Og jula varer over påske

-Å, ja. Du feire jul ennå?
Det var nok eit av desse meir krevjande spørsmåla som blei stilt meg ein dag.
Det har seg nemleg slik at eg kan vera temmeleg treg. Det kan gå langt ut i desember før eg endeleg får opp den julestjerna. Og når ho først er oppe, så kan det gå lang tid før ho blir tatt ned igjen.
Så ho heng der like så godt ennå.
Dette forvirrar og uroar ein del vadsøværingar.
Det blir eit forstyrrande element i kvardagen deira.
Møter stadig nokon som halvvegs spør og konstaterer at ho heng der og lyser fred over byen.
Trudde eigentleg at folk flest var blitt vante med at eg kan gjera litt rare og uvante ting.
Men ein gong over påske blir ho nok tatt ned.....Eller eigentleg er det jo ingen vits. For då er det jo snart ei ny jul.
hmmmm.....prøv å IKKE feire jul i det hele tatt...kan love deg at folk ser rart på en da gitt...har meldt meg ut av hele "det maset" der, det begynte som en protest, men det viste seg å være utrolig befriende !! anbefales ;)
(Beklagar at eg er litt sein å svara)
Skal eg vera ærleg, så verkar det litt stusseleg. Er ikkje heilt klar for julefri jul, ennå. Må vel i alle fall venta til sonen min er ute av "redet".
