Første vinterstorm

Uvær inne

Vakna til den første, nesten skikkelege vinterstormen for nokre dagar sidan. Låg under dyna og høyrde det plystra ute. Får ikkje akkurat lyst til å stå opp av den lyden.
Vindauget i stova ga beskjed om værtype. Og på radioen kunne dei melda om diverse kolonnekøyrde og stengte vegar over fjell og langs kysten.

Noko veldig uvær i Vadsø var det eigentleg ikkje snakk om. Ikkje i forhold til den gong ein orkan flytta eit hus i byen. Eller den gong alle gjestene på byen måtte transporterast heim med scooter, fordi brøytebilen ikkje klarte å få unna snøen. Eller den gong då alle blei oppmoda om å halda seg heime, for eigen tryggleik.

Eg kunne trygt gå ut og på jobb i dette uværet. Men kledde på meg min varmaste scooterdress (har ikkje scooter, berre dress), tok med kamera, slik at de sørpå kan få litt innblikk i ein finnmarksk kvardag.
Og det er faktisk litt koseleg inni scooterdressen når det føykar rundt meg.

Uvær

Reinskrotten på plass

Reinskrott

Så er årets reinskrott kjøpt.
Var hos John Arne i Varangerbotn i går og gjorde ein grei handel. John Arne bur i eit lite hus oppi skogen innerst i fjorden. Og har fleire skrottar hengande i stabburet sitt.

Det at reinsdyr stort sett et lav, gir kjøttet ein særeigen smak. Det er magert og fint, og tåler lang tids lagring i fryseboksen.

Nå blir det å dra til nærbutikken til Gunnar og få skrotten partert.
Etterpå skal noko av kjøttet saltast og hengast ut til tørk. Fekk nokre gode tips frå Varangerbotn.
Så snart blir det finnbiff, steik, buljongkjøtt og tørkakjøtt i vintermørket.
Nam!

Grisefest før og etter

Festbord

Var på grisefest fredag. Berre menn rundt eit langbord. Middagen bestod av ribba til Nasse Nøff, eller kva dyret heitte. Dermed skulle det vera duka for skikkeleg griseri, skulle ein tru.
Men det var ordna former på denne festen. Styrt som eit årsmøte av verten. Kokken tok på seg tilleggs jobb som sekretær, med innlagt tale-skarre-feil.
-Ja, da skrrriver jeg det ned i prrrotokollen, gjentok han ganske ofte.
Den talefeilen haldt han ved resten av kvelden, slik at enkelte trudde den var medfødt.
Så var det kåring av årets gris. Og veging av den tyngste (vinnaren var på 118 kilo).
Enkelte grisevitsar blei det utover kvelden. Men ikkje meir enn det bør vera.

Laurdagen blei for min del brukt til å finna meg sjølv igjen.
Og søndagen tok eg turen bort til griseverten igjen. Der var det rydda og vaska.
Å vera hos ein kamerat ein søndags ettermiddag er svært annleis enn ein fredags fest. Det er veldig roleg, kan me trygt sei.
Så me låg på kvar vår sofa og såg på, ja, nettopp, fotballkamp på tv.
-Dæven, det var eit bra mål.
-mm.
Me seier ikkje så mykje til kvarandre ein slik ettermiddag.
-Eg likar å halda kjeft saman med deg, sa han ein gong.
Og når det er fotballkamp seier me veldig lite.
-Kor var du resten av helga, spør den eine.
-Næææii...., svarar den andre.
Så seier me ikkje meir på ei stund.
-Korleis er det med deg og kjærleiken, då, spør den andre.
-Næææii...., svarar den første.
Etter ei stund er fotballkampen ferdig. Det eine laget har vunne. På tide å rusla heim.
-Snakkast.
-Mm...

TV

Å blåsa i glaset

glas

På Hermetikken er det utstilt maleri, fotografi, sølvsmykker og pyntegjenstandar av glas, i anledning Kulturdagane.
Det siste blir laga av Daniela. Ho er opprinneleg frå Sveits og sidan 1989 busett i Berlevåg.
Ho er ei av dei som har klart å livnæra seg av handtverket sitt. ein finn den arktiske inspirasjonen hennar i alt ho har laga av glaset.

Glas av Daniela

Nå her ho i Vadsø og demonstrerer produksjonen sin. Dei som vil, kan òg få prøva seg på kunsten å blåsa i glaset.

Glas nært

Glade amatørar

Kunstutstilling Hermetikken
Frå kunstutstillinga på Hermetikken

Det er amatørar som stort sett får utfalda seg under kulturdagane i Vadsø. På Vårbrudd, Hermetikken og andre stader finn ein kunst i forskjellige format.
Ungar som går på Kulturskulen får utfalda seg midt på dagen. Og ein av kveldane stemte asylsøkarar i med både norske og afghanske, sjarmerande sangar, blant anna "Mykje lys og varme".

Onsdag var det korkveld på Samfunnshuset. Unntak frå Nesseby/Tana mottok trampeklapp for si rundreise i norsk, svensk, finsk, russisk og samisk musikk.
Verdas mest sjarmerande bussjåfør, Burre var solist då Vadsø Mannssangforening stemte i med "Jag trivs best i (Vadsø`s) öppna landskap". Burre er ein rørsleg kar. Nå pensjonert, men tidlegare høgt elska av alle ungar som tok skulebussen. Og som, etter eit par host og ein støyt mineralvatn, lot sin kjærleik til det opne landskapet ljoma ut i lokalet.
Ein gjeng sjarmtroll er dei heile gjengen, dette mannskoret, med sine raude genserar, lange livserfaring og djupe, røyster.
Det stødige OmSåKor runda det heile av med blant anna sangar om krigen i Finnmark, og ein afrikansk sang.

Og nå er det mange folk ute på konsertane. Endeleg.
Eg trivest og best i ope landskap. Og saman med kollegaene mine, amatørane.

Farvel til sola

Mørketid og luftskipsmast

På tide å ta avskjed med sola.
Ho er rett og slett borte frå nå.
Fram mot romjula blir det berre mørkare og mørkare.
Skal ein leita etter lys i tida framover, så kan det skimtast frå Luftskipsmasta ute på Vadsøya. Byen elles gjer òg sitt beste for å halda mørket på ein viss avstand. Og himmelen gir fargenyansar, laga av sola, langt der borte.

Den mollstemte musikken er ofte den finaste heiter det. Det gjeld vel mørketida òg.

Mørketid og by

Kultur heile veka (uka)

På sida om Kulturuka kan de få vita meir om det som skjer denne veka.
Og på sida til Vadsø Kommune er det daglege oppdateringar om det som skjer.

Jazzlys i mørketid

by i mørke

Det er noko som ikkje stemmer i byen for tida.
Det er så lite folk ute. Nokre av utestadene står nesten tomme ein sein laurdags kveld.
Nokon skuldar på Røykelova. At folk har gått over til private festar. Det kan godt henda. Bra tomt var det i alle fall. Viss det ikkje var for vår vesle gjeng som sat rundt bordet, så hadde byen nærast fortona seg som ein spøkelsesby i går.

Det er i ein slik situasjon at eg set ekstra pris på Vadsø Jazzklubb. Eit trassig lys som berre nektar å slokka.
Det er ganske godt gjort at det er ein slik vital jazzklubb i ein så liten by. Dei hentar den eine dyktige musikaren etter den andre. Samlar ikkje så alt for mange tilskodarar til einkvar tid. Taper sannsynlegvis pengar av og til på for lite billettsal. Men gir aldri opp.

I går sat ein liten gjeng og høyrde på Hallgeir Pedersen Trio. Hallgeir Pedersen er ein ung, lynande dyktig gitarist frå Øksfjord i Vest Finnmark. Be-bop-gitarspelet hans er som ein maraton i hundremeters-tempo. Med nydeleg stil. Og utan at han viser antydning til å bli svett. Med seg hadde han dei svært anerkjente jazzmusikarane Bjørn Alterhaug og Trond Sverre Hansen.

Synd at ikkje fleire får del i gleda av å oppleva slik virtuositet.
Men samstundes er det godt at dei som er der, kjem på grunn av kjærleik til musikken.

Men eg skal ikkje klaga. For det skjer jo eigentleg veldig mykje i vår vesle by. Nå har kulturuka akkurat starta. Og det blir nok ein del folk ute for å oppleva den. Som får byen til å lysa opp endå litt meir.

Bok-kafè i Vadsø

presten

Det blir ikkje heilt det same som på fjernsyn når det er bok-kafè i Vadsø.
Det blir ein litt mindre målestokk, kan me sei.

I alle fall var forfattaren Hanne Ørstavik på plass i biblioteket i går kveld for å bli intervjua om den siste romanen sin, "Presten".
Ørstavik blei født og levde ungdomsåra sine i Aust Finnmark. Og boka handlar om ein kvinneleg prest som flyttar hit.
Kvifor eg gjekk på bok-kafèen?
Var nysgjerrig. Hadde høyrt om henne. Og synes det er spennande å delta i vidt forskjellige miljø.
Bok-kafèen hadde den same ramma som den me ser på fjernsyn. Med ein programleiar med mikrofon som intervjuar forfattaren, òg med mikrofon.
Men det blir litt rart når publikumet, 10-12 stk sit like ved sida av. Og skal høyra på eit intervju via mikrofon.
Difor var det ei i publikumet som foreslo den gode ideen at me berre kunne flytta nærare kvarandre, og gi rom for ein prat mellom publikumet og forfattaren.

Dermed fekk me den meir intime finnmarksvrien tilpassa vår vesle målestokk.
Men samstundes blei eg litt meir ubekvem.
Det var tre mannfolk til stades i forsamlinga. Inkludert intervjuaren. Og eg var ein skikkeleg outsider, kan me sei. Hadde satt meg lengst bak og planlagt å gjera minst mogleg ut av meg. Var der som observatør på ein måte.
Ei av kvinnene lurte på om kvinner og menn reagerte forskjellig på boka.
Folk byrja å sjå seg rundt. Eg byrja å kaldsvetta.
For dersom spørsmålet blei stilt direkte til meg, måtte eg svara at eg er ein typisk mann som ikkje har lest boka.
Det hadde vore som å bli tatt med buksa nede. På kvinnetoalettet. Følte med eitt at det var der eg var.
Men eg blei redda av forfattaren. Som svarte eit eller anna. Og eg kunne pusta ut.

Seinare på kvelden fekk eg med ein gjeng og spelte biljard på den slitne, brune puben Pintos. Frå det eine ytterpunkt til det andre. Eg imponerte ingen med biljard-ferdigheiter heller.

To bloggarar kryssar sine spor

Ragnhild

I kveld var ho Ragnhild på besøk. Ho som har slakta sauer på Island. Som etterkvart har blitt ein ivrig bloggar. Og som har reist omkring i verda, i lang, lang tid.

Dei siste dagane har ho vore på vitjing her i Aust Finnmark. Og i kveld i Vadsø.

Serverte henne heimelaga fiskekaker (av eigenfiska sei), krabbe, nybakt brød, sjølvplukka multebær, kaffe, sjølvlaga tyttebærlikør, øl, akevitt... ja, trur det var det heile (nå byrjar eg å skryta av sjølvlaga mat, igjen).
Ho var i alle fall nøgd.

I morgon drar ho nedover Finland. Og så til Sør Amerika. Til Patagonia. Og til New Zealand.
Om ikkje bloggen hennar var spennande frå før, så blir den det vel i alle fall nå.
Beundrar reiselysta hennar. skulle likt å ha lausrive meg sjølv og gjort noko liknande.

Det var veldig godt å få henne på vitjing. Noko meir sprudlande, fargerik og levande menneske skal du leita lenge etter.
Energien hennar kjem til å sitja igjen i veggene i lang tid.
Langt nedover til Patagonia...

Barne fantasia

Cabaret Fantasia

Det er noko eige med å gå på barneforestillingar.
Høyra ungar som skoggler av tryllekunstnarar og buktalarar. Og sjå sjarmerande kunster frå borna.

Cabaret Fantasia er ei svær forestilling. Det kan ein sjå allereie utanfor Vadsøhallen, der det er så og seia umogleg å finna ein parkeringsplass like før den andre forestillinga denne veka. Vadsøhallen var smekke full i kveld av foreldre, besteforeldre, søsken og andre håpefulle, då Cabaret Fantasia blei halden for femte året på rad.

Eit svært barnekor stod for mykje av musikken.
Og det er så godt å sjå kva ein kan få til, berre ein jobbar godt nok. Særleg når ein veit kva strev som ligg bak, både frå vaksne og ungane.
Har vore litt med i forarbeidet som musikklærar.
Men det er først av alt Ken Ronny, primus motor for forestillinga som har lagt bak seg eit vanvittig arbeid. I fleire månader har han sprunge mellom diverse barnekor, skreve arrangement til langt på natt, ordna og triksa.

Så når applausen kjem frå eit fulltallig publikum er det fullt fortent.

cabaret fantasia bjørnar
Godt dresserte cabaret-bjørnar

Trolldom med tyttebær

Tyttebær

Lagar ei ny ladning med tyttebærlikør.
Det er ganske enkelt. 2/3 med bær i eit stort syltetøyglas, 1/3 sukker, fyll opp med sprit, snu glaset kvar dag inntil sukkeret er løyst opp og alt er godt blanda. La det stå ei stund og sil safta til slutt gjennom kaffefilter.

Denne oppskrifta kan følgjast med alle typar bær.
Men tyttebærlikør er min favoritt. Tyttebæra gir svært mange smaksnyansar. Du kan kjenna forskjellige smakar etterkvart som likøren glir bakover tunga.
Så hiv deg rundt, finn fram tyttebæra og nyt.

Første lutefisk nytelse

Lutefisk
(Foto: Per Eide)

Kom hoppande ein time for seint, men kom til fram til slutt, til det første lutefisklaget i går.
Ein gjeng som var samla rundt bordet på utestaden Sokey.
Har ennå, utpå søndags føremiddag den harmoniske følelsen eg får i heile kroppen etter inntak av lutefisk. Det må vera noko med den lutinga som eg reagerer så positivt på. I tillegg til alt tilbehøret; Ertestuing, bacon, brunost, sennep, øl og akevitt.

Ho som tromma saman til laget hadde gått glipp av ein gratis helgetur til Tromsø som jobben hennar spanderte. Sidan ho er med i KoriFinnmark og var med på konserten/messa i kyrkja fredag, ofra ho seg og blei igjen i Vadsø.
Ho syntes naturleg nok såpass synd på seg sjølv at ho måtte gjera noko med det.
Løysinga var å samla saman ein gjeng til lutefisk.
Godt gjort!

På handletur

Butikk i Nuorgam

Nuorgam er det forjettede land for oss i Aust Finnmark.
Ein liten stad som ville ha vore endå mindre, om det ikkje var for at den ligg like over grensa til Finland, med lågare prisar enn her i Noreg.

Der drar me og handlar bygningsmaterial, bensin og kjøtt. Blant anna. I det siste har Alko kome til, den finske varianten av vinmonopol. Og sprit er i alle fall billegare i EU-landet.
Butikken i Nuorgam er ikkje så stor, men har ein velfyllt kjøttdisk.

Elles veit eg ikkje heilt kor mykje me eigentleg sparer med den lange turen til Finland. Men det er kanskje det norske jaktinstinktet når me havnar utanlands som er den største drivkafta. Ein ser på det spesielle, ville blikket kven som er nordmenn i butikken.

Hadde med meg Lutanda og Habonimana på handleturen i dag. Dei hadde høyrt om det billege landet i sørvest. Men trur ikkje dei vart så veldig imponert over prisane.

Lutanda og Habonimana i Nuorgam

Scootercaps og kongorytmar

Fleirkulturelt Vestre Jakobselv
(Foto: Trond Alfred Holm)

Det var litt av eit syn.
Trauste, kvenske læstadianarar ved sida av afghanske ungdommar. Lokale typar med scooterjakke og caps i samkvem med kongolesarar i fargerike kreasjonar.

Åstaden var Vestre Jakobselv, to mil innanfor Vadsø.
For byfolk er denne bygda generalisert som ein stad med streng læstadianisme, scooter og hytteliv. Og berre det.
Den generaliseringa har dei tydelegvis tenkt å ta eit oppgjer med.
For første gong hadde dei nemleg eit fleirkulturelt arrangement.
Skulen hadde heile veka jobba med dette temaet og invitert flyktningar og asylsøkarar til bygda.
Torsdags kvelden var det underhaldning.
Med servering av kongolesisk mat. Og med musikk og dans frå forskjellige verdshjørner. Og bygdefolket møtte opp. Dei fekk dermed til det mest vellykka, fleirkulturelle arrangementet så langt i kommunen.

I går var det messe i Vadsø Kirke. Framført av eit stort antal strykarar, blåsarar, jazzmusikarar, solistar og Kor i Finnmark. Leia av dirigent Bjørn Andor Drage. Artig å vera med på.
I dag drar ensemblet til Tromsø for å framføra messa med eit nytt kor. Etterpå til Bodø.
Kvelden i går blei avrunda med litt blues innan det var på tide å tusla heim.

Det skjer i Vadsø

Skulle de ha lyst til å gå ut i Vadsø med omegn ein av dei næraste dagane, eller har tankar om ein liten svippomtur til Vadsø, så kan eg anbefala desse kulturelle aktivitetane i dagane framover;

* Fleirkulturelt arrangement på skulen i Vestre Jakobselv torsdag 11. november kl. 18.00
(der skal blant andre Boel, Lutanda og eg opptre),

* Thanksgiving fest på Vårbrudd, arrangert av Liberiansk Forening, torsdag 11. november kl. 18.00,

* Jubelmesse i Vadsø Kirke, fredag 12. november kl. 19.30
Ei nordnorsk messe med strykeorkester, KoriFinnmark, solistar, blant anna joik (der er eg og med, i koret)

* Bluesartisten Kristin Berglund saman med Husbandet til MusikkiFinnmark, Fredagsklubben, Boksen, Fredag 12. november kl. 22.00

* Godt Selskap, med klassisk musikk og vinservering kjem snart igjen, så vidt eg har sett. Men har ikkje heilt oversikt over tidspunkt og slikt.

* Barneforestillinga Cabaret Fantasia kjem i neste veke.

* Som om ikkje dette er nok, så blir det "Kulturuke" i slutten av månaden, med diverse framføringar av lokale artistar.

Mat inflasjon

Er det berre meg, eller byrjar det å bli mange innlegg og diskusjonar om mat i sprayblogg?
Har på kort tid sett innlegg om nokon av dei mest spanande, norske rettane me har;
Lutefisk, rakfisk og smalahovud, sistnemnde med illustrerande bilete.
Finnes det fleire interessante eksempel på temaet mat i bloggane her?

Matorgie i Nesseby

mat i Nesseby

Ein gong i året blir alle bygdefolk og andre interesserte inviterte til stor matfest i Nesseby, omlag fire mil innover fjorden.
Det blir servert tradisjonsrik norsk og samisk mat, som bidos, blodklubb, elggryte, rype, kveite m.m. I tillegg eit stort dessertbord med råmelkspudding, diverse bærkompostar o.s.v.
Me kan eta så mykje me vil for den nette sum av 100 kroner.

matselskap i Nesseby

Dermed var det ikkje fritt for at ein del av oss tok godt for oss i forskjellige rettar, då dette blei arrangert i dag.
Etter maten var det noko så spesielt som oppvisning i karate frå den lokale klubben.
Medan atletane foretok høge spark, hadde me andre nok me å finna igjen pusten etter matinntaket.

matselskap og karate i Nesseby

Mørketid i fjæra

Fjæra i mørketid

Det går mot mørketid.
Om ikkje så lenge forsvinn sola heilt. Fram mot romjula blir det berre ein time med litt dagslys. Frå ei sol som ligg langt, langt bak fjella.
Det er ikkje til å koma frå at det slit. Kroppen treng sollys. Og det kan vera lett å halda seg inne, bort frå dette mørket. Klynga seg til det svake, elektriske lyset.
Men det beste kan vera å koma seg ut denne tida. For eksempel dra til fjæra, som er like spennande i alle typar lys.

Var ein tur i fjæra i to-tida i går, då det allereie hadde byrja å mørkna.
Det gjeld å sjå etter dei forskjellige, mørke fargenyansane på himmelen og i havet.
Snublar over små rester etter krigen. Litt rusten piggtråd. Som kanskje har rusta heilt bort om nye, 60 år. Synes eg høyrer dei svake drønna frå murrestane etter ei tysk kanonstilling.
Langt ute i aust lyser ein oljetankar. Som går i skytteltrafikk mellom Murmansk og Rotterdam med sin dyrebare og farlege last.
Ein einsleg krabbefiskar tøffar inn mot land.
På tide med helg for ein som har jobba hardt heile veka.

Fjæra og krabbebåt i mørketid

Mannfolk rundt frukostbordet

Frukostbord

Det var nokre jenter som ein gong sa at dei gjerne skulle vera fluger på veggen når berre mannfolk var samla. Dei skulle gjerne ha funne ut korleis mannfolka oppførte seg utan kvinner til stades.

Vel, dette er dagen då de ikkje treng å lura lenger. For i dette innlegget har eg tenkt å koma med den store avsløringa.

Det beste eksempelet på mannfolkfellesskap er når sonen min og eg sit rundt frukostbordet. Langt, langt frå næraste kvinnfolk.
For det første er frukostbordet berre sånn passe pynta opp.
For det andre sit me og rapar og det som verre er, utan blygsel.
-Dra meg i fingeren, seier sonen min brått.
Så drar eg han i peikefingeren, og ein velkjent lyd bryt fram. Frå den andre enden av universet vårt.
Så ler me godt begge to.

Men det er enkelte kvinner som har fått ein viss innsikt i denne løyndommen, som har vore på vitjing og blitt invitert til matbordet.
Midt i mellom høfleg konversasjon kan det brått bryta opp ein buldrande rap frå dei djupe skogar.
For det er ikkje så lett å hugsa på at det skal vera ein type oppførsel med gjester og ein utan.

Men til alle dykka andre; De bør føla dykk æra. For de har nå fått del i ein av dei siste, gjenverande løyndommar her i verda.

(Litt nynorsk-oversetjing for dykk som har problem med enkelte uttrykk:
-vitjing: besøk
-løyndom: hemmelighet)

Ting og tang

ting og tang

Har samla meg opp ein del ting med åra. Det kan vel vurderast som skrot. Men for meg er det viktige ting som eg nektar å kasta.
Det som ligg fremst er litt uskarpt. Men den svarte, flate steinen lengst framme er ein bit skifer frå steinbrotet i Friarfjord. Som mannen til mora til sønnen min eig (i dagens moderne familiestruktur).
Oppå der ein liten bit av ein trebåt, funnen i fjæra i Vadsø. Til høgre ein liten, grøn krystall pynta med noko koppartråd. Kjøpt av ei lita jente på ein marknad i Tallin i Estland.
Heilt til høgre ein svart figur av Aztek-kongen Montesuma. Laga av vulkanstein, etter det eg hugsar. I rett belysning gir den svarte figuren eit vakkert grønnskjær. Var på tur i Mexico for nokre år sidan og handla souvenirar så eg nestan gjekk konkurs.
Heilt til venstre ein rar stein funnen i fjæra. Det er liksom ein stein kledd inn av ein annan stein. Med hol. Trur denne steinen må ha blitt ført nordover av isen under istida for 10.000 år sidan. For her er det elles berre sandstein.
I den største flaska er det ei samling med marmorsteinar frå Hellas. I den minste ouzoflaska kan de sjå det eg har igjen av litt sand frå ei strand i Hellas. Den turen er noko av det mest behagelege eg har opplevd. Fekk elles ei venninne til å vera med og bera fleire kilo med vakre marmorsteinar heim. Var så ivrig at eg ikkje tenkte på den grove utnyttinga i beringa. Då.
Og i midten ein blå, svensk glas-talisman. Var ein tur på Nordkapp og fnyste av alle dei dumme souvenirane dei selde til dumme turistar. Inntil eg brått kom over denne talismanen. Falt fullstendig for den og betalte fleire hundre kroner. Og vart med eitt ein dum turist, sjølv.

Så denne samlinga er liksom til saman eit bilete av meg, på ein måte.

Å jobba i tospann

vindauge i Tallin

Har ein jobb kor det ofte blir arbeidd i tospann. To som samarbeider om ei oppgåve. Har vore så heldig å jobba med kvinner i desse tospanna. Har slitt ut fire kvinner så langt. Og nå snart er den femte på veg ut i permisjon.

Det har jo òg sin pris når det er mange av dei til stades på ein arbeidsplass. Det kan bli ein del mas, for å sei det slik. Og det er ikkje slik at maset nødvendigvis resulterer i noko konkret. Alt medan mennene i kollegiet sit og kikkar oppi taket og ventar på at maset skal bli ferdig.

Men det er ein ting kvinner har, som me menn stort sett manglar; Ryddighet.
Dei passar på at det er fint og oversiktleg i det daglege arbeidsrommet. At rutinar og system er på plass.
Difor har me utfylt kvarandre i våre tospann. Dei kvinnelege kollegaene venner seg til å passa på mine litt meir hanglande system.
-Har du hugsa på det? Og på det?
-Å, ja. Det var sant, ja.
(Korleis eg fyller ut med mine, mannlege eigenskapar, er eg forresten litt meir usikker på.)

Det ser ut som om kjønnsrollemønstra tyt fram, uansett utvikling i samfunnet vårt. Me menn gjer så godt me kan, men det finns ei grense.

Håpar forresten at den neste "tospanns-kollegaen" min òg blir ei kvinne. Elles kan det bli skikkeleg rot, her.

juli 2005
ma ti on to fr
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
             
hits