Kjennskap, vennskap og mølje

Var på restauranten Pål`s i dag og åt mølje. Nokon vil kanskje grina på nasen over denne retten. Som med ein del andre, tradisjonelle, norske rettar. Men her er det ein delikatesse. Fersk torsk, rogn og lever. Mektig og veldig godt. Sit ennå og rapar lever, her eg sit.
Snakka med ein annan kar seinare på ettermiddagen. Han kunne fortelja at han hadde ordna seg dagsfersk mølje frå nokre kjenningar i fiskeværet Kiberg.
-Det er fordelen med å bu her nord, sa han.
-At me kan ordna oss dagsfersk mat.
Samstundes er han inne på eit skilje blant oss som bur her. Søringar kan leva eit heilt liv her, lukkeleg uvitande om alle dei lokale delikatessane.
Dessutan at ein må kjenna folk, og kjenna folk veldig godt for å få tak i den beste kvaliteten.
Det er ikkje berre å gå på ein forretning og kjøpa mølje frå i går.
Nei, den må vera dagsfersk, frå gode kjenningar i Kiberg, skal det vera ordentleg.
Andre som flyttar hit undrar seg ofte over at det ikkje er nokon fiskebutikk i byen.
-Det er umogleg å få tak i fersk fisk her, seier dei.
Dei ser ikkje at fisken og anna mat er like framfor nasen på dei. Ein måte er jo å ha båt sjølv. Eller å kjenna nokon med båt (det gjer eg). Eller kjenna nokon som kan skaffa kva det måtte vera. Mølje. Kveite. Laks. Boknafisk. Lutefisk. Laga på beste måte. Av prima vare.
Den beste maten kan altså ikkje kjøpast berre for pengar.
Du får tak i den ved å kjenna folk. Og kjenna dei godt.
Eller sitte ute i robåten og vente på at den skal bite! Den beste fisken biter jo ikke i godvær, og den er litt skeptisk til motorbåter. Sånn var det iallefall da jeg var unge.
Der jeg vokste opp ble det å kjøpe fisk i butikk sett på som noe folk på Mars gjorde. En gang da vi var i byen gikk vi faktisk til en fiskebutikk for å ta en titt på rariteten. Oss unger fikk en stor pose reker som souvenir, men den varte ikke lenge!
Hehe, ja det beste er når man får det fersk. Gleder meg til å dra på båttur og fiske til sommeren.
Har vært litt fraværende i det siste, men har ikke sluttet å lese bloggen din.
Det var fiskebutikk i Vadsø "før i verden". Mathisen. Og der solgte de veeeeldig gode ferske fiskekaker - blant annet...
Hm. Mathisen Fiskebutikk må vera lenge sidan, "jubel". I alle fall før mi tid i Vadsø (har budd her i 15 år).
Ferdigstekte fiskekaker frå lokal fisk hadde jo ikkje vore så dumt.
Det er heilt i orden, Linda Elise. Følgjer med på din blogg og. Me får halda kontakt som "eks-spraybloggarar". Blir det etterkvart eg og.
Det må vel vera Mars du bur på nå, då, Marina? (Eller det gjer me vel forsåvidt dei fleste av oss, der me stappar i oss tunfisk på boks og oppdrettslaks frå Chile.)
Ja, nå bor jeg på Mars! Butikken der jeg handler har et godt utvalg av både fersk og frossen fisk, krabbe, hummer, reker, østers, og jeg vet ikke hva.
Men for en eller annen merkelig grunn er det nesten umulig å kjøpe mais i Iowa.
