Kjennskap, vennskap og mølje

Var på restauranten Pål`s i dag og åt mølje. Nokon vil kanskje grina på nasen over denne retten. Som med ein del andre, tradisjonelle, norske rettar. Men her er det ein delikatesse. Fersk torsk, rogn og lever. Mektig og veldig godt. Sit ennå og rapar lever, her eg sit.
Snakka med ein annan kar seinare på ettermiddagen. Han kunne fortelja at han hadde ordna seg dagsfersk mølje frå nokre kjenningar i fiskeværet Kiberg.
-Det er fordelen med å bu her nord, sa han.
-At me kan ordna oss dagsfersk mat.
Samstundes er han inne på eit skilje blant oss som bur her. Søringar kan leva eit heilt liv her, lukkeleg uvitande om alle dei lokale delikatessane.
Dessutan at ein må kjenna folk, og kjenna folk veldig godt for å få tak i den beste kvaliteten.
Det er ikkje berre å gå på ein forretning og kjøpa mølje frå i går.
Nei, den må vera dagsfersk, frå gode kjenningar i Kiberg, skal det vera ordentleg.
Andre som flyttar hit undrar seg ofte over at det ikkje er nokon fiskebutikk i byen.
-Det er umogleg å få tak i fersk fisk her, seier dei.
Dei ser ikkje at fisken og anna mat er like framfor nasen på dei. Ein måte er jo å ha båt sjølv. Eller å kjenna nokon med båt (det gjer eg). Eller kjenna nokon som kan skaffa kva det måtte vera. Mølje. Kveite. Laks. Boknafisk. Lutefisk. Laga på beste måte. Av prima vare.
Den beste maten kan altså ikkje kjøpast berre for pengar.
Du får tak i den ved å kjenna folk. Og kjenna dei godt.
Middag, middag
Laurdag hadde diverse ektepar tatt med seg diverse mat. Eg tok med meg ei reinsdyrsteik. Andre kongekrabbe kokt i utsøkt karrisaus. Atter andre noko innbakt (veit ikkje heilt kva det var) med blant anna røykt reinsdyrkjøtt). Godt i alle fall.
Utover kvelden skilte selskapet lag. Mannfolka byrja å diskutera...ja. Fotball. Nærare bestemt om sønnene sin situasjon i fotballklubben. Kvinnene i selskapet gjekk fort lei av den diskusjonen. Så dei byrja å dansa i stova.
Eg for min del er litt uvanleg i eit slikt selskap. Er ikkje gift. Og berre sånn passe interessert i fotball. Så eg sat litt og diskuterte fotballens framtid. Og var litt utpå dansegolvet. Likar å variera aktivitetane mine.
Kjekt selskap, i alle fall.
Søndag inviterte eg nokre gjester til reinbuljong. Kokt reinsdyrkjøtt med grønnsaker. Buljongen drikk me frå kopp. Brukar å gjera det. Veldig god mat når det er vinter og kaldt.
Og i kveld blei eg invitert til Bidos. Ein slags samisk variant av lapskaus. Med reinsdyrkjøtt.
(...blubb...)
Rein til middag og rein til tørk

Har tenkt å gi dykk litt innblikk i reinsdyrets indre anatomi. Og kva ein kan gjera med den.
Biletet over er ribbeveggane som er lagt i saltlake. To liter havsalt, 2 spiseskeier sukker og 20 liter vatn. Kok opp saltet, sukkeret i noko av vatnet. La kjøttet saltast ca eit halvt døgn. (Trur det var slik eg hugsa oppskrifta. Fekk den av selgaren i Varangerbotn.)

Så er det å henga det ute til tørk. Inne i ein kasse med finmaska netting så fuglane ikkje kjem til. Der heng det i omlag fire månader.
Så er det berre å skjæra det ein treng av tørkakjøttet som snacks.

I helga blei det laga finnbiff. Det er kjøtt som er skava av det frosne låret på dyret.
Så er det å bruna kjøttet saman med løk, kvitløk og (sjølvplukka, ja) sopp. Til slutt la det surra ei god stund i fløyte, brunost, ein skvett øl (!) og med krydder.

Heilt til slutt å invitera gjester.
Og der fekk eg størst problem denne gong. For nestan alle eg kontakta skulle ut på julebord. Og sønnen min blei invitert til overnatting hos ein kamerat. Så der sat eg med all maten...

Men når nøden er størst, er gode, gamle Odd nærast.
På ettermiddagen tikka det inn ei bekrefting frå han;
-Det gjør æ gjerne...
Reinskrotten på plass

Så er årets reinskrott kjøpt.
Var hos John Arne i Varangerbotn i går og gjorde ein grei handel. John Arne bur i eit lite hus oppi skogen innerst i fjorden. Og har fleire skrottar hengande i stabburet sitt.
Det at reinsdyr stort sett et lav, gir kjøttet ein særeigen smak. Det er magert og fint, og tåler lang tids lagring i fryseboksen.
Nå blir det å dra til nærbutikken til Gunnar og få skrotten partert.
Etterpå skal noko av kjøttet saltast og hengast ut til tørk. Fekk nokre gode tips frå Varangerbotn.
Så snart blir det finnbiff, steik, buljongkjøtt og tørkakjøtt i vintermørket.
Nam!
Grisefest før og etter

Var på grisefest fredag. Berre menn rundt eit langbord. Middagen bestod av ribba til Nasse Nøff, eller kva dyret heitte. Dermed skulle det vera duka for skikkeleg griseri, skulle ein tru.
Men det var ordna former på denne festen. Styrt som eit årsmøte av verten. Kokken tok på seg tilleggs jobb som sekretær, med innlagt tale-skarre-feil.
-Ja, da skrrriver jeg det ned i prrrotokollen, gjentok han ganske ofte.
Den talefeilen haldt han ved resten av kvelden, slik at enkelte trudde den var medfødt.
Så var det kåring av årets gris. Og veging av den tyngste (vinnaren var på 118 kilo).
Enkelte grisevitsar blei det utover kvelden. Men ikkje meir enn det bør vera.
Laurdagen blei for min del brukt til å finna meg sjølv igjen.
Og søndagen tok eg turen bort til griseverten igjen. Der var det rydda og vaska.
Å vera hos ein kamerat ein søndags ettermiddag er svært annleis enn ein fredags fest. Det er veldig roleg, kan me trygt sei.
Så me låg på kvar vår sofa og såg på, ja, nettopp, fotballkamp på tv.
-Dæven, det var eit bra mål.
-mm.
Me seier ikkje så mykje til kvarandre ein slik ettermiddag.
-Eg likar å halda kjeft saman med deg, sa han ein gong.
Og når det er fotballkamp seier me veldig lite.
-Kor var du resten av helga, spør den eine.
-Næææii...., svarar den andre.
Så seier me ikkje meir på ei stund.
-Korleis er det med deg og kjærleiken, då, spør den andre.
-Næææii...., svarar den første.
Etter ei stund er fotballkampen ferdig. Det eine laget har vunne. På tide å rusla heim.
-Snakkast.
-Mm...

Trolldom med tyttebær

Lagar ei ny ladning med tyttebærlikør.
Det er ganske enkelt. 2/3 med bær i eit stort syltetøyglas, 1/3 sukker, fyll opp med sprit, snu glaset kvar dag inntil sukkeret er løyst opp og alt er godt blanda. La det stå ei stund og sil safta til slutt gjennom kaffefilter.
Denne oppskrifta kan følgjast med alle typar bær.
Men tyttebærlikør er min favoritt. Tyttebæra gir svært mange smaksnyansar. Du kan kjenna forskjellige smakar etterkvart som likøren glir bakover tunga.
Så hiv deg rundt, finn fram tyttebæra og nyt.
Første lutefisk nytelse

(Foto: Per Eide)
Kom hoppande ein time for seint, men kom til fram til slutt, til det første lutefisklaget i går.
Ein gjeng som var samla rundt bordet på utestaden Sokey.
Har ennå, utpå søndags føremiddag den harmoniske følelsen eg får i heile kroppen etter inntak av lutefisk. Det må vera noko med den lutinga som eg reagerer så positivt på. I tillegg til alt tilbehøret; Ertestuing, bacon, brunost, sennep, øl og akevitt.
Ho som tromma saman til laget hadde gått glipp av ein gratis helgetur til Tromsø som jobben hennar spanderte. Sidan ho er med i KoriFinnmark og var med på konserten/messa i kyrkja fredag, ofra ho seg og blei igjen i Vadsø.
Ho syntes naturleg nok såpass synd på seg sjølv at ho måtte gjera noko med det.
Løysinga var å samla saman ein gjeng til lutefisk.
Godt gjort!
Mat inflasjon
Har på kort tid sett innlegg om nokon av dei mest spanande, norske rettane me har;
Lutefisk, rakfisk og smalahovud, sistnemnde med illustrerande bilete.
Finnes det fleire interessante eksempel på temaet mat i bloggane her?
Matorgie i Nesseby

Ein gong i året blir alle bygdefolk og andre interesserte inviterte til stor matfest i Nesseby, omlag fire mil innover fjorden.
Det blir servert tradisjonsrik norsk og samisk mat, som bidos, blodklubb, elggryte, rype, kveite m.m. I tillegg eit stort dessertbord med råmelkspudding, diverse bærkompostar o.s.v.
Me kan eta så mykje me vil for den nette sum av 100 kroner.

Dermed var det ikkje fritt for at ein del av oss tok godt for oss i forskjellige rettar, då dette blei arrangert i dag.
Etter maten var det noko så spesielt som oppvisning i karate frå den lokale klubben.
Medan atletane foretok høge spark, hadde me andre nok me å finna igjen pusten etter matinntaket.

Ein glad laks

Blei spandert middag hos ein av naboane i dag.
Ekte villaks frå Varanger.
Kjem aldri til å eta noko anna for resten av livet.
For var det nokon som såg dokumentaren på TV2 i går?
Skal ikkje nødvendigvis gå god for alle framstillingar i TV2.
Men hovudessensen i programmet var at havet nærast blir tømt for enkelte fiskeartar, for at det skal produserast for til oppdrettslaksen.
For kvar kilo, produsert oppdrettslaks, trengst det fire kilo villfisk til pelletsfor.
Den norske staten er med og finansierer denne forproduksjonen. Og bidrar til at chilenske kystfiskarar blir nekta fiskekvoter, til fordel for blant anna norsk trålfiske, som går til oppdrettsfor.
Altså i staden for at fisken skal metta svoltne, fattige langs kysten i Chile, går den til å metta norsk laks.
Det kan godt henda at det er visse sider som ikkje er korrekt i den framstillinga. Men eg trur i alle fall ikkje (!) på norske styresmakter sin fiskeripropaganda. For den stinkar det sjuk oppdrettslaks av. Som at norsk oppdrettsindustri er løysinga på matmangelen i verda.
Og det er forferdeleg mykje sjukt i norsk og internasjonal fiskeindustri. Tonnevis med fisk blir blant anna dumpa på havet av trålarar, fordi deler av fangsten inneheld småfisk som dei får dårlegare betalt for.
Tjuvfiske og overfiske, langt over tildelt kvote er snarare regelen enn unntaket. Fiskarar innrømmer det. Men det første den siste fiskeriministerne gjorde, var å villa stenga ein telefon, der tjuvfiske kunne innrapporterast.
I Finnmark er det ennå nokre få små sjarkar igjen, som tar opp fisken i mindre målestokk, på tradisjonelt vis. Men det tar sikkert ikkje lang tid før alle er fanga opp av internasjonal kapitalisme og griskhet.
Det kan òg bety at kysten ein dag er like tom for fisk her, som lenger nede på Vestlandet.
Difor smaka villaksen ekstra godt i dag.
Kjenner nokre eldre typar som sel villaks om våren. Fanga uti fjorden. Nokre andre typar er ekspertar på å røyka denne laksen, mot ei lita betaling.
Det gjeld å støtta opp om desse typane, før det er for seint.
Fleire poteter
Les siste potetnytt på
Journal .
Velkommen etter, Lars.
Potetene er oppe!

Det er alltid like spennande. Å grava i jorda og sjå kva ein finn. Eg fann ein god del poteter i helga. Store og fine var mange av dei. Og nok til ein del middagar utover vinteren.
Det er ingen selvfølge å få ei god potetavling så langt nord. Men den varme sommaren har gjort sitt i år.
I Vadsø er det dårlege kår for epleslang og liknande. Det veks jo som kjent ingen epletrær eller andre frukttrær her.
Så difor måtte ungane nøya seg med potetslang, viss dei ville oppleva litt spenning.
Nå i seinare tid ser det ut til at den tradisjonen har forsvunne heilt. Kanskje p.g.a. tv og dataspel. Heldigivis for min åker.
Poteter er elles ein fantastisk plante. Henta frå Amerika for å hjelpa utsvelta europearar. Og det er jo så enkelt! Berre å henta nokre gamle poteter frå kjellaren, planta dei i jorda. Og vips, så har ein endå fleire, og nye på hausten.
I kveld blir det sprøstekte nypoteter, med diverse...
Tradisjonsrike Hildonen

Bakeriet Hildonen er ein av få forretningar i Vadsø som har hatt eit relativt langt liv.
Eg har sjølv vore der ganske regelmessig, sidan eg kom til byen. Sønnen min sidan det blei bytta bleie på han inne på toalettet i bakeriet.
Det er tradisjonsrikt på alle måtar.
Hildonen er eit kvensk namn. Etter dei finske innvandrarane.
Sønnen min kjøper alltid to horn. Eit uvarma og eit varma. Så et han først det uvarma. Slik at han kan gle seg til det beste; det varma.
Bak disken på bakeriet står ei rad med blide damer. Ekstra blide er dei mot oss som har vore der lenge. Så sønnen min som har vore der heile livet sitt, har dei eit ekstra godt auge til.
Det hender at ungar blir oversett i køen av kjøpande ved disken. men då er det mange der. Og ein smule stress i blikket til damene bak disken.
Det gjeld å koma tidleg på ein laurdags føremiddag, viss ein skal finna sitjeplass. For det blir snart fullt. Av ungar som skal ha milkshake. Eldre damer med hatt og kåpe som kjøper kaffe og kake. Og sønnen min og eg. Blant andre.
Og både jordbærkaka og eplekaka smakar godt. Som dei alltid har gjort.
Mat, mat, mat

Blir aldri lei av det temaet.
Og nå når det er haust, er det naturleg at mat er viktig.
Kva eg har tatt bilde av nå?
Matblekksopp.
Denne soppen veks i hagar og grasbakkar. Fann store mengder i dag.
Det er ikkje så mange som bryr seg om sopp her i byen. Og det er berre nokre få som er ivrige til å plukka matblekksopp. Kanskje like greit, så blir det ein del sopp på oss som vil ha.
Matblekksopp har ein svært god smak. Blanda med kvitløk og litt fløyte, så smeltar den omtrent på tunga.
Den franske sjampingonen smakar papir, til samanlikning.
Så då veit de det...
Naturalhushald
Sit uti hagen akkurat nå (ja, har fått litt sol igjen). Med pc-en og diverse matrester.
Middagen bestod av;
-Sjølvplukka sopp,
-sjølvplukka poteter frå hagen. Dei første som er tatt opp i år,
-og...(sjølvplukka) spaghetti...
For å finna dessert, gjekk eg to meter bort i buskane og fann;
-sjølvplukka solbær
-og...Sørlandsis og kaffe.
Ja, ok, måtte altså ha litt hjelp frå Sørlandet, Italia og Sør Amerika eller noko slikt for å gjera måltidet komplett.
Har elles vore ein del i skogen i helga og saga ved og plukka blåbær (og altså sopp). I oktober er det tid for reinslakting, så det blir å dra til Krampenes for å kjøpa ein reinskrott. Det blir nesten det same som sjølvplukka.
Så dermed skulle eg vera rusta for vinteren.
Om pizza og gamle vanar

Pizzaen frå i går
Det er laurdags føremiddag. Sønnen min er her i helga. Han søv framleis.
Før, i hine hårde dagar var han oppe halv fem, klar for dagen. Hugsar med skrekk korleis eg sjangla og snubla meg fram til play-knappen på videoen (video er Guds gåve til småbarnsforeldre)før eg stupte ned på sofaen.
Nå, etter kvart som han har blitt eldre, har det snudd seg. Nå er det han som søv, og eg som er vaken.
Så lenge me begge kan hugsa, har me hatt faste rutinar desse helgane. I basseng fredags ettermiddag. Pizza om kvelden. Laga av Toro Pizzafyll-pose og salami. Og Gud hjelpe meg viss eg prøvde å endra den oppskrifta. Då var helga øydelagt. Laurdags føremiddag var det å gå på Hildonen, det lokale bakeriet. På ettermiddagen graut. Søndag ut på tur. På fjellet eller i fjæra.
Sit og minnest. Om alle bøkene me har lest saman. Om då me sat på golvet med ei dyne over oss og såg på barnetv.
Det er sjølvsagt slutt med akkurat det. For han veks jo, som alle andre. Har byrja på ungdomsskulen. Blir snart tenåring.
Og før eller seinare, i løpet av tenåra hans, blir det kanskje ikkje så interessant for han å plaska saman med meg i bassenget. Eller å gå på Hildonen. Eller å eta pizza laga av Toro-pose og salami.
Men i går åt me pizzaen, som vanleg. Og nå, snart, når han har stått opp, drar me på Hildonen.
God helg.
Jordbæra har blitt modne!

I dag er det plukka jordbær frå hagen!
Langt tidlegare enn dei pleier å modnast.
Den varmaste sommaren i Aust Finnmark på 40 år er sikkert årsaka.
Det er ikkje så mange, men:
Jordbæra smaka FAAANTASTISK!!!

Trine har fått smaka og ho syntes det smaka sommar. God sommar.

Seinare på kvelden har Helge tatt turen, fått fiskesuppe og jordbær, og han er NØGD!!

(Elles blei det ingen tur til Midnattsrockfestivalen. Det er visst god stemning der borte i Lakselv. For min del får det bli ein annan gong. Dessutan er det god festivalstemning her i huset og.