Farleg å bli sjuk

Så blei eg skikkeleg sjuk til slutt. Vondt i hovudet og liggjande på sofaen heile dagen i går og gapa etter luft.
Alt medan sola skein så vakkert der ute.
og ingen kan bli så sjuke som oss mannfolk! Det veit vel dei fleste. Prøvde å skaffa meg sympati alle stader kor det var mogleg, når eg var bevisst nok.
Sendte ut sms-ar og liknande med,
-Åååååhhh, eg er så sjuuuuuuk.......
Hadde så lyst til å få servert saft på sofaen og slikt. Og at nokon kjente på panna mi og sa;
-Næ, men så varm og sjuk du er.
Og eg kunne svara;
-Jaaaa....har veldig vondt der....og treng litt meir saft.
Har vore heime i dag òg. Litt betre og litt meir oppegåande (det hjalp nok med den safta). Nok til å slå på pc-en innimellom hostekulene.
Og då skjedde det som er mest farleg med sjukdommen.
Eg byrja å surfa etter nettbutikkar.
CD-On hadde sendt meg ein epost og uttrykt uro over at det var lenge sidan eg hadde handla der. Så dei ville gi meg rabatt på 50 kroner viss eg kjøpte plater igjen.
Oppdaga vidare noko som heiter "netthandelen.no", der ein kan gi bud på alt mogleg nyttig og unyttig.
Og før eg visste ordet av det, var eg blitt ny eigar av tre pc-kablar, fire cd-ar av Deep Purple, ein ny bilstereo og ein Martinez, klassisk gitar. Og eg som ikkje kan spela gitar ein gong!
På tide å byrja på jobb igjen.
Men nettbutikker kan en da nå fra jobben og? Iallefall kan jeg, og det er ikke nødvendigvis bare bra!
Jo, men der har eg ikkje tid til slikt. Er jo lærar, må vita...
God Bedring! Og nok en gang; stakkars mann;-)
Og: du må ikke sette ... etter at du har sagt at du ikke har tid på jobben fordi du er lærer, kunne jo komme i skade for å oppmuntre rundt fordommer om at du har hatt samme plan for timen de siste fem årene, har åtte uker ferie i året og en haug med andre fridager hvor du kan sitte hjemme å tvinne tommeltotter eller gå på skitur, alt etter som!
For sånn er det IKKE! Eller...
Neh! Slik er det ikkje, nei. Og det er minst fem år sidan eg var borte frå jobb p.g.a. sjukdom sist.
Dessutan er ikkje feriane våre lengre enn fortent, etter hektiske dagar. Så det, så...
Stakkars, stakkars, vetle dulle dulle gode mannen, uff var du sjuk, nei og nei, det går nok bra skal du sjå. dulle kose, klemme, ai ai neimen fydda for slemme basilusker. (her fekk du litt etterpå-dullekos)
Der vart eg jammen frisk som ein fisk med ein gong, gitt! Skulle ikkje meir til!
HAHAHAH so flott!
kor e du? er du på vinterferie?
Hei. Nei. Har berre vore litt opptatt/lite skriveinspirert i det siste. Har streva fælt med ein ny pc, blant anna. Men er nok snart på banen igjen.
Kjem etterkvart til å flytta denne bloggen. Styrer ein del med stilsett og tekniske løysingar.
Nå er det tørke på nynorskfronten gitt! Jeg savner det og må snart ut på leting etter en annen nynorsk lesverdig blogg... Bare så du vet det:-)
Ja. Er vel på ein måte litt tørr, ja. Strevar med ein pc. Og forskar på alternativ til Sprayblogg. Men er på plass igjen, snart, trur eg.
Hmmm... Du blir vel litt til, før du leitar etter andre nynorsk-bloggar?
