Gamle vanar er vonde...

stein

 

Har ei utveksling av "gode", gamle slagarar med Blixern og andre i "chat-boardet"(bra ord) til høgre på sida mi. Me plagar kvarandre med slike sangar som aldri går ut av hjernen når den først har satt seg. Uansett kor mykje me hatar dei.

 

Her i Finnmark har eg inntrykk av at ein del folk er ekstra konservative innan musikksmaken.

I lokalradioen var det fast som stein at ønskeplatene bestod av Sissel Kyrkjebø, Sputnik og "Stakkars meg som har fylt 40" av 3 Busserulls. Den siste kom kvar einaste gong som helsing til nettopp ein stakkar som hadde fylt 40.

Det verste var å vera programleiar i radioen, og seia for hundreogørtogfjørtiande gong, med lett anstrengt, men yndig stemme;

-Å ønskeplata e Sputnik, med "nå vil jeg skilles, Johanne". Sett i gang!

Har av og til lurt på om musikkunnskapen avgrensa seg til dei tre artistane. Eller at folk ikkje hadde behov for å vita om fleire.

Det er som når me går på utestaden Opticom, kjem bort til baren der dei etterkvart har opparbeidd seg ei svært avansert menyliste over drinkar. Flasker i alle slags fargar står oppstilte i hyllene. Bartenderen står spent og ventar på å visa kor god han er til å miksa drinkar.

Og alt me klarer å sei, er;

-Eg skal ha eineee......................øl.....

For det første er det vanskeleg å vita namnet på alle paraplyane. For det andre så stokkar det seg når me brått skal velga mellom veldig mange variantar.

Då havnar me som regel på øl uansett.

 

Tilbake til musikken.

Det er visse sjangrar som aldri døyr ut her.

Var ein gong med og spelte til dans ute ved Havøysund. Me tenkte me skulle spela litt forskjellig. Men kvar gong me prøvde oss, kom det kjapt frå dansarane;

-Nei, nei! Spell sakte sweng!

Og me spelte sakte swing. Utpå natta tenkte me at det kunne vera mogleg å prøva seg igjen, men....

-NEI, NEI!!!! SPELL SAKTE SWENG!!!

 

Viss nokon har fleire plagsomme "fekk den på hjernen-låtar", er det berre å hiva seg på i chatten.


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits