Mobilt delirium

Er heilt i ørska. Kjenner kaldsvetten. Kroppen ristar. Skikkeleg delirium.
Mobiltelefonen virkar nemleg ikkje.
Kjøpte den for eit år og to månader sidan. Garantien har akkurat gått ut.
Grrrr...
Ein knapp fungerer ikkje. Prøvde å skrua mobilen opp og rensa den sjølv, men nei.
Grrrr....
Fekk låna ein gammal Motorola mobiltelefon. Men batteriet på den er utlada. Lånaren fann ikkje ladaren. Og ingen butikkar har ladar til Motorola.
Grrrrr......
Har levert min eigen mobil på ein butikk. Men reparatøren måtte brått til Vardø og fekk ikkje tid til å sjå på den før helga.
Grrrr....
Dessutan er det sikkert ein feil som ikkje kan ordnast her. Slik at den sannsynlegvis må sendast sørover. Det tar lang tid. Og det kostar omtrent like mykje som å kjøpa ein ny mobil.
............
Det heile er bedritent. Me har kome inn i ein evig spiral av innkjøp av elektroniske dupedittar. Det går berre eit år, kanskje mindre, så må me kjøpa ein ny dupeditt. Som skal gjera det lettare å bruka ein annan dupeditt. Eller fordi den gamle (!) dupeditten ikkje har dei nye finessane som me berre må ha. Eller fordi den gamle dupeditten ikkje virkar lenger. Like etter at garantien har gått ut.
Huset mitt er fullt av slikt. Digitalt kamera. mp3-spelar. MD opptakar. USB pinne. Kortlesar. To stasjonære pc-ar. Bærbar pc. Mobiltelefonar. Loftet mitt er fullt av mobiltelefonar som ikkje virkar lenger. Og forresten to andre, pc-ar som heller ikkje virkar lenger. Reine elektroniske kyrkjegarden.
Og heile tida surfar eg etter siste nytt om nye dingsar som kunne vore kjekt å ha.
Og. Heile tida er det noko nytt som ikkje virkar. Har ein ny, stasjonær pc som ennå ikkje fungerer skikkeleg. Må berre kjøpa noko meir til den, så....
Eit evig jag.
Har fem epostadresser. Etterkvart fleire heimesider. Sit kvar dag og sjekkar og sjekkar innkomne epostar, folk som har skreve seg inn i gjestebøker, kommentert bloggen...
Og, og..... nå er eg berre heilt hjelpelaus utan den mobilen! Folk får ikkje tak i meg! Eg har ein masse avtalar i kalenderen som eg aldri vil klara å hugsa. Ikkje har eg vekkerklokke heller lenger så eg kjem meg opp om morgonen.
Sit her i dag og synkroniserer Yahoo mail med Microsoft Outlook. Som frå før er synkronisert med mobiltelefonen. Det skal liksom gjera livet mitt enklare. Sit og tullar og brukar ein masse tid på det. Og så virkar jo ikkje telefonen ein gong!
Kva er det eigentleg eg driv på med???
Sonen min, derimot. Han er sunn og frisk og er med på eit skirenn nå.
Medan eg sit her og sutrar i bloggen.
Må koma meg ut i frisk luft og sjå på det skirennet.
Nå.
Jeg kjøpte for noen tid siden et sett hodetelefoner til en stiv pris, for merket hadde livstidsgaranti på at bøylen aldri ville brekke. Så viste det seg naturligvis at skummgummidemperne, som er flortynne og som slites i stykker raskt, ikke selges separat! Bøylen er ubrukelig uten, så når de er utslitt må man kjøpe ny...
Ja. Har skuffene mine fulle av øydelagte hovudtelefonar, cd-walkman, kablar og stæsj som aldri meir blir brukt.
Klarer ikkje å kasta noko heller.
Men har løyst mobiltlf. problemet mitt. Har fått to, brukte tlf. nå. Og den eine fungerer bra. Gløymte at dei fleste har slikt som framleis virkar, men som dei ikkje brukar lenger.
Det er jo berre å utnytta velferdssamfunnet vårt. Og diverse vennskap.
Min første tanke var: "Stakkars MANN!" Men det er vel et universelt problem, vi blir tatt med storm av post-moderniteten (for det er vel over med moderniteten) og det finnes tilsynelatende ingen vei ut av den, bare et krav om mer, mer, MER! Men, det var jo godt at det løste seg for deg. Vil jo ikke ha noe av at du sitter der oppe og føler deg uvel pga materielle ting (litt syrlig kommnetert men ikke vondt ment, æresord!)
Ja, det er ikkje så greit å vera mann, ser du.
He-he! Ja, du har min fulle sympati der, ikke greit å være mann!
