Naturalhushald
Det er forsåvidt fleire ting som gjer meg lykkeleg. Men ein ting er i alle fall å kunna eta min eigen mat.
Sit uti hagen akkurat nå (ja, har fått litt sol igjen). Med pc-en og diverse matrester.
Middagen bestod av;
-Sjølvplukka sopp,
-sjølvplukka poteter frå hagen. Dei første som er tatt opp i år,
-og...(sjølvplukka) spaghetti...
For å finna dessert, gjekk eg to meter bort i buskane og fann;
-sjølvplukka solbær
-og...Sørlandsis og kaffe.
Ja, ok, måtte altså ha litt hjelp frå Sørlandet, Italia og Sør Amerika eller noko slikt for å gjera måltidet komplett.
Har elles vore ein del i skogen i helga og saga ved og plukka blåbær (og altså sopp). I oktober er det tid for reinslakting, så det blir å dra til Krampenes for å kjøpa ein reinskrott. Det blir nesten det same som sjølvplukka.
Så dermed skulle eg vera rusta for vinteren.
Sit uti hagen akkurat nå (ja, har fått litt sol igjen). Med pc-en og diverse matrester.
Middagen bestod av;
-Sjølvplukka sopp,
-sjølvplukka poteter frå hagen. Dei første som er tatt opp i år,
-og...(sjølvplukka) spaghetti...
For å finna dessert, gjekk eg to meter bort i buskane og fann;
-sjølvplukka solbær
-og...Sørlandsis og kaffe.
Ja, ok, måtte altså ha litt hjelp frå Sørlandet, Italia og Sør Amerika eller noko slikt for å gjera måltidet komplett.
Har elles vore ein del i skogen i helga og saga ved og plukka blåbær (og altså sopp). I oktober er det tid for reinslakting, så det blir å dra til Krampenes for å kjøpa ein reinskrott. Det blir nesten det same som sjølvplukka.
Så dermed skulle eg vera rusta for vinteren.
Om pizza og gamle vanar

Pizzaen frå i går
Det er laurdags føremiddag. Sønnen min er her i helga. Han søv framleis.
Før, i hine hårde dagar var han oppe halv fem, klar for dagen. Hugsar med skrekk korleis eg sjangla og snubla meg fram til play-knappen på videoen (video er Guds gåve til småbarnsforeldre)før eg stupte ned på sofaen.
Nå, etter kvart som han har blitt eldre, har det snudd seg. Nå er det han som søv, og eg som er vaken.
Så lenge me begge kan hugsa, har me hatt faste rutinar desse helgane. I basseng fredags ettermiddag. Pizza om kvelden. Laga av Toro Pizzafyll-pose og salami. Og Gud hjelpe meg viss eg prøvde å endra den oppskrifta. Då var helga øydelagt. Laurdags føremiddag var det å gå på Hildonen, det lokale bakeriet. På ettermiddagen graut. Søndag ut på tur. På fjellet eller i fjæra.
Sit og minnest. Om alle bøkene me har lest saman. Om då me sat på golvet med ei dyne over oss og såg på barnetv.
Det er sjølvsagt slutt med akkurat det. For han veks jo, som alle andre. Har byrja på ungdomsskulen. Blir snart tenåring.
Og før eller seinare, i løpet av tenåra hans, blir det kanskje ikkje så interessant for han å plaska saman med meg i bassenget. Eller å gå på Hildonen. Eller å eta pizza laga av Toro-pose og salami.
Men i går åt me pizzaen, som vanleg. Og nå, snart, når han har stått opp, drar me på Hildonen.
God helg.
Sport og spell

I desse OL tider tenkte eg å ta med eit noko meir lokalt sportsarrangement. Sønnen min på 12 år er nemleg svært sportsleg. Han deltar i fotball, håndball og friidrett. Syklar av og til 2,5 mil til trening. Trener mykje for seg sjølv gjer han òg.
I fjor vinter susa han ifrå meg i skiløypa. Det var takken for at eg hadde hatt han med på fjellet frå han omtrent klarte å gå.
Alle aktivitetane hans inneber òg at det blir ein del å gjera for meg. som å vera funksjonær på stevne. Slik eg var i helga. Som å baka kaker. Selgja lodd. Leggja golv til salgsmesser. Reisa ut på nye stevner.
Har sluppe unna ein del av dette til nå. Men nå framover ser det ut til det ikkje er noko veg utanom.
Så der suser sønnen min avgårde, topptrent på løpebanen. Og det er jo ikkje så lett for meg å halda meg i like god form, når eg må stå i ei bu og selgja pølser!
Føler meg brått så gammal...
Ragnhild har laga blogg

Ragnhild, som eg har skreve om tidlegare, har laga sin første blogg. Ho er ein omreisande globetrottar som har budd ute i Hamningberg i sommar, og som har livnært seg på å selgja sine eigne, hekla luer.
I dag har ho dratt til Island for å slakta sauer.
Ho har med andre ord eit svært omskiftande liv som det blir spennande å følgja med på i bloggen hennar. Det er berre å sjå på dei første bileta hennar, frå Grønland. Forutsetninga er vel at ho finn pc og inspirasjon til å skriva. Så viss ho får gode kommentarar, kan vel det bli ein inspirasjon.
Adressa er www.loffen.sprayblogg.no
Hit, men ikkje lenger...

Det er rart kva ein kan få seg til å gjera. Som for eksempel å spa vekk gras. Og rart korleis gras er gras på den eine sida av ei tilmålt grense, og ugras på den andre.
Det blå tauet markerer i alle fall mi grense, sidan ugraset er i ferd med å eta seg inn over heile oppkjørselen.
Etter å ha spadd opp alt dette, er planen å leggja noko presenning (har veldig tru på det materialet) og ny singel i oppkjørselen.
Men det er eit helsikes arbeid. Angrar nestan på at eg byrja, når eg ser kor mykje som er igjen.
Og eigentleg veit eg at eg har starta ein kamp som eg er dømt til å tapa. For ugras, det kjem opp igjen, alle vegar, uansett kva eg gjer. Særleg når det har fått tilnamnet "ugras".
Burde kanskje heller ha levd etter mottoet; "If you can`t beat them, join them..."
Skitt fiske...

Det er ikkje nødvendig å lyga på seg fiskeskrøner når ein drar ut på Varangerfjorden.
Og denne historia er definitivt ingen skrøne, for dykk som er vante til å sitja i fleire timar for å få ein liten mort på kroken.

Sjøulken Lars
Drog ut på fjorden grytidleg om morgonen saman med Lars og Boel for å henta opp fisk for vinteren. Været var kjøleg, klart og roleg. Perfekt for ein fiskedag. Niser som jaga forbi like ved båten, og ei mengd med sjøfugl på jakt etter småfisk, vitna om at det skulle vera nok stor fisk òg.

Ja, da. Snøra var ikkje før kome uti ved Kibygrunna, før det rykka til. Samtlege fem anglar var faste i 2-3 kilos sei.
Det blei eit svare strev å dra fisken ombord for sarte kontornevar.
Ikkje lenge etter var begge fiskekassane fullstappa med stor sei.


Tilbake i hagen venta fleire timar med filetering. Så steiking av fiskekaker.

Til slutt var det å invitera gjester til diverse rettar. Laga av så fersk sei at fiskekaker og ostepanert sei sprella bortover bordet. Hu-ha....

(Lars har forresten sin eigen blogg, "Journal", som de finn blant lenkene mine.)
Lys og regn


Måtte berre formidla dei forskjellige fargane som utspelte seg i kveld, utanfor stovevindauget mitt.
Det vart ein kamp mellom regn og lys. Eit kraftig regnvær såg ut til å velta inn over byen, men tapte brått mot lyset. Enn så lenge.



Det har blitt kjølegare her nå. kveldane har blitt mørkare. Ser ut til at det går mot haust. Det betyr at lufta blir klarare, og at det kjem til å bli masse fargar framover.
På jakt etter viddas gull

Har du først opplevd det ein gong, så sit det spikra i erindringa for resten
av livet. den gongen du kom over den verkeleg gode multemyra.

For mange år sidan gjorde nettopp det eit enormt inntrykk på meg. Me hadde gått lenge, gjekk inn i ein liten skog, og der, i ein liten opning av skogen; Opna Soria Moria slottet seg. Tett i tett med multer på størrelse med druer. Store druer. Det var berre å setja seg ned og plukka og plukka. Utanfor skogen kunne me høyra folk. Men dei stansa ved buskaset og snudde tilbake til myra. Uvitande om kva for ein skatt som låg berre nokre meter frå dei.
Seinare har eg aldri funne den skogflekken igjen. Det blei med den eine gongen.

Nå, i år har det vore rapportert om store forekomstar. Men mesteparten skal ha kokt bort i sommarvarmen, allerede nå.
Odd og eg prøvde oss likevel i dag. Me kom over ein del bleike "multelik". men òg flekkar med fine bær.
Like nord for Vadsø ligg det milevis med multemyrar. Og det pleier aldri å vera noko problem å finna nok bær for dei som vil ha. Ikkje for oss heller. Spanna våre fylte seg etterkvart opp.

Men det var den skogen som lokka. så me bevega oss mot den. Det byrja etterkvart å regna. Men me traska vidare gjennom buskaset. Innimellom trea fann me fleire flekkar med ganske store, fine bær. Men ikkje den størrelsen og mengda eg kunne hugsa. Regnet hølja etterkvart ned. Odd måtte tilbake til jobb. Det var berre å snu. Vassa tilbake over myra. Heim, søkkblaute og med spannet ganske fullt av multer.
Men ein dag skal eg finna igjen den skogsflekken. Berre vent...

Kasta ut

Å bu i ein by med mange asylsøkjarar inneber at ein av og til mister gode vener.
Var på flyplassen i dag og tok avskjed med Bimba og fire andre ungdommar frå Mongolia.
Det ser ut til at det blir ein ny runde med utkastingar nå. Menneske som får politiet på døra tidleg om morgonen og beskjed om å pakka fort, før dei blir satt på første fly.
For mange som bur her, er det like opprivande kvar gong. Mange av asylsøkjarane har budd her i lang tid og satt sitt preg på byen. Og så ein dag er dei brått borte.
Kalottspel mellom fjell og tåke

Ut av tåka, omkransa av høge fjell, var me brått der. Målselv i Indre Troms. Eit område som for nokre generasjonar sidan blei befolka av nybyggjarar frå dalane i Sør Noreg. Dei har framleis sin eigen, særprega dialekt. Og framleis spelar både gamle og unge fele, og dansar gammaldans.

Denne vesle kommunen er åstaden for Kalottspel, ein folkemusikk-festival. Dei er ikkje så mange som deltar. Men dei fungerer som ein stor familie når dei er saman.
Det skulle bli ei spesiell oppleving for meg som var der for første gong. Små intimkonsertar, vokalkonsert i ei grotte, dans på lokalet akkompagnert av alt frå sang, munnharpe, toradar og fele. Og felespeling nestan døgeret rundt. Folk samla seg, tok med fela og spela saman til langt på morgonen.
Eg trudde for min del at eg mestra gammaldans ganske greitt. Men der tok eg feil, gitt. Polka og reinlender er ikkje berre polka og reinlender. Dei har ei mengd turar som eg ikkje ante noko om på førehand. Desssutan har ein Rørospols, Nordlandspols, hambo og diverse som eg ikkje klarte å få med meg.

Erfarne dansarar hjalp meg villeg med lynkurs, men det var ikkje berre, berre.
Det var uansett imponerande å sjå korleis dyktige folk dansa. Til og med til reine vokalnummer. Og halling blei gjennomført med overtyding.

Og så var det konsertar. Det var fascinerande å høyra så mange dyktige, unge musikarar. Blant høgdepunkta var Majorstuen Spelemannslag og Jon Anders Halvorsen og Tore Bruvoll. Sistnevnte med stev og gitar. Anbefaler plata deira, "Nattsang".
Øistein Hanssen frå Tromsø demonstrerte bruk av bukkehorn og si eigenproduserte fløyte, laga av stilken på ei Tromsø-palme! Det høyrdest enormt ut!
Og det var kurs i felespel og sang. Eg deltok i det siste. Lærte eit utval sjangrar.

Siste høgdepunkt kom søndag, eit Barentssamarbeid med norske og russiske ungdommar. I løpet av festivalen hadde dei laga ei forestilling om norsk-russisk samkvem, der norsk og russisk folkemusikk blei blanda.
Så var det å dra heim, med tåke og diverse feleslåttar i hovudet...
Festival i Vadsø

Foto: Bjarne Riesto. (Han har elles svært fine bilder frå Varanger på heimesida si;
Skulle det vera mogleg, anbefaler eg på det sterkaste å vitja Varangerfestivalen i Vadsø denne veka.
Denne festivalen får ein elles roleg by til å eksplodera i fargar og musikk i fire hektiske dagar.
Det blir artistar frå Noreg, Russland, Finland, Sverige, Danmark og Sapmi, står det på heimesida deira. Av artistar i år, er blant andre, Niko Valkeapaa, Afrisah, Sondre Lerche, Lill Lindfors og Anne Grethe Preus, m.fl.
Mest av alt er det stemninga. Det sydar og kokar både dag og natt. Og med temperaturen nå for tida, ligg det an til noko stort i år...
Informasjon om festivalen finn de på sida til Vadsø Jazzklubb;
www.varangerfestivalen.no
Omtale av festivalen blir å finna i
Finnmarken;
og NRK Finnmark,
Sjølv kjem eg for første gang på femten år til å vera borte frå denne festivalen. Drar til Målselv i Troms og til Kalottspel for å høyra og delta på kurs i folkemusikk.
Info om denne festivalen er her;

(Bilete frå heimesida til Kalottspel)
Sydenliv i Kirkenes

ved Sandnes like ved Kirkenes ligg denne naturperla. Langs Langfjorden er det mange sandstrender som innbyr til Sydenliv. Som her ved denne elva, som og sørger for varmt vatn og langgrunne for små barn.
Eit roleg og behageleg familiebesøk førte til at eg fekk slappa av her, i 27 grader i dag.
Telt rock i Kirkenes

Epnut Noylers i Rica Teltet
Kirkenes baud opp til rock i teltet i helga.
I samband med Kirkenesdagan har det årvisse Rica Teltet vore open for lokal rock.
Stor stemning og masse folk når blant andre Epnut Noylers spela fredags kvelden. Og temperaturen haldt seg i sånn sydenleget.