Fellesskap på ski

image

 

Humøret mitt er betre nå.

Har vore ute i frisk luft. Truffe folk på ein ekte måte. Utan å trenga verken mobiltelefon eller pc.

 

Det har vore skistevne i Vadsø i dag. Unge og gamle løparar frå heile Aust Finnmark har vore samla.

Sjølv blei eg mobba av sonen min, denne frekkasen av ein 13 åring, før han drog på stevnet. Først demonstrerte han mitt skitempo og diagonalgang på ein ekstra seig måte.

Mitt forslag om at han kunne ta med seg kakao på termos blei møtt med lett hovudrysting.

Kva for ei skistjerne har nokon gong tatt med seg varm kakao til konkurranse-løpet?

Og når eg antyda at han burde ha på seg meir klede, kvitterte han med å herma etter vestlands-dialekta mi.

-Ja, da e jo veldig viktig å varrra varrrm på turrr (med ekstra overdreven skarre-r).

Ikkje det, nei.

 

På sjølve stevnet gjekk det ikkje så bra for han. Han hekta borti ein busk og havna på sisteplass i gruppa si.

 

 

På stadion kunne me elles høyra ei velkjent stemme. Frå ein person som det godt kunne ha blitt skreve ein eigen artikkel om. Den alltid positive Oddbjørn stilte som vanleg opp som "speaker". Han stiller opp på omtrent alt som er av idrettsarrangement, musikkarrangement og festar.

 

image

 

Etterpå var det å dra til kafeen til Vadsø Skiklubb. Der var det premieutdeling. Alle fekk kvar sin premie.

Folk prata og kosa seg. Ein bestefar ga barnebarnet sitt ein god klem etter at barnebarnet hadde gått litt seint i løypa.

Sonen min sat saman med eit par gutar frå Sandes utanfor Kirkenes. Skuffelsen over hektinga i ein busk hadde han lagt bak seg.

 

Skifolket i Aust Finnmark er som ein stor familie. Foreldre reiser saman med barna sine på stevne nestan kvar helg. Kjenner kvarandre godt.

Ser ut til at dei har det bra, saman.

 

Skiklubb


Kommentarer:
Postet av: Linda Elise

Hehe, barn er flink å mobbe foreldrene sine :) Men det viktigste er å ha det koselig sammen og det ser ut som dere klarer det. Gratulerer, dette var et fint innlegg om hvor viktig det er å ha kontakt med hverandre.

Ha en koselig helg og nyt den.

Postet av: Varangertankar

Ja, det er foreldres lodd i livet. Å bli mobba. Dei har jo livet føre seg, desse barna. Verre med oss treigingar.
Men elles kosar me oss, ja.

05.feb.2005 @ 20:59:24
URL: http://varangertankar.sprayblogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits