Snømåking og motorar

image

Før snømåking...

 

Det har storma mykje i det siste. Mest i den virtuelle verda. Ikkje så mykje ute. Tenkte eg skulle avreagera med litt snømåking.

Så langt i år har det vore lite å måka. Tidlegare vintrar noko heilt anna. Opptil to meter med snø å fjerna frå den lange oppkjørselen. Og når alt var gjort, bles Kong Vinter to nye metrar. Kunne halda på ein heil kveld og vakna om morgonen, kikka ut og oppdaga at alt arbeidet hadde vore til ingen nytte.

Det er nestan så det er litt kjedeleg i år.

 

Må elles vedgå at eg har prøvd å vera ganske idealistisk. Skulle i mange år på død og liv ta den snømåkinga med eiga muskelkraft. Og slett ikkje ved hjelp av noko forbrenningsmotor.

Medan det kvein i snøfresarar overalt i nabolaget, stod eg og svetta med muskelkrafta mi.

Verst var det å sjå næraste naboen som brukte ein diger brøyt til å rydda bort alt fint og flott på to minutt. Medan eg reiv og sleit i mange timar.

Og neste dag: To nye metrar med snø . Berre i min oppkjørsel.

Så ga eg opp måkinga. Og kom meg ikkje ut med bilen. Trakka berre ein smal sti ned til vegen.

-Det var jo like greit, tenkte eg.

-Bil er noko oppskrytte greier. Best å bruka sparken.

 

På den tida måtte sønnen min transporterast til ein skule, fem kilometer unna.

Så han fekk sitja på sparken.

Oppdaga kjapt at det den morgonen låg 30 cm med våt snø på vegane som ennå ikkje var rydda bort. Eg hadde dårleg tid til jobben. Og ei altfor varm jakke.

Då eg hadde kome halvvegs og det var 10 minutt igjen til jobben starta, kunne andre foreldre i bilane sine sjå eit illraudt andlet over ei tjukk, grå jakke som stampa febrilsk i den tunge snøen. Med ein blid, liten guttunge framfor seg.

 

På ettermiddagen ringte eg naboen.

-Du, eeee,...kunne ikkje tenkja deg å måka oppkjørselen min òg med brøyten din?

 

Snømåking etter

...og etter...


Kommentarer:
Postet av: Linda Elise

Slik er det nok når snøen daler ned...

(er trøtt)


Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits