Heime igjen

blått

Er heime i kvardagen igjen. Litt lang ferie gir farlege lyster. Som å ha ferie resten av livet.

Kom til Kirkenes seint søndags natt. Køyrde rundt fjorden til Vadsø. Heime på morgonkvisten.

 

Vel heime kom skrivelysta tilbake. Fekk ordna ein del i teksten og omsider lagt inn ein del bilete frå turen til Berlin.

 

Og oppdaga først etter tilbakekomsten kor ufatteleg den flaumkatastrofen i Asia er. På Gardermoen stod politi og helsepersonale klare til å ta imot dei som kom frå verdsdelen. Kjøpte Dagbladet der bilete av ein av dei enorme bølgene skreik mot meg.

Det var det første innehavaren i nærbutikken i Ytrebyen i Vadsø snakka om, då eg kom inn der, neste dag. Han rista på hovudet over tragedien.

I Vadsø blir det elles ein støttekonsert med diverse artistar nå i helga.

Ser korleis det pregar ein god del folk her.


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits