Arktisk fotball

Det har tradisjonelt sett ikkje vore særleg lett å bli fotballstjerne her i arktiske strok. Fotball, snø og masse vinter høver jo ikkje så godt saman.
Difor har dei fleire stader i fylket flytta fotballen innandørs, som i denne fotballhallen i Vadsø. Dermed kan dei springa på grønt "gras" heile året og ha fotballturneringar, slik dei hadde det i går.
Då blei det halden "Sigurd Rushfeldt-cup".
Sigurd Rushfeldt er ein av Vadsø sine største sønner. Folk i byen er veldig stolte over å ha fostra ei slik stjerne. Like mykje gjeld det Morten Gamst Pedersen. Ein kan sjå det i blikket på gamlekara kor stolte dei er. Når dei sit på den brune puben Pintos og ser fotballkamp der ein eller begge stjernene er involvert.
Og det er stort for dei yngre, håpefulle som spring omkring i fotballhallen, når Rushfeldt og Gamst Pedersen kjem innom og lærer frå seg eit og anna tricks.
Sonen min er ein av dei håpefulle. Har difor for lengst avtalt med han, at viss han blir ei fotballstjerne, så skal han kjøpa eit nytt, stort, fint hus til meg. Og ein ny bil. Ein BMW Cabriolet, eller noko slikt.
Og berre så det er sagt; I går var han med på laget som vann finalen i "Sigurd Rushfeldt-cup".
Jøss, gratulerer til din sønn da :) Flott at man har en hall man kan trene inni i vintertiden da og jeg regner med at fotball hos dere er bedre enn fotball sørpå fordi det ser ut som det er mer glede her og mindre sinne med i bildet.
Han takkar.
Det er nå litt ymse. Men ein del ledarar i klubben legg opp til idrettsglede, tap og vinn med same sinn, alle får vera med, og ingen overdreven elitesatsing.
Så dermed er det tidvis artig for mange av ungane.
Nytt hus og BMW er vel bare noen få år unna nå!
Jepp! Har allereie byrja å planleggja interiøret.
