Ut på byen

Det skjer i Vadsø igjen. I kveld, laurdag kl. 22 er det konsert, "Bossa Nordpå" på Boksen på Hermetikken. Heftige, brasilianske rytmar ifølgje førehandsomtalen, framført av nordnorske musikarar og sangar Marit Sandvik.

I morgon blir det konsert i kyrkja kl. 18........nei, søren. Nå har eg tatt feil på datoen. Det er søndag 6. februar. Obs, obs! (Og eg som har sagt til diverse folk at det er søndag 30.) I alle fall er det ein ny støttekonsert for flaumofra, denne gong arrangert av det liberianske gospelkoret. Der skal me i Daap òg opptre.

"Så løp og hør!"

(Søndag den 6. februar...)


Arktisk fotball

Fotballhallen


Det har tradisjonelt sett ikkje vore særleg lett å bli fotballstjerne her i arktiske strok. Fotball, snø og masse vinter høver jo ikkje så godt saman.

Difor har dei fleire stader i fylket flytta fotballen innandørs, som i denne fotballhallen i Vadsø. Dermed kan dei springa på grønt "gras" heile året og ha fotballturneringar, slik dei hadde det i går.

Då blei det halden "Sigurd Rushfeldt-cup".

 

Sigurd Rushfeldt er ein av Vadsø sine største sønner. Folk i byen er veldig stolte over å ha fostra ei slik stjerne. Like mykje gjeld det Morten Gamst Pedersen. Ein kan sjå det i blikket på gamlekara kor stolte dei er. Når dei sit på den brune puben Pintos og ser fotballkamp der ein eller begge stjernene er involvert.

Og det er stort for dei yngre, håpefulle som spring omkring i fotballhallen, når Rushfeldt og Gamst Pedersen kjem innom og lærer frå seg eit og anna tricks.

 

Sonen min er ein av dei håpefulle. Har difor for lengst avtalt med han, at viss han blir ei fotballstjerne, så skal han kjøpa eit nytt, stort, fint hus til meg. Og ein ny bil. Ein BMW Cabriolet, eller noko slikt.

Og berre så det er sagt; I går var han med på laget som vann finalen i "Sigurd Rushfeldt-cup".


Siste vals for Fireflies

 

Jentegruppa Fireflies hadde avskjedskonsert på Zero-kafèen i ettermidag. Vel. Avskjedskonsertar har ein tendens til å bli gjentatt her. Så det er ikkje umogleg at det blir ein til. Og så ein til. Etter det eg veit, har dei i alle fall hatt minst ein avskjedskonsert tidlegare.

 

Fireflies har opptrådt med swingande, amerikanske slagarar, som "Drinkin Rum and Coca Cola" i ein kombinasjon av god, fleirstemt vokal, sjarme og innøvde rørsler.

Men så skjer det som ofte skjer i Vadsø. Nokon flyttar. Og det blir vanskeleg å fortsetja. Denne helga var derimot alle samla i byen. Men snart skal visst endå fleire av dei flytta. Så det spørs kor mykje Fireflies det blir til slutt.

Synd. For slik sjarme trengs i byen.

 


Å blåsa i glaset

glas

På Hermetikken er det utstilt maleri, fotografi, sølvsmykker og pyntegjenstandar av glas, i anledning Kulturdagane.
Det siste blir laga av Daniela. Ho er opprinneleg frå Sveits og sidan 1989 busett i Berlevåg.
Ho er ei av dei som har klart å livnæra seg av handtverket sitt. ein finn den arktiske inspirasjonen hennar i alt ho har laga av glaset.

Glas av Daniela

Nå her ho i Vadsø og demonstrerer produksjonen sin. Dei som vil, kan òg få prøva seg på kunsten å blåsa i glaset.

Glas nært

Glade amatørar

Kunstutstilling Hermetikken
Frå kunstutstillinga på Hermetikken

Det er amatørar som stort sett får utfalda seg under kulturdagane i Vadsø. På Vårbrudd, Hermetikken og andre stader finn ein kunst i forskjellige format.
Ungar som går på Kulturskulen får utfalda seg midt på dagen. Og ein av kveldane stemte asylsøkarar i med både norske og afghanske, sjarmerande sangar, blant anna "Mykje lys og varme".

Onsdag var det korkveld på Samfunnshuset. Unntak frå Nesseby/Tana mottok trampeklapp for si rundreise i norsk, svensk, finsk, russisk og samisk musikk.
Verdas mest sjarmerande bussjåfør, Burre var solist då Vadsø Mannssangforening stemte i med "Jag trivs best i (Vadsø`s) öppna landskap". Burre er ein rørsleg kar. Nå pensjonert, men tidlegare høgt elska av alle ungar som tok skulebussen. Og som, etter eit par host og ein støyt mineralvatn, lot sin kjærleik til det opne landskapet ljoma ut i lokalet.
Ein gjeng sjarmtroll er dei heile gjengen, dette mannskoret, med sine raude genserar, lange livserfaring og djupe, røyster.
Det stødige OmSåKor runda det heile av med blant anna sangar om krigen i Finnmark, og ein afrikansk sang.

Og nå er det mange folk ute på konsertane. Endeleg.
Eg trivest og best i ope landskap. Og saman med kollegaene mine, amatørane.

Kultur heile veka (uka)

På sida om Kulturuka kan de få vita meir om det som skjer denne veka.
Og på sida til Vadsø Kommune er det daglege oppdateringar om det som skjer.

Jazzlys i mørketid

by i mørke

Det er noko som ikkje stemmer i byen for tida.
Det er så lite folk ute. Nokre av utestadene står nesten tomme ein sein laurdags kveld.
Nokon skuldar på Røykelova. At folk har gått over til private festar. Det kan godt henda. Bra tomt var det i alle fall. Viss det ikkje var for vår vesle gjeng som sat rundt bordet, så hadde byen nærast fortona seg som ein spøkelsesby i går.

Det er i ein slik situasjon at eg set ekstra pris på Vadsø Jazzklubb. Eit trassig lys som berre nektar å slokka.
Det er ganske godt gjort at det er ein slik vital jazzklubb i ein så liten by. Dei hentar den eine dyktige musikaren etter den andre. Samlar ikkje så alt for mange tilskodarar til einkvar tid. Taper sannsynlegvis pengar av og til på for lite billettsal. Men gir aldri opp.

I går sat ein liten gjeng og høyrde på Hallgeir Pedersen Trio. Hallgeir Pedersen er ein ung, lynande dyktig gitarist frå Øksfjord i Vest Finnmark. Be-bop-gitarspelet hans er som ein maraton i hundremeters-tempo. Med nydeleg stil. Og utan at han viser antydning til å bli svett. Med seg hadde han dei svært anerkjente jazzmusikarane Bjørn Alterhaug og Trond Sverre Hansen.

Synd at ikkje fleire får del i gleda av å oppleva slik virtuositet.
Men samstundes er det godt at dei som er der, kjem på grunn av kjærleik til musikken.

Men eg skal ikkje klaga. For det skjer jo eigentleg veldig mykje i vår vesle by. Nå har kulturuka akkurat starta. Og det blir nok ein del folk ute for å oppleva den. Som får byen til å lysa opp endå litt meir.

Bok-kafè i Vadsø

presten

Det blir ikkje heilt det same som på fjernsyn når det er bok-kafè i Vadsø.
Det blir ein litt mindre målestokk, kan me sei.

I alle fall var forfattaren Hanne Ørstavik på plass i biblioteket i går kveld for å bli intervjua om den siste romanen sin, "Presten".
Ørstavik blei født og levde ungdomsåra sine i Aust Finnmark. Og boka handlar om ein kvinneleg prest som flyttar hit.
Kvifor eg gjekk på bok-kafèen?
Var nysgjerrig. Hadde høyrt om henne. Og synes det er spennande å delta i vidt forskjellige miljø.
Bok-kafèen hadde den same ramma som den me ser på fjernsyn. Med ein programleiar med mikrofon som intervjuar forfattaren, òg med mikrofon.
Men det blir litt rart når publikumet, 10-12 stk sit like ved sida av. Og skal høyra på eit intervju via mikrofon.
Difor var det ei i publikumet som foreslo den gode ideen at me berre kunne flytta nærare kvarandre, og gi rom for ein prat mellom publikumet og forfattaren.

Dermed fekk me den meir intime finnmarksvrien tilpassa vår vesle målestokk.
Men samstundes blei eg litt meir ubekvem.
Det var tre mannfolk til stades i forsamlinga. Inkludert intervjuaren. Og eg var ein skikkeleg outsider, kan me sei. Hadde satt meg lengst bak og planlagt å gjera minst mogleg ut av meg. Var der som observatør på ein måte.
Ei av kvinnene lurte på om kvinner og menn reagerte forskjellig på boka.
Folk byrja å sjå seg rundt. Eg byrja å kaldsvetta.
For dersom spørsmålet blei stilt direkte til meg, måtte eg svara at eg er ein typisk mann som ikkje har lest boka.
Det hadde vore som å bli tatt med buksa nede. På kvinnetoalettet. Følte med eitt at det var der eg var.
Men eg blei redda av forfattaren. Som svarte eit eller anna. Og eg kunne pusta ut.

Seinare på kvelden fekk eg med ein gjeng og spelte biljard på den slitne, brune puben Pintos. Frå det eine ytterpunkt til det andre. Eg imponerte ingen med biljard-ferdigheiter heller.

Barne fantasia

Cabaret Fantasia

Det er noko eige med å gå på barneforestillingar.
Høyra ungar som skoggler av tryllekunstnarar og buktalarar. Og sjå sjarmerande kunster frå borna.

Cabaret Fantasia er ei svær forestilling. Det kan ein sjå allereie utanfor Vadsøhallen, der det er så og seia umogleg å finna ein parkeringsplass like før den andre forestillinga denne veka. Vadsøhallen var smekke full i kveld av foreldre, besteforeldre, søsken og andre håpefulle, då Cabaret Fantasia blei halden for femte året på rad.

Eit svært barnekor stod for mykje av musikken.
Og det er så godt å sjå kva ein kan få til, berre ein jobbar godt nok. Særleg når ein veit kva strev som ligg bak, både frå vaksne og ungane.
Har vore litt med i forarbeidet som musikklærar.
Men det er først av alt Ken Ronny, primus motor for forestillinga som har lagt bak seg eit vanvittig arbeid. I fleire månader har han sprunge mellom diverse barnekor, skreve arrangement til langt på natt, ordna og triksa.

Så når applausen kjem frå eit fulltallig publikum er det fullt fortent.

cabaret fantasia bjørnar
Godt dresserte cabaret-bjørnar

Scootercaps og kongorytmar

Fleirkulturelt Vestre Jakobselv
(Foto: Trond Alfred Holm)

Det var litt av eit syn.
Trauste, kvenske læstadianarar ved sida av afghanske ungdommar. Lokale typar med scooterjakke og caps i samkvem med kongolesarar i fargerike kreasjonar.

Åstaden var Vestre Jakobselv, to mil innanfor Vadsø.
For byfolk er denne bygda generalisert som ein stad med streng læstadianisme, scooter og hytteliv. Og berre det.
Den generaliseringa har dei tydelegvis tenkt å ta eit oppgjer med.
For første gong hadde dei nemleg eit fleirkulturelt arrangement.
Skulen hadde heile veka jobba med dette temaet og invitert flyktningar og asylsøkarar til bygda.
Torsdags kvelden var det underhaldning.
Med servering av kongolesisk mat. Og med musikk og dans frå forskjellige verdshjørner. Og bygdefolket møtte opp. Dei fekk dermed til det mest vellykka, fleirkulturelle arrangementet så langt i kommunen.

I går var det messe i Vadsø Kirke. Framført av eit stort antal strykarar, blåsarar, jazzmusikarar, solistar og Kor i Finnmark. Leia av dirigent Bjørn Andor Drage. Artig å vera med på.
I dag drar ensemblet til Tromsø for å framføra messa med eit nytt kor. Etterpå til Bodø.
Kvelden i går blei avrunda med litt blues innan det var på tide å tusla heim.

Det skjer i Vadsø

Skulle de ha lyst til å gå ut i Vadsø med omegn ein av dei næraste dagane, eller har tankar om ein liten svippomtur til Vadsø, så kan eg anbefala desse kulturelle aktivitetane i dagane framover;

* Fleirkulturelt arrangement på skulen i Vestre Jakobselv torsdag 11. november kl. 18.00
(der skal blant andre Boel, Lutanda og eg opptre),

* Thanksgiving fest på Vårbrudd, arrangert av Liberiansk Forening, torsdag 11. november kl. 18.00,

* Jubelmesse i Vadsø Kirke, fredag 12. november kl. 19.30
Ei nordnorsk messe med strykeorkester, KoriFinnmark, solistar, blant anna joik (der er eg og med, i koret)

* Bluesartisten Kristin Berglund saman med Husbandet til MusikkiFinnmark, Fredagsklubben, Boksen, Fredag 12. november kl. 22.00

* Godt Selskap, med klassisk musikk og vinservering kjem snart igjen, så vidt eg har sett. Men har ikkje heilt oversikt over tidspunkt og slikt.

* Barneforestillinga Cabaret Fantasia kjem i neste veke.

* Som om ikkje dette er nok, så blir det "Kulturuke" i slutten av månaden, med diverse framføringar av lokale artistar.

Krigens dagar

Hamningberg

Har vore på ei markering i kveld, av at det er 60 år sidan frigjeringa av Finnmark.
Musea i Finland, Russland og Finnmark hadde ei utstilling av tida frå krigen og etterkrigstida.
Bidrog sjølv med musikk.
Og seinare var det framsyning av to filmar. Ein russisk om dei harde kampane på Kola, der det framleis ligg levningar etter tusenvis av soldatar.
Og filmen "En grå filt med broderte blomster", om partisanen Dagny Loe.
Dagny Loe framstod i filmen som det sanne andlet på dei lidingane finnmarkingane opplevde.
Dagny og mannen hennar verva seg som partisanar i kampen mot nazistane. Dette førte til at mannen hennar blei slått ihjel, ho blei arrestert, måtte etterlata borna sine, blei sendt til tysk tukthus og mista sitt yngste barn.
Etter frigjeringa, under den kalde krigen, var ho ein av mange som blei mistenkeleggjort av norske styresmakter for spionverksemd for Sovjetunionen.
Finnmark er det fylke i Noreg kor det var hardast motstand mot den nazistiske okkupasjonen og størst liding blant folk. Og det fylke kor mange blei urettmessig behandla etterpå, fordi dei samarbeidde med "feil" alliert i kampen.

Dagny Loe var sjølv tilstades under filmframsyninga i kveld.
Etter at filmen blei vist, reiste publikum seg spontant opp og ga henne ein velfortent trampeklapp.

Musikkens indre liv

Konsert 1

Dei skulle berre ha visst. Folk som sit nøgde etter ein konsert. "Veldig bra". "Flott konsert".
For bak ein grei gjennomført konsert, bak det ytre skalet kan det vera mykje gele.
Det er ikkje alltid at følelsen er den rette. Tidspunktet nærmar seg. Musikarane blir introduserte. Kjenner at hendene blir kalde. At hjartet brått byrjar å slå for fort. All førebuing og oppvarming verkar forgjeves. Og all innlært teknikk.
-Hugs, bruk magen.
Hjelper ikkje. Det har snørt seg saman like under brystet.
Kraften i tonane er redusert med 50 prosent. Får ikkje ut meir.
-La magen jobba. Slapp av i halsen og andre stader.
Ja, vel, ja.
-Stå godt.
Nyttar ikkje når det høgre kneet står og vibrerer.
Det går an å døyva det heile med alkohol. Nervøse rykningar kan forsvinna. Men kvaliteten kan bli sløva.
Kanskje dette er enkelte hobbymusikarar sitt lodd i livet. At rutinen ikkje er på plass. At det blir for lenge mellom kvar gong ein entrar scenen.
Eller kanskje det er den generelle sjølvtilliten ein ikkje alltid har like god kontroll på.

Men så er det dei stundene når alt løsnar. At det slår gneistar mellom musikarane og publikum. Har ein og annan gong følt dette både som tilskodar og frå scenen. At publikum ikkje berre oppfattar konserten som "bra". Det skjer noko ekstra. Det oppstår eit tjukt band mellom musikarane og publikum.
Eit tjukt band av tonar og kjærleik....
Det er ein av dei beste følelsane ein kan ha.

konsert 2

Opera og vin i kvenbyen

OperaNordpå
OperaNordpå

Ein skulle kanskje ikkje tru det var mogleg, etter samanlikninga mellom Vadsø og Vittulajänkä i det forrige innlegget.
Men det er faktisk det.
Ein genistrek med å kobla saman vin og klassisk musikk har ført til at det kjem ein god del folk på arrangementet "Godt Selskap".
Åstaden er Hermetikken. Ein tidlegare hermetikkfabrikk som er bygd om til kultur og forretningshus av dyktige jentegründarar.
Og om lag ein gong i månaden kjem folk og nyt dyktige, klassiske musikarar og kveldens vin.
I pausen kjem det ofte nokon fram og fortel om vinen som er plukka ut. Dei fortel om historie og bakgrunn. Og ber oss om å kjenna etter kor god sødme det er i akkurat denne vinen.
Og me i publikumet slurpar i oss det raude innhaldet og kommenterer at;
-Jo, jammen var det ikkje så reint lite sødme i denne vinen, du!

I kveld var det opera på programmet. I tillegg til diverse vinsortar. Frå OperaNordpå, ein trio frå Salten i Nordland. Og vadsøværingane drøymde seg bort i kjærleiksfulle ariar, innimellom vinslurpinga.

Vadsøværingar er litt vanskelege å bli kloke på, som publikum. For ei veke sidan kom det berre ei handfull tilskodarar på ei svært god danseforestilling. Vadsø Jazzklubb har henta verdskjente, amerikanske jazzmusikarar til byen. Og det kan ha samla 7-8 tilskodarar, som eigentleg var komne for å diskutera siste nytt om potetavlinga.
Vadsø har òg vore kjent som ein sky, liten by. "Byen bak gardinene". Byen med det verste "musikkpoliti"; Folk som stod avmålte bakerst i lokalet og kommenterte og kritiserte dei på scenen.
Enkelte landskjente musikarar skal ha blitt så dårleg mottatt, at dei aldri kom tilbake.
Samstundes så sydar og kokar det under jazzklubbens Varangerfestival. Og "Godt Selskap", med vin og klassisk musikk samlar altså jamnt og trutt med folk.
Det er vel noko med at når eit arrangement har fått satt seg, når det er kjent, så kjem folk. Det blir ein vane, på ein måte.
Og Vadsø er ein god del betre enn mange andre stader, der Vikingarna og sakte swing er det einaste som blir rekna som musikk.
Vadsø presenterer seg sjølv som ein kulturhovudstad. Det er den òg på eit vis. Kanskje den for alvor er i ferd med å bli kvitt "gardinstempelet". Men det hostar ennå litt i forgassaren.

Viss du vil vita meir om noko av det eg har omtalt, kan du vitja desse nettstadene;
Hermetikken
Musikk i Finnmark
Operanordpå
Vadsø Jazzklubb
Varangerfestivalen

Populære fittmyra

Vittula

Kraftig overskrift denne gong. Men dei som har lest boka "Populærmusikk fra Vittula" av Mikael Niemi forstår vel kva eg meiner.
Boka som handlar om to gutar sin oppvekst i Pajala i Nord Sverige, nær grensa til Finland. På 60 talet. Staden òg kalla "Vittulajänkä", oversatt; "Fittmyra".
Møtet mellom den beinharde, konservative, macho-orienterte foreldregenerasjonen og dei første rock-n roll tonane. I eit samfunn der ekte menn skulle hogga tømmer, sitja i badstua til dei spydde og drikka sprit til dei var blinde, helst daue. Alt det andre, menn som var forfattarar, musikarar var "knapsu", "kvinnelege".

Har aldri ledd så kraftig av ei bok nokon gong. Som då hovudpersonane, Niila og Matti i ung alder skulle ha sin første konsert i klasserommet, ved hjelp av eit hoppetau, ein kateterlinjal og ein platespelar som gjekk på 72 omdreiningar:

"Musikken snatret i vei. Og i helvete som vi hoppet. Gulvet ga seg og den tunge stiften freste som et hakkespettnebb i den vergløse vinylen. Niila var så stiv av nerver at han mistet balansen hele tida, han for inn i kateteret, knuffet til meg og dundret baklengs inn i tavla så kritthylla ble bøyd. Selv gikk jeg inn i katastrofen med flagget til topps, jeg sluttet å mime siden plata hørtes ut som når du rister en kartong med spiker, og begynte å skrike i stedet på selvlaget engelsk....og endelig oppfattet jeg frøkens skrik gjennom mine egne hyl, mens Niila vaset seg inn i hoppetauet og falt stivbeint som en elg over meg, og sammen ramlet vi over platespilleren så pickupen røk av og alt endelig ble stille."

Og i kveld har eg altså vore på kino og sett filmen. Kinosalen var nestan fullstappa. Vadsøværingane er bevisste sitt kvenske opphav. Mange av dei finske innvandrarane kom nettopp frå Tornedalen. Og mange kjenner seg igjen.
-Det var akkurat slik det var i Vadsø før, kommenterte ein, på veg ut i kveldsmørket, etter å ha sett filmen.
Andre kjente igjen typane i filmen. Det urfinske gravalvoret.
Og mintes sine eigne, sære typar frå ei svunnen tid.
Frå tida då dei finske innvandrarane, kvenane var i fleirtal i byen. Då norske styresmakter mistenkte alle ikkje-norsktalande for å villa okkupera Finnmark. Noko som kan ha prega det som blir omtalt som typisk kvensk.
Eit hardtarbeidande folk som gjorde sin ære i å halda heimen gullande rein.
Streng, religiøs læstadianisme på den eine sida. Og sosiale problem på den andre.
Som kunne innebera fyll på heimelaga klunk frå badekaret.
Menneske med identitets og språkproblem. Familiar som kunne ha to bøker ståande i ei svær hylle; Røde Kors Historie bind 1. Og Røde Kors Historie, bind 2. Kjøpt av ein dørselgar ein gong. Og aldri seinare opna. Dei berre stod der einsame i hylla.
Men menneske som til slutt fann sin stolthet i sitt kvenske opphav.

Tilbake til filmen, så får ein aldri fram ein del av dei intense augneblinkane ein finn i boka. Men det veit me jo, at ein film aldri klarer det. Filmen er dessutan noko meir trist enn boka. I alle fall for meg. Men den er absolutt verdt å sjå. Filmen er ein av desse ein berre må sjå i løpet av livet.

Festivale inntrykk

Ekkerøy
Ekkerøy (Foto: Ingjerd Tjelle, Horisont Varanger)

Så var krabbefesten over. Konserten vår gjekk ganske greit, trur eg.
Den foregjekk på Ekkerøy, eit lite vær omlag 2 mil utanfor Vadsø. "Galleri B-dehuset" har vore eit festlokale, på folkemunne kalla "Sodoma". Sikkert difor at Vestlandske Indremisjon overtok det på 30 talet og gjorde det om til bedehus. Nå er det altså eit galleri. Men Indremisjonen sit nok godt i veggane. Så difor passa det bra å framføra salmar der.

Det vesle lokalet var rimeleg fullt med tilskodarar. Og det var ikkje til å koma ifrå at eg kjende pulsen hamra vel mykje då me starta. For lite opptreden får ta skulda. Og dermed blir det for lite pust og kraft til å gjera det ekstra bra, synes eg.
Etter forestillinga bar det rett til Vadsø Kirke for å vera med på eit arrangement knytta til TV-innsamlinga. Fekk høyrdt nokre andre artistar. Flott å få med seg ein gjeng liberianske flyktningar som har danna gospelkor, blant anna.
Me i Daap framførte tre nummer mot slutten av forestillinga. Nervøsiteten var lagt igjen på Ekkerøy. Og dermed fekk me det endeleg til å spruta. Såpass at enkelte i kyrkjelyden tok til tårer. Det var sterkt.

Føler meg av og til så tom etter slike forestillingar. Gir så mykje av meg sjølv, på ein måte. Hadde eit intenst behov for ein klem. Og stjal meg ein og annan utover kvelden.
Kunne dessutan synka ned med ein velfortent øl og høyra på Cæcilie Nordby frå Danmark med orkesteret Northern Lights, ei jazzgruppe og ein strykekvartett. Det var som å segla på fløyel. Svært behageleg. Fekk fyllt opp litt igjen etter den tomme følelsen frå tidlegare.
Så var det Vadsø Storband med lokale solistar, blant andre Evy Fjerdingen. Det var flott, men mykje ståk blant publikum.
Og etterkvart gjekk det i sus og dus...

Kompliserte søstre

søstre 1

Eg visste det forsåvidt frå før. Men fekk det bekrefta i kveld. At kvinner er temmeleg kompliserte seg i mellom.
Var på danseforestillinga "Søstre", der eg fekk innblikk i kva det vil seia å vera søstre, på godt og vondt.
Det geniale med denne forestillinga er at den er framført av to profesjonelt, dansande søstre. Dessutan brukar dei lyd og video for å visa korleis deira eiga mor og sju andre søstre hadde det.
Dei har altså ikkje gått lenger enn til sin eigen familie og funne spanande relasjonar, både i seg sjølv og den eldre generasjonen, og fått den fram i ei danseforestilling.
-Kva skal eg med ein mann, spurte den eine tanta på videoen.
-Det måtte vera til å bæra koffertar på tur og slikt, meinte ho.
Det høyrer med til historia at dei åtte søstrene frå den tidlegare generasjonen hadde ein yngstebror. Han uttrykte at han klarte å rømma frå kvinnedynastiet då han var 16, og dro der ifrå som sjømann.

Det var nok ikkje så mange som såg denne forestillinga. Men dei som var der, sat som fjetra.
-Eg blei heilt satt ut, sa ein av dei mannlege i publikumet.
Så er det heller ikkje så ofte me får danseforestillingar til Vadsø.

Seinare på kvelden var det å øva igjen for min del. Og så høyra på den italienske sangaren Christina Dona. Veldig bra. Ikkje minst i samspel med dyktige musikarar frå Vadsø.
Men søstrene sat igjen i kroppen...

søstre b

Salmar i nord

daap
(Foto (C) Sonja Siltala)

Ja, nå går det for seg. Festivalen er i gang. Men har ikkje tid til å få med meg så mykje. Må øva.
Syng altså i ein trio som framfører læstadianske og nordiske salmar og folketonar.
Yngve spelar godt, gammaldags trøorgel, og Lutanda bidrar med kongolesiske rytmar på djembe.

Viss nokon lurer på om eg er veldig religiøs, så er svaret at det er eg i grunnen ikkje. Men er litt fascinert av visse stemningar. Synes dessutan at mange av salmane er svært vakre, og at dei fortener å bli bearbeidd for å få fram endå meir av det vakre.

Daap si heimeside kan det hørast nokre eksempel på musikken. Opptaka er litt gamle, og er endra ein del i det siste med litt nye musikarar.

Laurdag 16. oktober kl. 17 blir det altså konsert på "Galleri Bdehuset" på Ekkerøy utanfor Vadsø.
Etter den konserten blir det å lempa orgel og utstyr i bilen og rasa inn til Vadsø igjen for å vera med og opptre på eit arrangement i tilknytning til TV-innsamlinga.

I morgon, fredag skal eg hjelpa til med å selgja billettar for to dansarar, med forestillinga "Søstre". Håpar det kjem ein del folk på den.

Meir krabbe og festival

krabbe

Når det gjeld programmet på "Krabbefestivalen" (velgjer å kalla den det frå nå), så kan eg anbefala desse innslaga:


-"Hermetisk Sirkus", konsert med festivalartistar på Hermetikken torsdag kl. 18.30-24.00

-danseforstillinga "Søstre" av dansarane og søstrene Anne Katrine og Liv Hanne Haugen, Vadsø Kino, fredag kl. 19, ei forestilling med elementa rørsle, tekst, musikk og video. (meir info på denne sida )

-Fredagsklubben i Boksen med Ebenezer M.F. Akoii, liberiansk flyktning, busett i Vadsø, og Lynni Treekrem, fredag kl. 20-23.

-Christina Dona, italiensk sangar, på Sokey, fredag kl. 23-01.

-Konsert med musikkgruppa "Daap" (hopps; det er jo oss!) som presenterer folketonar, læstadianske og nordiske salmar, blanda med kongolesisk musikk, v.h.a. sang, trøorgel og djembe, Galleri Bedehuset, Ekkerøy, laurdag kl. 17. (meir informasjon om Daap på Daap si heimeside

-Northern Lights og den danske sangaren Cæcilie Nordby, Ricakjellaren, laurdag kl. 20.30

-Vadsø Storband med solistane Dagfinn Gjerde og Evy Fjæringen, Opticom, laurdag kl. 22.30.


Ytterlegare informasjon om festivalen finn de her

Krabbe, festival og spetakkel

Krabbe, festival og spetakkel

Det blir festival i Vadsø med omegn denne veka. "Polar Spectacle".
I anledning opninga av krabbefisket blir det arrangert ein kulturell festival for første gong.

Kongekrabben i Varanger er forresten eit kapittel for seg. Eit digert beist av eit dyr som blei satt ut av russiske forskarar. Norske fiskeristyresmakter har bestemt at det berre skal vera eit svært avgrensa fiske etter den i Aust Finnmark. Dermed har den spreidt seg i enorme mengder i fjorden. Lokale folk fryktar at den skal øydeleggja økobalansen og forårsaka ørkentilstandar på havbotnen. Men dette uroar ikkje fiskeriministeren.
Uansett smakar den godt. Og det skal ikkje så mange krabbar til, innan ein har full middag.

Så eit hjartesukk om festivalen;
Kvifor i all verda må den heita "Polar Spectacle"???
Det er tre ord eg hatar over alt her på jord. Og det er "innovasjon", "synnergieffekten" og "spectacle". Dette er ord som seier meg null og niks, men som blir brukt så mykje for tida, at eg får lyst å spy (rett og slett).
For det andre er det allereie ein festival i Kirkenes som heiter "Barents Spectacle". Har ikkje folk i Aust Finnmark meir fantasi til å unngå at to festivalar får så like namn??
Kvifor ikkje bruka namnet som ligg aller nærast, "Krabbefestivalen"? Det er faktisk det folk flest kallar den. Namnet berre skrik etter å bli tatt i bruk!
(pust djupt inn.....og ut igjen....)

Når det er sagt, så er det prisverdig at det blir arrangert ein slik festival på denne tida. Det er elles ganske dødt nå. Det har blitt nørkt og kaldt. Og me får ein god anledning til å gå ut og møtast, og oppleva god musikk og kultur.
Oppmodar difor alle som kan om å få med seg mange av dei kulturelle innslaga under festivalen.
God krabbe...

To ganger 50 og eit bryllup

Fest
Salmeprosjektet vårt var ein del av underhaldninga.
(Foto: Bjørn Erik)

Det finnest alltid ein god unnskyldning for ein fest, heiter det.
Men den festen eg var på i går, var det ingen problem å finna argument for å ha.
Johnny og Vigdis feira nemleg at dei begge er 50 år i år. Dessutan at dei gifta seg i sommar.
Faktisk hadde dei tenkt å la det gå forbi i stillhet. Men eit folkekrav gjorde at festen blei halden.
Vigdis har nyleg kome til byen og tatt med seg stev og rosemaling. Johnny har i uhorveleg mange år vore musikar her, for det meste på trommer. Vigdis har då naturleg nok satt sitt preg på Johnny, ved at ho blant anna har rosemalt heile slagverket hans!
ei mengd med musikarar frå fjern og nær bidrog med underhaldning til langt ut på morgonen, på det gamle, ærverdige festlokalet Vårbrudd.
Lokalet blei pynta opp med haustblad og gammalt fiskeutstyr. Heile Varanger sin natur og kultur var tatt inn for anledningen.
Og musikk blei det!
Rundt hundre menneske stilte opp og sang, spela og dansa. Det var korsang, revy, kongolesiske rytmar, eit salmeprosjekt som eg er med i (skal fortelja meir om det seinare) og elles ein masse rock og blues.

Festen blei halden etter omlag same prinsipp som 40 års laget mitt tidlegare i år; Ein dugnadsfest. Alle bidrar på ein eller annan måte. Med underhaldning, å ta med litt mat, (dermed er det alltid veldig variert og spennande mat på slike festar), pynting og rydding.
På denne måten er det ingen som slit seg ut, det kostar ikkje skjorta å halda festen, og alt går så enkelt og greit.
Sit alltid igjen med ein god følelse etter slike festar (sjølv om festen sit litt vel godt i kroppen ennå).
Vel blåst, Johnny og Vigdis!

Kor i Finnmark

KoriFinnmark

Håpar alle de som les dette har fått sett filmen "Heftig og begeistret", om mannskoret frå Berlevåg. Filmen gir eit enormt godt innblikk miljøet i dette koret.
Den lærte meg blant anna at det går an å ha det artig når ein syng med berre mannfolk.
Men elles har eg for min del halde meg til blandakor. Syng for tida i Kor i Finnmark, eller Kor i Øst som avdelinga vår heiter. Koret er samansett av sangarar frå forskjellige deler av fylket. Har blant anna sunge Carmina Burana på Nordkapplatået.
I helga var me samla til ny øving i Kirkenes, denne gong for å øva inn ei Jubelmesse, leia av komponisten Bjørn Andor Drage.

Eit blandakor har visstnok bestemte, generaliserande typar. Altane som ser ut som dei forstår alt (!) dirigenten seier, men som eigentleg ikkje har forstått i det heile tatt. Dei alltid kvitrande og småforvirra sopranane. Bassane som stort sett sit og klør seg i hovudet. Og tenorane som alltid har ein vittig kommentar på lager, og som ustanseleg sit og småflørtar med altane framfor seg.

Eg skal på ingen måte påstå at det er slik i vårt kor. For me er jo eit seriøst kor, må vita. Men det var ein overgang for oss at dette koret i større grad krev mykje arbeid, og i mindre grad legg opp til sosiale og festlege aktivitetar. Medan nokre kor kan fordela det til 90% fest og 10% øving, er det i Kor i Finnmark meir sånn 40% sosialt og festleg og 60% øving og jobb... Trur eg.
For nokon er kanskje kaffepausen og ikkje minst alle festane den viktigaste motivasjonen for å vera med i eit kor. Trur faktisk det er flest av denne typen i Finnmark. Difor har kanskje Kor i Finnmark vore eit lite kultursjokk for ein del involverte.

Men ikkje misforstå. Det blir tid til både kaffe og noko attåt i dette koret òg. Og det har vore eit triveleg sosialt fellesskap, både på øvinga og rundt pizzabordet om kvelden.
Og det musikalske resultatet blir bra. Vadsø Kirke, fredag 12. november kl. 19.

Kor frå tenor
Korøving. Sett frå synsvinkelen til tenorane.

Kalottspel mellom fjell og tåke

Fjell og tåke

Ut av tåka, omkransa av høge fjell, var me brått der. Målselv i Indre Troms. Eit område som for nokre generasjonar sidan blei befolka av nybyggjarar frå dalane i Sør Noreg. Dei har framleis sin eigen, særprega dialekt. Og framleis spelar både gamle og unge fele, og dansar gammaldans.
Kalottspel

Denne vesle kommunen er åstaden for Kalottspel, ein folkemusikk-festival. Dei er ikkje så mange som deltar. Men dei fungerer som ein stor familie når dei er saman.
Det skulle bli ei spesiell oppleving for meg som var der for første gong. Små intimkonsertar, vokalkonsert i ei grotte, dans på lokalet akkompagnert av alt frå sang, munnharpe, toradar og fele. Og felespeling nestan døgeret rundt. Folk samla seg, tok med fela og spela saman til langt på morgonen.
Eg trudde for min del at eg mestra gammaldans ganske greitt. Men der tok eg feil, gitt. Polka og reinlender er ikkje berre polka og reinlender. Dei har ei mengd turar som eg ikkje ante noko om på førehand. Desssutan har ein Rørospols, Nordlandspols, hambo og diverse som eg ikkje klarte å få med meg.
gammaldans

Erfarne dansarar hjalp meg villeg med lynkurs, men det var ikkje berre, berre.
Det var uansett imponerande å sjå korleis dyktige folk dansa. Til og med til reine vokalnummer. Og halling blei gjennomført med overtyding.
halling

Og så var det konsertar. Det var fascinerande å høyra så mange dyktige, unge musikarar. Blant høgdepunkta var Majorstuen Spelemannslag og Jon Anders Halvorsen og Tore Bruvoll. Sistnevnte med stev og gitar. Anbefaler plata deira, "Nattsang".
Øistein Hanssen frå Tromsø demonstrerte bruk av bukkehorn og si eigenproduserte fløyte, laga av stilken på ei Tromsø-palme! Det høyrdest enormt ut!
Og det var kurs i felespel og sang. Eg deltok i det siste. Lærte eit utval sjangrar.
Vokalkurs

Siste høgdepunkt kom søndag, eit Barentssamarbeid med norske og russiske ungdommar. I løpet av festivalen hadde dei laga ei forestilling om norsk-russisk samkvem, der norsk og russisk folkemusikk blei blanda.
Så var det å dra heim, med tåke og diverse feleslåttar i hovudet...

Festival i Vadsø

Varangerfestival
Foto: Bjarne Riesto. (Han har elles svært fine bilder frå Varanger på heimesida si; www.riesto.no

Skulle det vera mogleg, anbefaler eg på det sterkaste å vitja Varangerfestivalen i Vadsø denne veka.
Denne festivalen får ein elles roleg by til å eksplodera i fargar og musikk i fire hektiske dagar.
Det blir artistar frå Noreg, Russland, Finland, Sverige, Danmark og Sapmi, står det på heimesida deira. Av artistar i år, er blant andre, Niko Valkeapaa, Afrisah, Sondre Lerche, Lill Lindfors og Anne Grethe Preus, m.fl.
Mest av alt er det stemninga. Det sydar og kokar både dag og natt. Og med temperaturen nå for tida, ligg det an til noko stort i år...
Informasjon om festivalen finn de på sida til Vadsø Jazzklubb;
www.varangerfestivalen.no
Omtale av festivalen blir å finna i
Finnmarken;
www.finnmarken.no
og NRK Finnmark, www.nrk.no/finnmark

Sjølv kjem eg for første gang på femten år til å vera borte frå denne festivalen. Drar til Målselv i Troms og til Kalottspel for å høyra og delta på kurs i folkemusikk.
Info om denne festivalen er her;
www.kalottspel.no

Kalottspel
(Bilete frå heimesida til Kalottspel)

Telt rock i Kirkenes

Rica teltet
Epnut Noylers i Rica Teltet

Kirkenes baud opp til rock i teltet i helga.
I samband med Kirkenesdagan har det årvisse Rica Teltet vore open for lokal rock.
Stor stemning og masse folk når blant andre Epnut Noylers spela fredags kvelden. Og temperaturen haldt seg i sånn sydenleget.

Riddu Riddu

Har omsider kome heim frå Manndalen i Nord Troms, etter fire dagar med etniske opplevingar på årets Riddu Riddu festival. Me var ein gjeng som køyrde 70 mil med bil for å koma dit.
På tur i bilen
Stort reisefølge i liten bil

matpause
Matpause

Skiftande vær
Været skifta noko på vegen

På festivalen var det rekordmange besøkande, 3500 personar. Alt frå joik til mongolsk strupesang, maori-utbrudd frå New Zealand, inuittisk strupeleik frå Canada, dans frå San folket i Afrika.

Blanding samisk og maori
Blanding av maori og samisk musikk

Størst av alle var vår eigen Mari Boine som fekk det til å gnistra i eit stort oppbud av tilreisande.

Mari Boine
Mari Boine fekk det til å gnistra i publikumet

Høg temperatur blei det og på den siste konserten med heftige rytmar av artistar frå Australia, Fiji og Ny guinea.
Minst like stor oppleving var det å vera på festivalcampen. Den var full av telt, lavvuar, og for det meste glade folk. Rundt leirbåla stemte det i med joik og tromming både dag og natt. Ein kar hadde elles ein alldeles sinnsjuk latter som runga og overdøyva det meste av joik og tromming, så og sei under heile festivalen. Skulle ein ha lyst til å sova, kunne ein kjøpa øyrepluggar.
Sjølv brant eg opp kruttet allerede torsdagen. Fann ut at det var best å gi seg då eg ein gong på morgonen fann meg sjølv liggjande med hovudet nestan inne i ein gitar. Så fredagen gjekk det rolegare for min del. Laurdag jobba eg som vakt. Som lønn fekk eg heile festivalen gratis. Flott!

blå presenning på campen
Me satte opp ein blå presenning som ly mot enkelte regnbyger

Elles lærte eg meg litt innuittisk strupesang på eit kurs. Det er som ein leik der to personar står mot kvarandre og utvekslar polyfone struperytmar. Den første som ler, har tapt.

Demonstrasjon av inuittisk strupesang
Demonstrasjon av innuittisk strupesang

Har ein svært god følelse etter fire dagar med fred, kjærleik og god musikk. Satsar på Riddu Riddu til neste år og.
Til helga blir det kanskje ny festival, Midnattsrock i Lakselv.

februar 2005
ma ti on to fr
  1
2
3 4
5
6
7
8
9 10 11
12
13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28            
             
hits