Rein til middag og rein til tørk

Reinkjøtt til salting

Har tenkt å gi dykk litt innblikk i reinsdyrets indre anatomi. Og kva ein kan gjera med den.
Biletet over er ribbeveggane som er lagt i saltlake. To liter havsalt, 2 spiseskeier sukker og 20 liter vatn. Kok opp saltet, sukkeret i noko av vatnet. La kjøttet saltast ca eit halvt døgn. (Trur det var slik eg hugsa oppskrifta. Fekk den av selgaren i Varangerbotn.)

Reinkjøtt til tørking

Så er det å henga det ute til tørk. Inne i ein kasse med finmaska netting så fuglane ikkje kjem til. Der heng det i omlag fire månader.
Så er det berre å skjæra det ein treng av tørkakjøttet som snacks.

Reinkjøtt skava

I helga blei det laga finnbiff. Det er kjøtt som er skava av det frosne låret på dyret.
Så er det å bruna kjøttet saman med løk, kvitløk og (sjølvplukka, ja) sopp. Til slutt la det surra ei god stund i fløyte, brunost, ein skvett øl (!) og med krydder.

reinkjøtt middag

Heilt til slutt å invitera gjester.
Og der fekk eg størst problem denne gong. For nestan alle eg kontakta skulle ut på julebord. Og sønnen min blei invitert til overnatting hos ein kamerat. Så der sat eg med all maten...

Reinkjøtt middagsgjest

Men når nøden er størst, er gode, gamle Odd nærast.
På ettermiddagen tikka det inn ei bekrefting frå han;
-Det gjør æ gjerne...

Kommentarer:
Postet av: elin

det var et nydeli bilde av reinkjøttet dr oppe. fekk j.... lyst på dt no. men hallo!! stakkars dyr, dei søte reinane er jo j.... nydelige dyr!!!!
koz og klem meg;o)

08.mar.2006 @ 14:02:32
Postet av: kriss

kunne dokke ikkje skrive kordan man framstille denne retten!?

GJER DET!!!!!

09.mar.2006 @ 19:09:45

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits