Varangertankar har flytta

Varangertankar har tatt steget ut i verda.

Og flytta bort frå Sprayblogg.

Ny adresse er varangertankar.blogspot.com.

Håpar likevel å halda kontakten på den nye nettstaden med alle dykk som eg har hatt slikt fint samkvem med.

Lev vel, alle saman...


Farleg å bli sjuk

pc med gitar

Så blei eg skikkeleg sjuk til slutt. Vondt i hovudet og liggjande på sofaen heile dagen i går og gapa etter luft.

Alt medan sola skein så vakkert der ute.

og ingen kan bli så sjuke som oss mannfolk! Det veit vel dei fleste. Prøvde å skaffa meg sympati alle stader kor det var mogleg, når eg var bevisst nok.

Sendte ut sms-ar og liknande med,

-Åååååhhh, eg er så sjuuuuuuk.......

Hadde så lyst til å få servert saft på sofaen og slikt. Og at nokon kjente på panna mi og sa;

-Næ, men så varm og sjuk du er.

Og eg kunne svara;

-Jaaaa....har veldig vondt der....og treng litt meir saft.

Har vore heime i dag òg. Litt betre og litt meir oppegåande (det hjalp nok med den safta). Nok til å slå på pc-en innimellom hostekulene.

Og då skjedde det som er mest farleg med sjukdommen.

Eg byrja å surfa etter nettbutikkar.

CD-On hadde sendt meg ein epost og uttrykt uro over at det var lenge sidan eg hadde handla der. Så dei ville gi meg rabatt på 50 kroner viss eg kjøpte plater igjen.

Oppdaga vidare noko som heiter "netthandelen.no", der ein kan gi bud på alt mogleg nyttig og unyttig.

Og før eg visste ordet av det, var eg blitt ny eigar av tre pc-kablar, fire cd-ar av Deep Purple, ein ny bilstereo og ein Martinez, klassisk gitar. Og eg som ikkje kan spela gitar ein gong!

På tide å byrja på jobb igjen.


Lysorgie med finnkjærringa

img

Det blir veldig mykje lys å fortelja om for tida. Opplever ein lysorgie. Februar er rette tida. Været var berre fantastisk i dag. Skihytta, omlag ei mil innover fjellet var open. Eg sleit nå eigentleg med litt influensa i dag. Men tvang meg ut og ein liten tur på ski, på nysnøen.

Nådde ikkje lenger enn til "Finnkjærringa". Som viste meg det spesielle lilla/blå lyset mot nord.

Lys på fjellet




Endeleg nysnø

Brøytebil

Var ute i fjæra i går ettermiddag. Høyrde brått ein rar, summande lyd bak meg. Som eit uhyre.

Var nok ikkje vant til den lyden lenger, sidan det har vore veldig lite snø denne vinteren.

Men i går kom det endeleg litt. Slik at brøytebilen omsider fekk noko å gjera.

img

Men mengde snø som kosta forbi kunne ikkje samanliknast med tidlegare vintrar. Då bilane køyrde kolonne over fjellovergangane, etter brøytebilen i vill fart. Tett opp til bilen framfor, sidan bilistane ikkje kunne sjå meir enn eit par meter framfor seg i snøkavet.

Denne brøyteturen var reine søndagsturen i forhold.

Så snudde eg meg for å gjera det eg var komen for. Ta nye bilete av lyset ute i fjorden. Havnar der enten eg vil eller ikkje. Trur eg.

Sola hadde akkurat gått ned bakom fjella i sør, men lyste rødt mot eit kraftig skylag i aust. Som igjen lyste opp resten av fjorden.

Sikkert til glede for brøytebilsjåføren som suste vidare utover.

img


Moderne marknad

img

I dag har eg vore parkeringsvakt. Takka vera idrettsinteressa til sonen min. Han gleder seg over idrettsprestasjonar. Eg jobbar for idrettslaget, så det kan tena pengar. Blant anna ved at foreldra er parkeringsvakt utanfor ei messe.

Føler ikkje det er meg å vera parkeringsvakt. Men må eg så må eg.

Gjekk rundt med walkie talkie og ein gul refleksvest og viste folk kor dei kunne parkera.

Hepp!

messe

Inne i Varangerhallen hadde byens næringsliv flytta varene sine for anledningen. Nokre unge jenter underhaldt med dans.

Masse folk.

Det er den moderne formen for marknad. Sikkert litt likt slik det var for lenge sidan ved Bossekop og andre stader.

Då folk kom til marknaden like mykje for å sjå, som å handla. Treffa folk.

Eg kjøpte ei flaske krøkebærjuice av ein kar frå Porsanger. Krøkebær skal vera veldig sunt og helbredande. Han var veldig overbevisande som selgar. Litt lenger borte var det ein som eg kjøpte røykt elghjerte av. Passa godt til grauten i ettermiddag.

Så traff eg ein kar her, og ei kvinne der. Prata litt om stort og smått. Så kikka eg litt på nokre nye, fine bilar. Kjem ikkje til å kjøpa. Men kjekt å sjå. Og så såg eg på endå fleire boder.

Så slik gjekk nå den dagen.


Gamle vanar er vonde...

stein

Har ei utveksling av "gode", gamle slagarar med Blixern og andre i "chat-boardet"(bra ord) til høgre på sida mi. Me plagar kvarandre med slike sangar som aldri går ut av hjernen når den først har satt seg. Uansett kor mykje me hatar dei.

Her i Finnmark har eg inntrykk av at ein del folk er ekstra konservative innan musikksmaken.

I lokalradioen var det fast som stein at ønskeplatene bestod av Sissel Kyrkjebø, Sputnik og "Stakkars meg som har fylt 40" av 3 Busserulls. Den siste kom kvar einaste gong som helsing til nettopp ein stakkar som hadde fylt 40.

Det verste var å vera programleiar i radioen, og seia for hundreogørtogfjørtiande gong, med lett anstrengt, men yndig stemme;

-Å ønskeplata e Sputnik, med "nå vil jeg skilles, Johanne". Sett i gang!

Har av og til lurt på om musikkunnskapen avgrensa seg til dei tre artistane. Eller at folk ikkje hadde behov for å vita om fleire.

Det er som når me går på utestaden Opticom, kjem bort til baren der dei etterkvart har opparbeidd seg ei svært avansert menyliste over drinkar. Flasker i alle slags fargar står oppstilte i hyllene. Bartenderen står spent og ventar på å visa kor god han er til å miksa drinkar.

Og alt me klarer å sei, er;

-Eg skal ha eineee......................øl.....

For det første er det vanskeleg å vita namnet på alle paraplyane. For det andre så stokkar det seg når me brått skal velga mellom veldig mange variantar.

Då havnar me som regel på øl uansett.

Tilbake til musikken.

Det er visse sjangrar som aldri døyr ut her.

Var ein gong med og spelte til dans ute ved Havøysund. Me tenkte me skulle spela litt forskjellig. Men kvar gong me prøvde oss, kom det kjapt frå dansarane;

-Nei, nei! Spell sakte sweng!

Og me spelte sakte swing. Utpå natta tenkte me at det kunne vera mogleg å prøva seg igjen, men....

-NEI, NEI!!!! SPELL SAKTE SWENG!!!

Viss nokon har fleire plagsomme "fekk den på hjernen-låtar", er det berre å hiva seg på i chatten.


Blodrødt

Blodrødt

Det er kanskje ein fare for overfokus på utsikten min. Men klarer ikkje å la vera. Så her er ettermiddagens fargar.


Samefolkets Dag

Sameflagg

I dag, 6. februar er Samefolkets Dag. Enkelte historielause kallar den "Samenes Nasjonaldag", sjølv om det ikkje er ein nasjon som blir feira, men eit folk busett i hovudsakleg fire nasjonar.

Det ser ut til å vera lite markering av dagen her i landet.

I Vadsø har skulane heist det samiske flagget. Blant anna ved Melkevarden Skole. Og i morgon blir det ei markering blant elevane.

Men elles ser det ut til at dagen i stor grad blir fortia av den norske majoriteten.

Vadsø er sjølve fornorsknings-bastionen i Noreg. Norsk statsadministrasjon, norskspråkleg radiokringkastar, alt blei plassert her for å stå stå imot det unorske. Fornorskninga har gått ut over både kvænske innvandrarar og samar. Samiske stadnamn blei erstatta med rare, norske oversetjingar. Samisk språk nestan utrydda.

Fornorskninga skapte haldningar blant befolkninga som har grodd langt, langt ned i jorda.

Kanskje difor at ei skikkeleg samisk feiring sit så langt inne.


Fellesskap på ski

img

Humøret mitt er betre nå.

Har vore ute i frisk luft. Truffe folk på ein ekte måte. Utan å trenga verken mobiltelefon eller pc.

Det har vore skistevne i Vadsø i dag. Unge og gamle løparar frå heile Aust Finnmark har vore samla.

Sjølv blei eg mobba av sonen min, denne frekkasen av ein 13 åring, før han drog på stevnet. Først demonstrerte han mitt skitempo og diagonalgang på ein ekstra seig måte.

Mitt forslag om at han kunne ta med seg kakao på termos blei møtt med lett hovudrysting.

Kva for ei skistjerne har nokon gong tatt med seg varm kakao til konkurranse-løpet?

Og når eg antyda at han burde ha på seg meir klede, kvitterte han med å herma etter vestlands-dialekta mi.

-Ja, da e jo veldig viktig å varrra varrrm på turrr (med ekstra overdreven skarre-r).

Ikkje det, nei.

På sjølve stevnet gjekk det ikkje så bra for han. Han hekta borti ein busk og havna på sisteplass i gruppa si.

På stadion kunne me elles høyra ei velkjent stemme. Frå ein person som det godt kunne ha blitt skreve ein eigen artikkel om. Den alltid positive Oddbjørn stilte som vanleg opp som "speaker". Han stiller opp på omtrent alt som er av idrettsarrangement, musikkarrangement og festar.

img

Etterpå var det å dra til kafeen til Vadsø Skiklubb. Der var det premieutdeling. Alle fekk kvar sin premie.

Folk prata og kosa seg. Ein bestefar ga barnebarnet sitt ein god klem etter at barnebarnet hadde gått litt seint i løypa.

Sonen min sat saman med eit par gutar frå Sandes utanfor Kirkenes. Skuffelsen over hektinga i ein busk hadde han lagt bak seg.

Skifolket i Aust Finnmark er som ein stor familie. Foreldre reiser saman med barna sine på stevne nestan kvar helg. Kjenner kvarandre godt.

Ser ut til at dei har det bra, saman.

Skiklubb


Mobilt delirium

delirium

Er heilt i ørska. Kjenner kaldsvetten. Kroppen ristar. Skikkeleg delirium.

Mobiltelefonen virkar nemleg ikkje.

Kjøpte den for eit år og to månader sidan. Garantien har akkurat gått ut.

Grrrr...

Ein knapp fungerer ikkje. Prøvde å skrua mobilen opp og rensa den sjølv, men nei.

Grrrr....

Fekk låna ein gammal Motorola mobiltelefon. Men batteriet på den er utlada. Lånaren fann ikkje ladaren. Og ingen butikkar har ladar til Motorola.

Grrrrr......

Har levert min eigen mobil på ein butikk. Men reparatøren måtte brått til Vardø og fekk ikkje tid til å sjå på den før helga.

Grrrr....

Dessutan er det sikkert ein feil som ikkje kan ordnast her. Slik at den sannsynlegvis må sendast sørover. Det tar lang tid. Og det kostar omtrent like mykje som å kjøpa ein ny mobil.

............

Det heile er bedritent. Me har kome inn i ein evig spiral av innkjøp av elektroniske dupedittar. Det går berre eit år, kanskje mindre, så må me kjøpa ein ny dupeditt. Som skal gjera det lettare å bruka ein annan dupeditt. Eller fordi den gamle (!) dupeditten ikkje har dei nye finessane som me berre må ha. Eller fordi den gamle dupeditten ikkje virkar lenger. Like etter at garantien har gått ut.

Huset mitt er fullt av slikt. Digitalt kamera. mp3-spelar. MD opptakar. USB pinne. Kortlesar. To stasjonære pc-ar. Bærbar pc. Mobiltelefonar. Loftet mitt er fullt av mobiltelefonar som ikkje virkar lenger. Og forresten to andre, pc-ar som heller ikkje virkar lenger. Reine elektroniske kyrkjegarden.

Og heile tida surfar eg etter siste nytt om nye dingsar som kunne vore kjekt å ha.

Og. Heile tida er det noko nytt som ikkje virkar. Har ein ny, stasjonær pc som ennå ikkje fungerer skikkeleg. Må berre kjøpa noko meir til den, så....

Eit evig jag.

Har fem epostadresser. Etterkvart fleire heimesider. Sit kvar dag og sjekkar og sjekkar innkomne epostar, folk som har skreve seg inn i gjestebøker, kommentert bloggen...

Og, og..... nå er eg berre heilt hjelpelaus utan den mobilen! Folk får ikkje tak i meg! Eg har ein masse avtalar i kalenderen som eg aldri vil klara å hugsa. Ikkje har eg vekkerklokke heller lenger så eg kjem meg opp om morgonen.

Sit her i dag og synkroniserer Yahoo mail med Microsoft Outlook. Som frå før er synkronisert med mobiltelefonen. Det skal liksom gjera livet mitt enklare. Sit og tullar og brukar ein masse tid på det. Og så virkar jo ikkje telefonen ein gong!

Kva er det eigentleg eg driv på med???

Sonen min, derimot. Han er sunn og frisk og er med på eit skirenn nå.

Medan eg sit her og sutrar i bloggen.

Må koma meg ut i frisk luft og sjå på det skirennet.

Nå.


Kjennskap, vennskap og mølje

blått hav

Var på restauranten Pål`s i dag og åt mølje. Nokon vil kanskje grina på nasen over denne retten. Som med ein del andre, tradisjonelle, norske rettar. Men her er det ein delikatesse. Fersk torsk, rogn og lever. Mektig og veldig godt. Sit ennå og rapar lever, her eg sit.

Snakka med ein annan kar seinare på ettermiddagen. Han kunne fortelja at han hadde ordna seg dagsfersk mølje frå nokre kjenningar i fiskeværet Kiberg.

-Det er fordelen med å bu her nord, sa han.

-At me kan ordna oss dagsfersk mat.

Samstundes er han inne på eit skilje blant oss som bur her. Søringar kan leva eit heilt liv her, lukkeleg uvitande om alle dei lokale delikatessane.

Dessutan at ein må kjenna folk, og kjenna folk veldig godt for å få tak i den beste kvaliteten.

Det er ikkje berre å gå på ein forretning og kjøpa mølje frå i går.

Nei, den må vera dagsfersk, frå gode kjenningar i Kiberg, skal det vera ordentleg.

Andre som flyttar hit undrar seg ofte over at det ikkje er nokon fiskebutikk i byen.

-Det er umogleg å få tak i fersk fisk her, seier dei.

Dei ser ikkje at fisken og anna mat er like framfor nasen på dei. Ein måte er jo å ha båt sjølv. Eller å kjenna nokon med båt (det gjer eg). Eller kjenna nokon som kan skaffa kva det måtte vera. Mølje. Kveite. Laks. Boknafisk. Lutefisk. Laga på beste måte. Av prima vare.

Den beste maten kan altså ikkje kjøpast berre for pengar.

Du får tak i den ved å kjenna folk. Og kjenna dei godt.


I dag er det grått

grå vinter

Dagens værrapport: Grått, vind og litt snøføyk.

Men når ein hiv på seg scooterdressen, går ned i Ytrebyfjæra og stirrer uværet inn i kvitauget, så ser ein at det finnes mange fargenyansar i dag og. Og mange motiv.

img

Som trassige sjåer. Små verneverdige bygg, satt opp av gamle kvænar og i hine dagar brukt som båt, redskapshus, fjøs, i enkelte tilfelle som bustadhus.

Og gamle ting som har tatt turen ut, og som aldri kjem seg inn igjen.

img


Og jula varer over påske

Julestjerne

-Å, ja. Du feire jul ennå?

Det var nok eit av desse meir krevjande spørsmåla som blei stilt meg ein dag.

Det har seg nemleg slik at eg kan vera temmeleg treg. Det kan gå langt ut i desember før eg endeleg får opp den julestjerna. Og når ho først er oppe, så kan det gå lang tid før ho blir tatt ned igjen.

Så ho heng der like så godt ennå.

Dette forvirrar og uroar ein del vadsøværingar.

Det blir eit forstyrrande element i kvardagen deira.

Møter stadig nokon som halvvegs spør og konstaterer at ho heng der og lyser fred over byen.

Trudde eigentleg at folk flest var blitt vante med at eg kan gjera litt rare og uvante ting.

Men ein gong over påske blir ho nok tatt ned.....Eller eigentleg er det jo ingen vits. For då er det jo snart ei ny jul.


Vind og frostrøyk

img

Har dreve med favorittsysselen min i dag. Laurdags føremiddag. Stått med kaffekoppen og sett ut vindauget. I dag er det klart vær, kaldt og vind. Det plystrar rundt veggene. Frostrøyken står tett ute i fjorden.

Og helgefreden har senka seg.

Seinare i helga har eg tenkt å klippa av alle telefon og straumledningane rundt omkring. Dei står i vegen!


Vind og frostrøyk


Ut på byen

Det skjer i Vadsø igjen. I kveld, laurdag kl. 22 er det konsert, "Bossa Nordpå" på Boksen på Hermetikken. Heftige, brasilianske rytmar ifølgje førehandsomtalen, framført av nordnorske musikarar og sangar Marit Sandvik.

I morgon blir det konsert i kyrkja kl. 18........nei, søren. Nå har eg tatt feil på datoen. Det er søndag 6. februar. Obs, obs! (Og eg som har sagt til diverse folk at det er søndag 30.) I alle fall er det ein ny støttekonsert for flaumofra, denne gong arrangert av det liberianske gospelkoret. Der skal me i Daap òg opptre.

"Så løp og hør!"

(Søndag den 6. februar...)


Nærbutikk med sjel

Nærbutikk

-Nå, du e lærer ennå?

Spørsmålet kom frå innehavaren av nærbutikken, etter at varene hadde passert kjøpedisken og pengane var levert.

Det var eit av dei meir krevjande spørsmåla ein kan få. Meir enn "Nå, ka du si`r", eller "nå, ka?"

Spørsmålet i butikken krevde eit meir utfyllande svar.

Så eg svarte at;

-jo, eg er jo det, ja.

Og såg samstundes at det låg noko meir på lur, der han smilte litt bakom barten.

-Ja, e du lærer i matematikk også?

Augene våre møttest straks i eit felles "he-he-he-he".

-Nei, svara eg.

-Viss eg hadde vore lærar i matematikk, så hadde resultatet av den nasjonale mattetesten blant elevane blitt dratt fullstendig ned i botnen, og aldri kome seg opp igjen.

-Sier du det, ja. He-he-he-he.

Så var det å snakka litt om korleis det er å vera lærar. Og litt om skuleverket. Og litt anna forskjellig. Innan eg pakka saman varene og me ynskte kvarandre ein god kveld.

Eg er faktisk veldig glad for å ha ein slik nærbutikk. Det er veldig fint å kunna spasera bort og kjøpa frukostvarer ein laurdags morgon.

Og det er sosialt.

Butikken står ikkje øvst på listene over forretningar med dei billegaste prisane. Datoen på varene er visst ikkje alltid så oppdaterte heller, ifølgje enkelte undersøkingar.

Men her møter ein ikkje det monotone "hei", og "ha en god dag" med den opplærte, litt dvaske blikkontakten.

Denne forretningen køyrer varer ut til gamle pensjonistar lenger ute ved kysten. Dei hjelper til med å partera kjøtt og fisk for ein liten slant. Eller å fortelja om kor det er fersk fisk å få tak i.

Det er mogleg at "det enkle ofte er det beste". Men viktigast er det å ha sjel. Butikksjel.


Arktisk fotball

Fotballhallen


Det har tradisjonelt sett ikkje vore særleg lett å bli fotballstjerne her i arktiske strok. Fotball, snø og masse vinter høver jo ikkje så godt saman.

Difor har dei fleire stader i fylket flytta fotballen innandørs, som i denne fotballhallen i Vadsø. Dermed kan dei springa på grønt "gras" heile året og ha fotballturneringar, slik dei hadde det i går.

Då blei det halden "Sigurd Rushfeldt-cup".

Sigurd Rushfeldt er ein av Vadsø sine største sønner. Folk i byen er veldig stolte over å ha fostra ei slik stjerne. Like mykje gjeld det Morten Gamst Pedersen. Ein kan sjå det i blikket på gamlekara kor stolte dei er. Når dei sit på den brune puben Pintos og ser fotballkamp der ein eller begge stjernene er involvert.

Og det er stort for dei yngre, håpefulle som spring omkring i fotballhallen, når Rushfeldt og Gamst Pedersen kjem innom og lærer frå seg eit og anna tricks.

Sonen min er ein av dei håpefulle. Har difor for lengst avtalt med han, at viss han blir ei fotballstjerne, så skal han kjøpa eit nytt, stort, fint hus til meg. Og ein ny bil. Ein BMW Cabriolet, eller noko slikt.

Og berre så det er sagt; I går var han med på laget som vann finalen i "Sigurd Rushfeldt-cup".


Sola er her!

img

Det er så vanvittig godt!

Brått var ho der. Skulle ha vist seg på måndag. Men eit tett skylag hindra det. Inntil i dag, då det letta litt i horisonten.

Ungane på skulen har venta og venta. Kikka ut vindauget. Venta på å få ha solfest. Få syngja solsangen. Eta solboller. Men bollene og festen måtte venta, sidan ho gøymde seg så godt.

Og så, i dag, laurdag, var ho der. så nå blir det snart fest.

Brukte opp eit minnekort omtrent i kameraet. Stod etterpå andektig med kaffekoppen og berre såg.

Inntil nye skylag glei forbi og sola til slutt seig ned bakom fjellet.

Kjente brått kor eg har savna henne. Og kor godt det var å få henne tilbake.

img

img

Sola avstand


Snømåking og motorar

img

Før snømåking...

Det har storma mykje i det siste. Mest i den virtuelle verda. Ikkje så mykje ute. Tenkte eg skulle avreagera med litt snømåking.

Så langt i år har det vore lite å måka. Tidlegare vintrar noko heilt anna. Opptil to meter med snø å fjerna frå den lange oppkjørselen. Og når alt var gjort, bles Kong Vinter to nye metrar. Kunne halda på ein heil kveld og vakna om morgonen, kikka ut og oppdaga at alt arbeidet hadde vore til ingen nytte.

Det er nestan så det er litt kjedeleg i år.

Må elles vedgå at eg har prøvd å vera ganske idealistisk. Skulle i mange år på død og liv ta den snømåkinga med eiga muskelkraft. Og slett ikkje ved hjelp av noko forbrenningsmotor.

Medan det kvein i snøfresarar overalt i nabolaget, stod eg og svetta med muskelkrafta mi.

Verst var det å sjå næraste naboen som brukte ein diger brøyt til å rydda bort alt fint og flott på to minutt. Medan eg reiv og sleit i mange timar.

Og neste dag: To nye metrar med snø . Berre i min oppkjørsel.

Så ga eg opp måkinga. Og kom meg ikkje ut med bilen. Trakka berre ein smal sti ned til vegen.

-Det var jo like greit, tenkte eg.

-Bil er noko oppskrytte greier. Best å bruka sparken.

På den tida måtte sønnen min transporterast til ein skule, fem kilometer unna.

Så han fekk sitja på sparken.

Oppdaga kjapt at det den morgonen låg 30 cm med våt snø på vegane som ennå ikkje var rydda bort. Eg hadde dårleg tid til jobben. Og ei altfor varm jakke.

Då eg hadde kome halvvegs og det var 10 minutt igjen til jobben starta, kunne andre foreldre i bilane sine sjå eit illraudt andlet over ei tjukk, grå jakke som stampa febrilsk i den tunge snøen. Med ein blid, liten guttunge framfor seg.

På ettermiddagen ringte eg naboen.

-Du, eeee,...kunne ikkje tenkja deg å måka oppkjørselen min òg med brøyten din?

Snømåking etter

...og etter...


Siste skitur-nytt

Skitur lys frå by

Ny skitur i dag. Var så treg at det blei mørkt før eg kom meg til fjells i dag òg. I dag var det meir overskya. Frostrøyk i fjorden og innover byen.

Så lyset på fjellet kom i stor grad frå byen, der det skein opp mot det låge skylaget.

Ein liten busk helsa på vegen oppover fjellet.

img


Opprør blant bloggarar

Det er eit aldri så lite opprør blant bloggarar i Sprayblogg.

Årsaka er at Sprayblogg brått blir endra frå gratistilbod til betalteneste. Me som skriv må altså enten betala for vår eigen skriving, eller godta ein gratisversjon som er dårlegare enn det som har vore gratis før (reduksjon frå 10 til 5 megabyte og ingen moglegheiter til personlege endringar av layout).

Dette irriterer mange bloggarar, og det blir trua med å flytta bloggane til ein ny nettstad. På Sprayblogg sitt eige diskusjonsforum og i forskjellige bloggar er det ein del heftige diskusjonar om dette nå (Sjå blant anna "hjemmeside med dagbok" og "klage til Sprayblogg").

Blogging, eller weblogging er ganske likt det å skriva på ei heimeside. Forskjellen er at det er lettare å leggja inn tekst og bilete på ei ferdig tilrettelagt side. Og kven som helst kan skriva kommentarar til artiklane. Det har blitt ei offentleg nettdagbok der det står alt mogleg som kvar og ein måtte ha lyst til å formidla.

Sprayblogg er ein av mange som har tilbudt eigne, gratis nettsider til alle skriveglade, men er nå ein av dei som har gjort gratistilbodet dårlegare.

Dette er ein velkjent metode blant mange dataselskap. Å først lansera ei gratisteneste. Så, når programmet er godt i bruk, blir det krevd pengar, medan gratisversjonen blir dårlegare og vanskelegare å bruka. Programmet skaper rutinar blant brukarane, som inneber at dei føler seg tvungen til å betala.

Og viss me nettbrukarar ikkje passar på, er det til slutt veldig mykje av dataaktiviteten vår som kostar pengar.

Bloggarar er blitt kalla "Den femte statsmakt". Amerikanske bloggarar sine diskusjonar under presidentvalet skal vera eit eksempel på det.

Det føles vel svært å definera oss som ei statsmakt, når eg ser på små betraktningar i forskjellige bloggar over våre små liv.

Men blogging har blitt ein fantastisk kanal for skrive og formidlings-glede. Bloggarane skriv av hjertens lyst, les andre sine bloggar, kommenterer andre sine artiklar, gir kvarandre gode råd, skaper sitt eige fellesskap og brukar elles mykje tid på fargar, bilete og utsjånad av eigen blogg.

Og bloggarane blir berre fleire og fleire.

Så kanskje det er på tide at bloggarane organiserer seg i sin eigen interesseorganisasjon? Når me står samla, blir me, om ikkje ei femte statsmakt, så i alle fall ei gruppe med tyngde.

Parolen vår burde bli;

-Ja til gratis blogging av det frie ord.

og;

-"Bloggere i alle land, foren dere!"


På skitur i månelys

img

Er litt treg. Og det lønnar seg ikkje når dagslyset er temmeleg kort. Men å gå til fjells på ski i månelys er heller ikkje å forakta. Slik det var i ettermiddag. Har hatt ein tur på ski tidlegare i vinter. Då var det endå mørkare. Så denne gongen våga eg meg endå eit stykke lenger innover.

Fjellet nord for Vadsø er flatt. Berre ein lett stigning etterkvart som ein går innover. Så dermed kan ein sjå fjorden bak seg heile vegen. Og fjellet, det drar deg. Innover og innover. Enten det er lyst eller mørkt. Og i mørket er det ekstra trolsk å vera der.

img


Siste vals for Fireflies

img

Jentegruppa Fireflies hadde avskjedskonsert på Zero-kafèen i ettermidag. Vel. Avskjedskonsertar har ein tendens til å bli gjentatt her. Så det er ikkje umogleg at det blir ein til. Og så ein til. Etter det eg veit, har dei i alle fall hatt minst ein avskjedskonsert tidlegare.

Fireflies har opptrådt med swingande, amerikanske slagarar, som "Drinkin Rum and Coca Cola" i ein kombinasjon av god, fleirstemt vokal, sjarme og innøvde rørsler.

Men så skjer det som ofte skjer i Vadsø. Nokon flyttar. Og det blir vanskeleg å fortsetja. Denne helga var derimot alle samla i byen. Men snart skal visst endå fleire av dei flytta. Så det spørs kor mykje Fireflies det blir til slutt.

Synd. For slik sjarme trengs i byen.

img


Lyst i sør og i nord

img

Det går mot lysare tider. Om ikkje så lenge vil sola visa seg igjen. Det varer ikkje så lenge, dette lyset. Ennå. Men det er godt å sjå at det blir, ja...lysare. Relativt sett.

Sit her på laurdags føremiddag og kikkar ut. På alle skorsteinane til naboane som det ryk varmt og godt ut av. Naboane, som sikkert òg sit inne og kosar seg med lun vedfyring og som kikkar ut på lyset.

Ei kråke ser òg ut til å kosa seg. Sånn relativt sett.

img

Vel så fint er det å sjå mot nord, der himmelen speglar seg i lyset frå sør. På klare, fine dagar som i dag skin det i blått og rosa.

Litt meir snø har det kome òg. Det gir lyster. Som å gå på ski. Skli innover fjellet. Mot nord.

Lyst i nord

Og snart er sola tilbake.

img


Nå, ka du si`r?

-Når nån voksne spørr, "nå, ka du si`r?" Ka man ska svare da??

Spørsmålet kom frå sonen min ein gong.

Og eg, som berre er ein skarve vestlending, var ute av stand til å svara på eit så komplisert spørsmål.

Har sjølv hatt problem med å svara når dette spørsmålet kjem. Og det kjem i grunnen ganske ofte, frå folk flest i Vadsø.

Så eg har lært meg eit standardsvar, som "nei, eg seier nå i grunnen minst mogleg", eller noko slikt.

Henriksen-brødrene frå Vadsø/Kirkenes (mest Kirkenes) har i boka "Ka du sir til godt" ei utførleg handsaming av dette og andre, finnmarkske uttrykk og særtrekk.

Som;

-Ka dåkker ålle med?
-Jo, vi hold nu på med ei bok.

-Javel, ja.

Lenger ute ved kysten er spørsmålet endå meir skoren inn til beinet, som;

-Nå, ka?

Og svaret kan vera berre eit,

-Nææææiii......

Og så ferdig med den saken.

Så slik går nå dagane.


Fakkeltog

Fakkeltog

I dag blei det arrangert fakkeltog i Vadsø til minne om flaumkatastrofen. Ein del kom, kjøpte ein fakkel og deltok i toget.

Idrettslaga i byen stod for arrangementet.

I kveld blir det arrangert ein støttekonsert på Boksen med lokale artistar.

Det er stor avstand mellom Vadsø og Asia. Men ikkje større enn at katastrofen har gjort inntrykk.


Store steg

Badevekter

Nokre gonger i livet har eg tatt slike store steg.

Som den gong eg berre bestemte meg for å reisa frå Vestlandet og nordover til Vadsø.

Og den gong eg sa opp jobben, tok meg ny utdanning og fekk meg ein heilt ny, type jobb.

I dag har tatt eit nytt, slikt stort steg.

Eg har nemleg kjøpt meg ny badevekt!

Den gamle vekta er mildt sagt sliten, etter eit langt liv. Noko særleg nøyaktig på vekta er den heller ikkje. Eit avvik på mellom fem og ti kilo, trur eg.

Så då var det på tide å skifta den ut.

Har kjøpt ei slik moderne, digital. På nærbutikken til Gunnar. Den skin så fint i glas og greier.

Så var det å testa vekta mi, då, på den nye, digitale...........å, fytti, h..................


Heime igjen

blått

Er heime i kvardagen igjen. Litt lang ferie gir farlege lyster. Som å ha ferie resten av livet.

Kom til Kirkenes seint søndags natt. Køyrde rundt fjorden til Vadsø. Heime på morgonkvisten.

Vel heime kom skrivelysta tilbake. Fekk ordna ein del i teksten og omsider lagt inn ein del bilete frå turen til Berlin.

Og oppdaga først etter tilbakekomsten kor ufatteleg den flaumkatastrofen i Asia er. På Gardermoen stod politi og helsepersonale klare til å ta imot dei som kom frå verdsdelen. Kjøpte Dagbladet der bilete av ein av dei enorme bølgene skreik mot meg.

Det var det første innehavaren i nærbutikken i Ytrebyen i Vadsø snakka om, då eg kom inn der, neste dag. Han rista på hovudet over tragedien.

I Vadsø blir det elles ein støttekonsert med diverse artistar nå i helga.

Ser korleis det pregar ein god del folk her.


Viele leute

img

Så har me gjort unna feiringa med alle tyskarane ved Brandenburger Tor og Unter den Linden. Kom først fram der det stod ein scene med dunkande musikk. Me kommenterte at dette var då vel ikkje så svært??? Ikkje meir folk enn me kunne ha samla i Vadsø på ein god dag. Lite imponerande for to vadsøtypar...inntil me oppdaga at me stod BAK scenen.

Me havna så inn i ein malstraum av folk som segla ved sida og mot framsida av scenen. Veldig trangt. Og ingen sjangse til å bestemma kor me skulle gå. Haldt godt fast i handa til 13-åringen. Dette føltes ikkje trygt. Det vesle hovmotet hadde forsvunne heilt. Her gjaldt det berre å halda seg fast. Etterkvart som me kom på rette sida, opna det seg eit folkehav me ikkje hadde sett maken til. Lenger bak var det ikkje fullt så trangt. Men nok av folk uansett.

Sønnen min var ivrig etter å koma seg opp i eit pariserhjul i nederste del av folkehavet. Og då me var på toppen, såg me at det var dobbelt så mykje folk bak pariserhjulet òg. Mein Gott!

Det var salgsboder, glüwein, bratwurst dundrande rockerytmar overalt. Klokka 12: Eit overdådig fyrverkeri. Kinaputtar som small overalt. Og folk, folk folk. To millionar, trur eg. På veg tilbake til bustaden var det å gå i ein ny, endelaus malstraum. Hadde ei god stund ingen kontroll over kva gate me skulle gå i. Ja. Dette var forsåvidt noko anna enn å feira nyttår i Vadsø.

img

Avslutta heile ferien dagen etterpå med konsert. Brasiliansk samba. Ganske mette til slutt. Det heile var ein smule annleis, kan me sei. Men nå skal det bli godt å koma heim.

img


Herzliche, neue jahr

img

Unter den Linden

Sønnen min spelar eit eller anna internettspel på data. sit på internettkafe, begge to.

Klokka er 20.30. Snart nytt år. Skal ned på Brandenburger Tor snart. Blir liv der, trur eg. prøvde å få med oss konsert, Carmina Burana i ettermiddag. Men fullt gitt.

I går var me på badeland, bowling, Jordansk utgravingsmuseum og runda av med 3-dimensjonal kino. Med basehopping frå Norge som tema. 3-1 til sønnen min. Eller forsåvidt var det meste artig for meg og. Og det jordanske museet lite artig for han.

Elles er eg lite inspirert til å skriva. Det er noko som manglar, liksom. Trur det er det blå lyset som manglar. Dessutan er det forferdleg irriterande at y og z er plassert forskjellig på dette tastaturet. Men når eg er heime igjen. Når mørketida og det blå lyset er tilbake i kroppen. Så reknar eg med at skrivelysta kjem tilbake igjen. Inntil vidare blir det å sjå på rakettar og alt livet her.

Ich wünshce sie alle ein sehr guhte, neue jahr. Alle zu zammen! Und zu weiter... (bra eg ikkje underviser i tysk. Då hadde det blitt mange analfabetar, gitt...)

img

Siste nytt frå Berlin kan lesast her.


Historie und spass

img

Me er under knallharde forhandlingar for tida, sønnen min og eg. I går var det på zoologische garten. Det var greit. I dag var det min tur. Museet Checkpoint Charlie, som fortel historia om alle skjebnene rundt den berømte muren. Ikkje fullt så artig für meine sohn. I morgon skal me på Nyttaarskonsert. Klassisk. Endå mindre populært.

img

Elles klarer han seg godt i Berlin. Denne 13 årige lysluggen som brukar det han kan av tysk for å sjarmera dei innfødte. Der han vandrar rundt i den gule treningsjakka til Vadsø Turn Forening.

Men avtalen er at me gjer forskjellig som begge likar. Og at me begge godtar ting som me elles ikkje er så interessert i. Så dagen etter blir det badeland.

img

Dessutan bowling (der møtest me vel omtrent på midten.) Og litt skøyting på ein bane. Så blir det nokre tunge museum igjen. Inntil me feirar nyttår ved Brandenburger Tor saman med to millionar tyskarar. Det skal bli forskjellig frå den vante feiringa i Vadsø.


Mykje rart for to bønder i byen

Det er mykje rart å oppleva for to norske bønder i byen.

img

Vakna til utsikten av ei austtysk bydelsblokk. Mange av vindauga er sterkt opplyst av diverse julelys. Akkurat som i Ytrebyen heime. Rart det der i grunnen, at den austlege delen av ein by ofte er den underpriviligerte.

-Austberlinarar er stolte og ordentlege folk, fortalte ein av tyskarane til oss.

-Vestberlinarane, derimot snakkar pent og går med nasen i sky.

Joda. Det der har me vel høyrt før?

img

img

Var i det radiotårnet og såg ut over byen. Sat i ein restaurant som bevega seg rundt og rundt. Rare greier.

img

Tok ein heis inni Europas største akvarium. Og kunne sjå på diverse fiskar med kontorbygningar i bakgrunnen. Rare greier det òg.

Så feira me jul hos ein tysk familie. Det starta med katastrofe. Far i huset er kokk. Han hadde brukt to veker på nokre av rettane. Spenninga hang litt i lufta i det tysk/norske samværet då maten kom på bordet. Så skulle eg henta sausen som kokken hadde brukt ein dag på å laga. Då eg løfta opp fatet, porselen frå 1700 talet eller noko slikt, så knakk fatet i to. Sausen velta ut over kniplingsduken. Frå 1600 talet eller noko slikt. Her var det berre to val; Å stikka med halen mellom beina og aldri koma tilbake, eller å fullføra med stil. Så då vertinna i huset sølte ut litt raudvin på den same duken, kunne eg triumferande utbryta;

-Hah! Du bist der zweiter!

Stemninga såg ut til å løsna. Så eg fortsatte i same stil med å spå framtida i den utsølte sausen på duken.

-Du machst eine lange reise. Nach Italien, sa eg og peika på ein ekstra stor flekk på duken.

img

Seinare på kvelden laga vertinna ein drikk. Ein stor sukkerklump som ho helte brennande sprit over. Og så drakk me det etterpå. Rare greier.

Ei av gåvene mine under juletreet var eit par skallar. Det tok tyskarane som ein stor spøk.

-Das ist reintiershuhe! Ha-ha-ha!

Og, ja. Har fått med oss Unter den Linden, Brandenburger Tor, norsk juletre, Weinachtmarked, glüwein, bratwurst, und zu weiter. I kveld blir det kino igjen. Alexander for gutta boys.

img

Verda går med stødig kurs rett fram. Wenche Myhre skal ha konsert i Berlin.


Alles gut

img

Her går det strålande. Me gjekk akkurat klar av stormen i Finnmark. Tok ingen sjangsar og køyrde rundt fjorden kvelden før, og overnatta i bilen.

img

Noko av det artigaste med å reisa er forresten når den startar. Som like før ein opnar ei julegåve. Når ein sit på flyet som peikar sørover og den første ølen er opna. Flyet lettar oppover, over skydekket, over horisonten, og der... der kan me sjå sola! Ho som har vore borte så lenge. Der er ho jo, lys levande! Blir blenda av lykke!

img

Det var først då me kom fram til Berlin at det blei spennande. Skulle treffa dei me skulle bu hos. Ei som studerer her, og søstera hennar. Men hadde sjølvsagt ikkje avklart kva adressa var. Og då me kom til byen, fungerte ikkje simkortet på telefonen min! Kjøpte eit tysk simkort, men det fungerte heller ikkje. Så der stod me blant 4 millionar tyskarar og ante ikkje kor me skulle.

img

Her stod vi ved Brandenburger Tor. Hånd i hånd som om det var i går. Men kor skulle me bu??

Men det var tross alt jul. Og gode, gamle Gud (eller var det Julenissen) fann ei råd for oss. For søstrene Sisters sprang òg rundt, lettare nervøse og lurte på korleis dei skulle finna oss. Dei bestemte seg for å dra innom ein internettkafe og sjekka kva fly me kunne ha kome med. Og der, blant 4 millionar tyskarar, i det eine av millionar av hus...kom dei brått over...oss. To småforvirra nordmenn frå vesle Vadsø som klødde seg i hovudet. På den same internettkafeen.

Hepp!

Berlin søstrene sisters Søstrene Sisters tok godt imot oss. Når dei først hadde funne oss.


Varangertankar goes Berlin

Berlin

Av alle stader. Ingen mørketid og sannsynlegvis ingen snø i jula. Berre storby, kultur og berlinerboller.

Reiser saman med sønnen min. Me har vore ute ein (vinter)tur før. Har reist saman i Finland, Budapest, Kroatia, Malaysia og Mexico. Blant anna. Me veit alt om kva det vil sei å halda ut med kvarandre i tjukt og tynt på langtur. Så ein tur til Berlin er ingen sak.

I Berlin skal me vitja ein kjenning. Så skal me stå under Branderburger Tor og synga;
"Her står vi på Branderburger Tååår. Hånd i hånd som om det var i gååår."
Elles blir det å friska opp skuletysken.
"Mein vater war ein sehr berühmtes spurhund. Aus Düsseldorf".
Den pleier å slå an.

Men først av alt må me koma oss dit. Og det største hinderet er det næraste. Det er meldt opp til full storm i Finnmark i morgon. Kanskje me køyrer rundt fjorden allereie i kveld.
Så fram kjem me vel. Før eller seinare.
"Ich bin ein berlinerbolle. Bitte."

Så nådde vi bunnen...

Mørketidslys

...igjen går det oppad, igjen går det fremad mot lys og mot sol."

Mørketidslys 2

Middag, middag

Det går i middagar for tida.
Laurdag hadde diverse ektepar tatt med seg diverse mat. Eg tok med meg ei reinsdyrsteik. Andre kongekrabbe kokt i utsøkt karrisaus. Atter andre noko innbakt (veit ikkje heilt kva det var) med blant anna røykt reinsdyrkjøtt). Godt i alle fall.

Utover kvelden skilte selskapet lag. Mannfolka byrja å diskutera...ja. Fotball. Nærare bestemt om sønnene sin situasjon i fotballklubben. Kvinnene i selskapet gjekk fort lei av den diskusjonen. Så dei byrja å dansa i stova.
Eg for min del er litt uvanleg i eit slikt selskap. Er ikkje gift. Og berre sånn passe interessert i fotball. Så eg sat litt og diskuterte fotballens framtid. Og var litt utpå dansegolvet. Likar å variera aktivitetane mine.
Kjekt selskap, i alle fall.

Søndag inviterte eg nokre gjester til reinbuljong. Kokt reinsdyrkjøtt med grønnsaker. Buljongen drikk me frå kopp. Brukar å gjera det. Veldig god mat når det er vinter og kaldt.

Og i kveld blei eg invitert til Bidos. Ein slags samisk variant av lapskaus. Med reinsdyrkjøtt.
(...blubb...)

Sommerfuggel i vinterland

Sommarfugl

Sjeldan har vel den sangen passa betre enn i dag!
Blei nestan religiøs då eg såg nå nettopp kva som stod på vindaugskarmen ute på kjøkkenet. Ein sommarfugl!
Kor den kom frå forstår eg fint lite av. Den berre stod der brått.
Og den var levande! Rørte så vidt på vengene.
Men like etter at eg fekk tatt eit bilete, ramla den over på sida.
Dette må vera eit teikn...

promp og prakt

Hadde besøk av ein 7-åring til overnatting fram til i dag, sønnen min og eg.
Og 7-åringen glei rett inn i mannsmiljøet her.
Han demonstrerte nemleg at han hadde lært å prompa med neven under armen. Og med neven under kneet.
Fekk det demonstrert opptil fleire gonger.
Godt gjort!

I kveld skal eg på ein middag med nokre familiefolk.
Trur det blir ein pause i prompelydar ei stund...

Ferie!

sofaferie

Jepp!
Den har starta nå! og varer heilt til over nyttår. Er jo i den heldige situasjon å ha noko meir ferie enn andre yrkesgrupper.
Og det er ikkje eit minutt for mykje.
Føler eg har gjennomgått ein ekstra hard maraton. Og avslutta ved å krypa dei siste fem kilometrane.
Kjenner meg altså temmeleg utslitt. Det er så mykje som må på plass før ferien startar.
Men nå er den endeleg der.
Tid til å lada batteria. Bli klar til å vera på hugget igjen til neste år.
Kjem til å liggja ei god stund på denne sofaen nå...

Fleirkulturelle islykter

Islykt

Er lærar. Og hadde kveldsskule med mine 10 år gamle elevar denne veka. Den blei brukt til å laga is og snølykter til dei som bur på asylmottaket.
Nokre av asylsøkarane kom ut og var med og bygde lyktene.
Islyktene bygde me ved hjelp av frossen vatn i melkekartongar, tilsatt farge. Og frossen vatn i bøtter, kor ein tømmer ut vatn inni som ikkje har frose, og set oppi telys.
Snølykter kjenner vel dei fleste til. Snøballar bygd oppå kvarandre og lys inni.
Etterpå fekk ungane omvisning inne på asylmottaket, servering av kaker og anledning til å gi teikningar. Fleire av asylsøkarane er svært kunstnarlege og lærte ungane teikneteknikk og diverse ting som kan lagast av plastilina.
Ungane kosa seg.
-Æ vil ha mer slik kveldsskole, sa ein.
Og kanskje det heile var eit lite skritt nærare mot verdsfreden...

Snølykt

På ski i mørket

Mørkt fjell

Det går an å gå på ski på fjellet i mørketida.
Ein del går langs lysløypa på nordsida av byen.
Men det mest spennande er å ta ut rett mot nord, opp på mørke fjellet.
Det var litt skispor å sjå. Men eg våga meg ikkje så langt inn i det mørke, før eg snudde og snart hadde lysa frå byen framfor meg igjen.

Byen om kvelden

Lenger nede leika og kosa nokre barn seg i skibakken. Godt opplyst.
det mørke fjellet ropa i det fjerne. Vil snart tilbake dit.

skibakke

Rein til middag og rein til tørk

Reinkjøtt til salting

Har tenkt å gi dykk litt innblikk i reinsdyrets indre anatomi. Og kva ein kan gjera med den.
Biletet over er ribbeveggane som er lagt i saltlake. To liter havsalt, 2 spiseskeier sukker og 20 liter vatn. Kok opp saltet, sukkeret i noko av vatnet. La kjøttet saltast ca eit halvt døgn. (Trur det var slik eg hugsa oppskrifta. Fekk den av selgaren i Varangerbotn.)

Reinkjøtt til tørking

Så er det å henga det ute til tørk. Inne i ein kasse med finmaska netting så fuglane ikkje kjem til. Der heng det i omlag fire månader.
Så er det berre å skjæra det ein treng av tørkakjøttet som snacks.

Reinkjøtt skava

I helga blei det laga finnbiff. Det er kjøtt som er skava av det frosne låret på dyret.
Så er det å bruna kjøttet saman med løk, kvitløk og (sjølvplukka, ja) sopp. Til slutt la det surra ei god stund i fløyte, brunost, ein skvett øl (!) og med krydder.

reinkjøtt middag

Heilt til slutt å invitera gjester.
Og der fekk eg størst problem denne gong. For nestan alle eg kontakta skulle ut på julebord. Og sønnen min blei invitert til overnatting hos ein kamerat. Så der sat eg med all maten...

Reinkjøtt middagsgjest

Men når nøden er størst, er gode, gamle Odd nærast.
På ettermiddagen tikka det inn ei bekrefting frå han;
-Det gjør æ gjerne...

Straum og kontroll

Det er mykje rart ein kan vera nødt til å gjera.
Har for ikkje så lenge sidan vore vakt på eit diskotek blant unge fotballspelarar.
For nokre dagar sidan seldte eg altså juletrær.
Og i går gjekk eg langs ei gate og var "straum-kontrollør".
Alt er gjort fordi sønnen min er med på alt som er av idrettslag i byen. Og alle idrettslaga har sine måtar å tena pengar på.
Blant anna ved å kontrollera straummålarane til folk for Varanger Kraft.

Så då var det å ringa på dørene, visa eit kontrollør-identifikasjons-kort og be om å få sjå straummålaren.
Nokre blei litt forskrekka. Nokre pensjonistar blei glad for besøk og ville gjerne slå av ein prat.
Hos ein afghansk familie ba dei om hjelp til å visa kva dei skulle gjera med ei alt for høg straumrekning. Og som den vante straum-kontrollør viste eg dei korleis målingar kunne sendast på internett.
Far i huset var tydeleg letta og inviterte til kaffe.
Måtte fint takka nei, sidan lista over "kontroll-punktar" framleis var lang.
Men nådde i mål til slutt.

Heime sat sønnen min og såg på tv. Han som var årsak til alt strevet.
-E du ferdig, alt, kommenterte han.
-godt gjort...

Varme i juletida

Hildonen

Sat på bakeriet Hildonen laurdags føremiddag og observerte fem pensjonerte damer som kosa seg rundt bordet.
Bak meg sat tre pensjonerte mannfolk med sine karakteristiske, finnmarkske, lune glimt i auga.
Men det var damene eg observerte mest.
Kor fint dei hadde der. Saman. Alle var så avslappa. Endå ei dame kom inn og bort til dei fem. Ein av dei såg merksamt opp, tok ho på armen og spurte;
-Nu, kordan har du det, nu i mørketida?
-Husk nu på at sola, den kommer nu tilbake.
Ingen fare med mørketid når folk har eit slikt fellesskap.

julemarknad

Rusla etterpå bort til torget der det var julemarknad.
Kjøpte eit par samiske ulladdar, til å ha i skallane (kan fortelja meir om det, ein gong seinare). Det beste til å halda varmen på beina.
Det finnes alltid ei råd mot det kalde vintermørket.

Julegate

Glory, glory Ytrebyen...

glory

Dei sparer ikkje på effektane når julepynten skal opp i Ytrebyen. Lys i alle fargar og nissar glitrar rundt overalt.
Etter det eg kan sjå, er det særleg Ytrebyen som står for dei største lyseffektane her i byen.
Veit ikkje kvifor i tilfelle. Om det er eit kvensk fenomen. Det er mange pensjonistar i nabolaget. Kanskje dei gjer det for å gle julespente barnebarn.

For ein utanforståande kan jo alle effektane virka ein smule glorete.
Men så lenge folka har glede av det sjølv, så er det vel greit.
Og det er jo litt fint då, med masse lys i mørket.

glory glory

Du grønne, glitrende...

juletre

I kveld har eg vore med og seldt juletrær.
Inntekta går til Vadsø Turn Forening. Som forelder følgjer slikt arbeid med når sønnen min er med i diverse idrettar.

Seldte furu frå Pasvik til 250 kr. og edelgran frå Danmark til 370,- Dei fleste ville ha edelt, dansk tre. Så stort som mogleg.

Juletre, ja.
Kongolesarane i byen synes det er veldig pittoresk og rart at me drar skogen inn i stova kvart år.
Endå rarare er det, med tanke på at det så og sei ikkje veks eit einaste furu og grantre i Vadsø. Alle desse trea blir transportert langvegsfrå.

Her er det òg slik, at det kan bli for lite juletre for dei som er seint ute. Ein gong var det skikkeleg krise. Ikkje eit einaste juletre var å oppdriva i byen nokre dagar før jul. Det var reine krigstilstanden. NRK Finnmark sendte ut etterlysing. Om det var nokon som kunne hjelpa byen i nød.

I år trur eg det er nok. Men salet går unna. turnforeningen sel for omlag 10.000 kroner per kveld.
Og då er det vel verdt å frysa tærne litt for ei god sak.

Mobil invitasjon

mobiltelefon

Det er nokre meldingar som er ekstra fine å få.
Som;
-Lyst på middag?
Kameraten, som det alltid er fint å koma til etter ei strevsam helg, sendte den meldinga sist søndag. Og baud på pinnekjøtt. Akkurat det eg trengte. Både maten og selskapet.
Etterpå var det sjølvsagt å slenga seg på sofaen og seia minst mogleg.

I kveld fekk eg denne meldinga frå naboane mine. Invitasjon til kveldsmat.
Og ei slik mobilmelding er som sendt frå himmelen, etter ein lang og strevsam arbeidsdag.
Det beste som finns. Å få slike mobilmeldingar. Og å koma til oppdekka bord.

Filosofering frå eit badekar

Badekaret

Har lege ein time i badekaret. Fjelga meg til eit julebord. Blant kollegaer.
Og har lege der og filosofert over dei nære ting. Over ein kollega.
Fekk melding frå henne i ettermiddag om at ho går ut i permisjon frå nå, litt tidlegare enn planlagt.
Snart skal ho føda barn. Akkurat det har ikkje eg noko med.
Men eg lurte litt på kor mykje det skuldast jobben generelt, og samarbeidet med meg spesielt som gjorde at ho gjekk tidlegare ut i permisjon.
For ho har nok ikkje berre passa på det som høyrer til jobben. Ho har passa ein smule på meg og.

Hugsar ein diskusjon me hadde for nokre dagar sidan.
Det var noko med ei namneliste som eg skulle ha ordna. Men som eg ikkje hadde gjort.
-Husker du ikke det????
Ho såg lett himmelfallen på meg då ho spurte.
Eg blei litt stille, men kom til slutt fram med eit spakt...
-....jo.....
Ho såg på meg, og brast ut i ein lett oppgitt latter.
-Næhæi!!
-Det gjorde du ikke!!!
Eg følte meg som ein guttunge som akkurat var tatt på fersken i å stjela godteri, og som prøvde å koma meg ut av det heile.

Men her eg låg i badekaret etterpå....så kunne eg sverga...at langt der bak i hjernebrasken så meiner eg at eg hugsar noko om ei namneliste.

Men det kan vera det same. Ynskjer kollegaen min alt godt, med fødsel og det heile. Ho får sikkert ein del å passa på der og.

Og nå er det snart julebord. Kollega-julebord.

Yngve har fått nytt orgel

Yngve og nytt orgel
Stolt eigar av nytt orgel. Stort skal det vera...

Den orgelfrelste Yngve har skaffa seg endå eit nytt orgel.
Det er noko rart med oss menn som heile tida må ha meir og større av det som interesserer oss.

Frå før er nesten alle veggene dekorerte med diverse orgel i heimen hans. Og alle er gamle og tunge. Eit gammalt Hammondorgel med Leslie (slik som Deep Purple, Uriah Heep m.fl. brukte i hine dagar), analoge synthesizarar, eit gammelt trøorgel og mykje, mykje meir i stova og ute i skjåen.

Har vore med å bore nokre av desse orgla når dei skulle brukast på konsertar. Og dei er tunge! Me var stort sett fire mann som bar ut og inn Hammondorgelet blant anna.

Den einaste staden som har stått open er midt på golvet i den vesle stova.
Og nå er den plassen fylt opp med eit endå større og tyngre orgel. Eit slags radiorøyr-orgel som eg ikkje forstår meg så mykje på. Ikkje virkar det heller. Han må bestilla nye radiorøyr frå Tyskland eller noko slikt.
Og tungt! Fytti!
Det blir aldri aktuelt å bæra det ut til noko konsert. Han og ein kamerat brukte ein og ein halv dag på å få det inn i hus. Listene i døra måtte fjernast...I det heile; forferdeleg mykje pes.

Men fin og ekte lyd blir det nok. Ein dag.

orgel detalj

Første vinterstorm

Uvær inne

Vakna til den første, nesten skikkelege vinterstormen for nokre dagar sidan. Låg under dyna og høyrde det plystra ute. Får ikkje akkurat lyst til å stå opp av den lyden.
Vindauget i stova ga beskjed om værtype. Og på radioen kunne dei melda om diverse kolonnekøyrde og stengte vegar over fjell og langs kysten.

Noko veldig uvær i Vadsø var det eigentleg ikkje snakk om. Ikkje i forhold til den gong ein orkan flytta eit hus i byen. Eller den gong alle gjestene på byen måtte transporterast heim med scooter, fordi brøytebilen ikkje klarte å få unna snøen. Eller den gong då alle blei oppmoda om å halda seg heime, for eigen tryggleik.

Eg kunne trygt gå ut og på jobb i dette uværet. Men kledde på meg min varmaste scooterdress (har ikkje scooter, berre dress), tok med kamera, slik at de sørpå kan få litt innblikk i ein finnmarksk kvardag.
Og det er faktisk litt koseleg inni scooterdressen når det føykar rundt meg.

Uvær

Reinskrotten på plass

Reinskrott

Så er årets reinskrott kjøpt.
Var hos John Arne i Varangerbotn i går og gjorde ein grei handel. John Arne bur i eit lite hus oppi skogen innerst i fjorden. Og har fleire skrottar hengande i stabburet sitt.

Det at reinsdyr stort sett et lav, gir kjøttet ein særeigen smak. Det er magert og fint, og tåler lang tids lagring i fryseboksen.

Nå blir det å dra til nærbutikken til Gunnar og få skrotten partert.
Etterpå skal noko av kjøttet saltast og hengast ut til tørk. Fekk nokre gode tips frå Varangerbotn.
Så snart blir det finnbiff, steik, buljongkjøtt og tørkakjøtt i vintermørket.
Nam!

Grisefest før og etter

Festbord

Var på grisefest fredag. Berre menn rundt eit langbord. Middagen bestod av ribba til Nasse Nøff, eller kva dyret heitte. Dermed skulle det vera duka for skikkeleg griseri, skulle ein tru.
Men det var ordna former på denne festen. Styrt som eit årsmøte av verten. Kokken tok på seg tilleggs jobb som sekretær, med innlagt tale-skarre-feil.
-Ja, da skrrriver jeg det ned i prrrotokollen, gjentok han ganske ofte.
Den talefeilen haldt han ved resten av kvelden, slik at enkelte trudde den var medfødt.
Så var det kåring av årets gris. Og veging av den tyngste (vinnaren var på 118 kilo).
Enkelte grisevitsar blei det utover kvelden. Men ikkje meir enn det bør vera.

Laurdagen blei for min del brukt til å finna meg sjølv igjen.
Og søndagen tok eg turen bort til griseverten igjen. Der var det rydda og vaska.
Å vera hos ein kamerat ein søndags ettermiddag er svært annleis enn ein fredags fest. Det er veldig roleg, kan me trygt sei.
Så me låg på kvar vår sofa og såg på, ja, nettopp, fotballkamp på tv.
-Dæven, det var eit bra mål.
-mm.
Me seier ikkje så mykje til kvarandre ein slik ettermiddag.
-Eg likar å halda kjeft saman med deg, sa han ein gong.
Og når det er fotballkamp seier me veldig lite.
-Kor var du resten av helga, spør den eine.
-Næææii...., svarar den andre.
Så seier me ikkje meir på ei stund.
-Korleis er det med deg og kjærleiken, då, spør den andre.
-Næææii...., svarar den første.
Etter ei stund er fotballkampen ferdig. Det eine laget har vunne. På tide å rusla heim.
-Snakkast.
-Mm...

TV

Å blåsa i glaset

glas

På Hermetikken er det utstilt maleri, fotografi, sølvsmykker og pyntegjenstandar av glas, i anledning Kulturdagane.
Det siste blir laga av Daniela. Ho er opprinneleg frå Sveits og sidan 1989 busett i Berlevåg.
Ho er ei av dei som har klart å livnæra seg av handtverket sitt. ein finn den arktiske inspirasjonen hennar i alt ho har laga av glaset.

Glas av Daniela

Nå her ho i Vadsø og demonstrerer produksjonen sin. Dei som vil, kan òg få prøva seg på kunsten å blåsa i glaset.

Glas nært

Glade amatørar

Kunstutstilling Hermetikken
Frå kunstutstillinga på Hermetikken

Det er amatørar som stort sett får utfalda seg under kulturdagane i Vadsø. På Vårbrudd, Hermetikken og andre stader finn ein kunst i forskjellige format.
Ungar som går på Kulturskulen får utfalda seg midt på dagen. Og ein av kveldane stemte asylsøkarar i med både norske og afghanske, sjarmerande sangar, blant anna "Mykje lys og varme".

Onsdag var det korkveld på Samfunnshuset. Unntak frå Nesseby/Tana mottok trampeklapp for si rundreise i norsk, svensk, finsk, russisk og samisk musikk.
Verdas mest sjarmerande bussjåfør, Burre var solist då Vadsø Mannssangforening stemte i med "Jag trivs best i (Vadsø`s) öppna landskap". Burre er ein rørsleg kar. Nå pensjonert, men tidlegare høgt elska av alle ungar som tok skulebussen. Og som, etter eit par host og ein støyt mineralvatn, lot sin kjærleik til det opne landskapet ljoma ut i lokalet.
Ein gjeng sjarmtroll er dei heile gjengen, dette mannskoret, med sine raude genserar, lange livserfaring og djupe, røyster.
Det stødige OmSåKor runda det heile av med blant anna sangar om krigen i Finnmark, og ein afrikansk sang.

Og nå er det mange folk ute på konsertane. Endeleg.
Eg trivest og best i ope landskap. Og saman med kollegaene mine, amatørane.

Farvel til sola

Mørketid og luftskipsmast

På tide å ta avskjed med sola.
Ho er rett og slett borte frå nå.
Fram mot romjula blir det berre mørkare og mørkare.
Skal ein leita etter lys i tida framover, så kan det skimtast frå Luftskipsmasta ute på Vadsøya. Byen elles gjer òg sitt beste for å halda mørket på ein viss avstand. Og himmelen gir fargenyansar, laga av sola, langt der borte.

Den mollstemte musikken er ofte den finaste heiter det. Det gjeld vel mørketida òg.

Mørketid og by

H med lys
januar 2007
ma ti on to fr
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31
hits