre litt bort, viss dei gidd, og like etterpå er dei tilbake på favoritt-toalettet sitt.
Så då er det fram med skurekosten. Men etter eit par dagar, ser det akkurat like jævleg ut igjen på trappa.
Kva har eg eigentleg gjort desse kråkene (bortsett frå å kasta stein på dei, i rettferdighetens namn)? Eg, naturens mann, som berre vil økobalansen alt vel?
Gudane skal vita kva desse kråkene et, forresten. Det er tydelegvis variert kost i alle fall, sidan trappa er farga i alle slags kulørar, etter endt toalett-tur.
Har i rein desperasjon vurdert å ta fram luftgeværet. Men då vil vel naboane tru at eg har klikka heilt. Og kråkene ville vel berre ta ein liten flytur før eg fekk sikta dei inn, og så koma tilbake igjen.
Ein ting er i alle fall sikkert; Kråker er verdas mest arrogante smådjevlar!

Høgt heng dei, og mykje skit dei...
Gå i skogen, hogge ved...

Det å henta ved frå skogen er ei spesiell oppleving. Å høyra suset frå trea. Sildringa frå ein bekk i nærleiken... Og duringa frå motorsaga mi...
Vel, det er i alle fall ein vitskap å få veden tørr.
Når trea er felt, skal dei liggja ei stund med blada på, inntil blada er tørka ut.
Så blir dei kvista, og det blir skjært i renne i trestammen. Alt for at mest mogleg sevje skal tørka bort.
Så blir trestammane stabla opp, og ståande vinteren over.
Så blir dei frakta heim, kappa opp i passelege vedstykke, kløyvd, og stabla opp til tørking igjen, helst endå eit år.
Så det tar altså si tid.
Komande vinter må dermed huset mitt varmast opp av forholdsvis billeg ved kjøpt hos Vadsø Service.
Og då er me inne på det globale kontra det nære igjen.
For denne veden er importert frå Finland. Og i Finland har dei importert den same veden frå Estland.
Så bjørkeskogen i Estland blir altså hogd ned, køyrd avgårde i mangfoldige mil, for at blant andre me i Vadsø skal sleppa å hogga vår eigen ved.
Snart er det reinslakting på gang. Mange drar til Krampenes og kjøper ein skrott. Parterer den, skaver nokre kjøttstykke til finnbiff, heng opp ribbesider og hjarte til tørking. Mykje spennande jobb.
Men ein del (må innrømma at eg har gjort det sjølv) har òg køyrd til Finland og kjøpt ganske billeg kjøtt der. Og står dermed i fare for å forveksla reinkjøttet med endå billegare hjortekjøtt. Nærare bestemt oppdrettshjort frå New Zealand!
Nei, nei, nei!
Ser fram til den vinterdagen, når det er mørketid, når stormen herjar og snødrevet står som ein vegg utanfor vindauget. Når det knitrar i vedovnen av min eigen, bearbeidde ved. Og jerngryta er fylt opp med finnbiff frå eigenpartert reinskrott, iblanda sjølvplukka sopp...
Jepp! Det blir saker, det...
På hytta

Å ha hytte er ein lidenskap i Vadsø. Og ein selvfølge. Dei aller fleste innbarka vadsøværingar har si eiga hytte. Mange drar på hytta så og seia kvar helg. Jobbar og fiksar med den. Utvider. Bygger det eine og andre.
Mange har til og med to hytter. Ei som er ganske nær. Og ei som er lenger inne på fjellet.
Odd har òg to hytter. Han inviterte meg i ettermiddag til den næraste. Og til den nye badstua.

Det gir ein god følelse å sitja i den vedfyrte dampen. Å avkjøla seg ute i skogen etterpå. Nyta utsikten ned mot fjorden.

Eller ekstra avkjøling i bekken ved sida av.
Denne hytta blei bygd i 1928. og med ei svært stor skogstomt. Den første eigaren, ein embetsmann frå sør frykta å få nye hyttenaboar innpå seg. Så han bretta kartet over området, teikna av, og rapporterte til kommunen ei dobbel så stor tomt. Då det var snakk om nye naboar i nord, bretta han kartet igjen og dobla likså godt tomta endå ein gong. Det var vel slikt ein kunne gjera før, då det uansett var godt om plass, for dei fleste.
Resultatet er i alle fall at Odd i dag kan rutta med godt over 100 mål med skog rundt hytta.

Men tilbake til dagen i dag. Etter ei lang badstu, var det middag. Buljongkjøtt av rein. Ein typisk søndag i Finnmark...
Skitt fiske...

Det er ikkje nødvendig å lyga på seg fiskeskrøner når ein drar ut på Varangerfjorden.
Og denne historia er definitivt ingen skrøne, for dykk som er vante til å sitja i fleire timar for å få ein liten mort på kroken.

Sjøulken Lars
Drog ut på fjorden grytidleg om morgonen saman med Lars og Boel for å henta opp fisk for vinteren. Været var kjøleg, klart og roleg. Perfekt for ein fiskedag. Niser som jaga forbi like ved båten, og ei mengd med sjøfugl på jakt etter småfisk, vitna om at det skulle vera nok stor fisk òg.

Ja, da. Snøra var ikkje før kome uti ved Kibygrunna, før det rykka til. Samtlege fem anglar var faste i 2-3 kilos sei.
Det blei eit svare strev å dra fisken ombord for sarte kontornevar.
Ikkje lenge etter var begge fiskekassane fullstappa med stor sei.


Tilbake i hagen venta fleire timar med filetering. Så steiking av fiskekaker.

Til slutt var det å invitera gjester til diverse rettar. Laga av så fersk sei at fiskekaker og ostepanert sei sprella bortover bordet. Hu-ha....

(Lars har forresten sin eigen blogg, "Journal", som de finn blant lenkene mine.)
På jakt etter viddas gull

Har du først opplevd det ein gong, så sit det spikra i erindringa for resten
av livet. den gongen du kom over den verkeleg gode multemyra.

For mange år sidan gjorde nettopp det eit enormt inntrykk på meg. Me hadde gått lenge, gjekk inn i ein liten skog, og der, i ein liten opning av skogen; Opna Soria Moria slottet seg. Tett i tett med multer på størrelse med druer. Store druer. Det var berre å setja seg ned og plukka og plukka. Utanfor skogen kunne me høyra folk. Men dei stansa ved buskaset og snudde tilbake til myra. Uvitande om kva for ein skatt som låg berre nokre meter frå dei.
Seinare har eg aldri funne den skogflekken igjen. Det blei med den eine gongen.

Nå, i år har det vore rapportert om store forekomstar. Men mesteparten skal ha kokt bort i sommarvarmen, allerede nå.
Odd og eg prøvde oss likevel i dag. Me kom over ein del bleike "multelik". men òg flekkar med fine bær.
Like nord for Vadsø ligg det milevis med multemyrar. Og det pleier aldri å vera noko problem å finna nok bær for dei som vil ha. Ikkje for oss heller. Spanna våre fylte seg etterkvart opp.

Men det var den skogen som lokka. så me bevega oss mot den. Det byrja etterkvart å regna. Men me traska vidare gjennom buskaset. Innimellom trea fann me fleire flekkar med ganske store, fine bær. Men ikkje den størrelsen og mengda eg kunne hugsa. Regnet hølja etterkvart ned. Odd måtte tilbake til jobb. Det var berre å snu. Vassa tilbake over myra. Heim, søkkblaute og med spannet ganske fullt av multer.
Men ein dag skal eg finna igjen den skogsflekken. Berre vent...

Sydenliv i Kirkenes

ved Sandnes like ved Kirkenes ligg denne naturperla. Langs Langfjorden er det mange sandstrender som innbyr til Sydenliv. Som her ved denne elva, som og sørger for varmt vatn og langgrunne for små barn.
Eit roleg og behageleg familiebesøk førte til at eg fekk slappa av her, i 27 grader i dag.
I fjæra

Jada.
Det er framleis varmt og godt her. Så varmt at eg trudde eg skulle få solstikk i dag, uvant som eg er med så mange plussgrader på ein gong.
Mest av alt er det berre så utruleg deileg for tida.
Glade og lettkledde menneske over alt i byen.
Badande ungar i Ytrebyfjæra.
Og vil ein ha litt ro, er det berre å sykla ein halv kilometer, så finn ein sin eigen fjærastad.
Ute på fjorden har det vore mange småbåtar og fiska i dag. Det yrande fuglelivet fortel at det bugnar av fisk i fjorden.
Det er fullt av liv der ute. Småkval, nise, sel, sei, torsk, hyse, lodde og all slags sjøfugl.
Tre måsar sat roleg like ved sida av meg, medan eg var der. Slappa berre vidare av i sommmarvarmen med sin nye nabo.

(I morgon blir det visst regn. Forbigåande.)
Hamningberg - staden som nektar å døy

Fire mil nord for Vardø ligg dette gamle, fråflytta fiskeværet. Enden av Europa. Lenger går det ikkje an å koma med bil på kontinentet vårt.
ein stad som for lengst er avskåre frå resten av den moderne verda.


Men folk som har opphavet sitt derfrå, nektar å la staden råtna bort. Så sant været tillet det, kjem dei til staden, pussar, malar og vedlikeheld dei gamle bygningane.

Og kvar sommar kjem det mange turistar til denne siste utposten i Europa.
Der kan dei overnatta i gamle sjøbuer. Eller gå til stranda og bada i det iskalde vatnet saman med reinsdyra.

Ved ein gammal butikk sel dei kaffe, vafler og souvenirar.
Berre turen til Hamningberg er ein studie for seg. Det er som å køyra på månen. Sandstein er blitt pressa saman under istida, og seinare vrengt opp i alle slags formasjonar.

Vel verdt ein tur.
