På skitur i månelys

Er litt treg. Og det lønnar seg ikkje når dagslyset er temmeleg kort. Men å gå til fjells på ski i månelys er heller ikkje å forakta. Slik det var i ettermiddag. Har hatt ein tur på ski tidlegare i vinter. Då var det endå mørkare. Så denne gongen våga eg meg endå eit stykke lenger innover.
Fjellet nord for Vadsø er flatt. Berre ein lett stigning etterkvart som ein går innover. Så dermed kan ein sjå fjorden bak seg heile vegen. Og fjellet, det drar deg. Innover og innover. Enten det er lyst eller mørkt. Og i mørket er det ekstra trolsk å vera der.

Egentlig vet jeg jo hvor fint det er der oppe hos dere, men underlig nok har jeg aldri vært der. Så hvis det blir noe tur på meg så skal det bli å dra nordover :)
Vakkert er det uansett.
Iowa er flatt og, men fjell er det ikke her. Ikke noen fjord heller, for den slags skyld.
Og i kveld er det for kaldt til å gå ut; 15 kuldegrader!
Det ville ikke overrasket meg om det er kaldere i Vadsø.
Linda Elise:
Der oppe? Tromsø er vel berre nokre sekund lenger sør enn Vadsø?
Her tar me ein køyretur til Tromsø utan å blunka. Så det er ikkje så vanskeleg. Du er hjarteleg velkommen. Mot aust. Og litt nord.
Marina:
Nei, der slo du oss, gitt. Her er det minus 10 for tida.
Så då har de noko å skryta av i Iowa!
"Oh, well, we`re mighty cold, here, allright! Even colder than Arctic Lapland in Norway! Jeeesus Chrrrist!"
